Kvinner, film og nye perspektiv

Det er noko heilt spesielt med å snakke om film. Det har vore ein del av livet mitt så lenge eg kan hugse. Allereie på barneskulen måtte lærarane ofte skille meg frå min filminteresserte ven, ein gut. Me kunne ikkje sitje i lag – filmpraten tok overhand. Gjennom ungdomsåra og vidare i livet blei det stort sett gutar eg snakka film med. Då eg var 16 og byrja å bli meir kjend med jenter, var det sjeldan eg møtte nokon som snakka om film med same lidenskap. Det fanst nokre få, men dei var sjeldne

Kvinner er utan tvil det sterke kjønn – det viser både erfaringar og historier. Ofte høyrer ein uttrykket: “Bestemor var ein bauta.” Kvinner held ofte familien saman, tek ansvar, viser større uthald, og handterer stress og kriser betre enn menn. Dette er i alle fall mi erfaring.

Katheryn Bigelow – stødig i eit mannsdominert yrke

I andre kreative kunstformer som musikk, litteratur, foto eller biletkunst, har eg hatt mange gode samtalar med kvinner, særleg innan musikk og foto. Men når det kjem til film, verkar det som om samtalane ofte blir dominert av menn.

Film og dei mannsdominerte klubbane

Kvifor er det slik? Kan det skuldast at filmbransjen har vore dominert av menn i over hundre år? At det stort sett er menn som har fått regissere, produsere og skrive manus? Kanskje har dette gjort at fleire menn enn kvinner blir tiltrekte av dette kunstmediet.

Eg kan utan problem skrive ei liste over dei 100 beste mannlige regissørane. Å komme opp med 10–20 kvinnelige regissørar går òg greitt. Men om eg skulle nemne 10–20 kvinnelige manusforfattarar, filmmusikkkomponistar eller filmfotografar utan hjelp frå Google, måtte eg gitt opp.

Kathryn Bigelow

Heldigvis har ting endra seg sidan tusenårsskiftet. Fleire kvinner har fått sjansen til å prøve seg i filmbransjen. Kathryn Bigelow, til dømes, vart den første kvinna som vann ein Oscar for beste regi, med The Hurt Locker i 2006. At det tok så lang tid, er nesten uhøyrt.

Tid for endring

Menn har dominert filmen i over eit hundreår. Eg meiner tida er inne for å gi kvinnene nøklane til kongedømet og la dei dominere filmkunsten dei neste 100 åra. Hadde eg hatt ein knapp framfor meg som kunne gjere dette til røyndom, hadde eg trykt på han utan å nøle. Filmverda treng ei ny, spennande vending.

Realistisk sett vil denne utviklinga ta tid. Eg fyller 50 i år og håpar å få oppleve fleire meisterverk av kvinnelige filmskaparar før tida renn ut.

I 2025 har eg bestemt meg for å fokusere på filmar regissert av kvinner og dele erfaringane mine undervegs. Her er ei av mine kvinnelige favorittregissørar som eg allereie kjenner godt til.


Kathryn Bigelow – pioneren

Kathryn Bigelow må nemnast først, fordi ho har vore ein del av livet mitt sidan 1988. Eg oppdaga hennar film Near Dark (1987) på leigehylla. Denne råkule vampyrfilmen er ein personleg favoritt og blir av mange rekna som ein av dei beste vampyrfilmane gjennom tidene.

Blue Steel (1990) er ein annan film eg hugsar godt. Jamie Lee Curtis spelar ein nyutdanna politibetjent som drep ein kriminell på sin fyrste dag på jobb. Ron Silver, som spelar vitne til hendinga, tek pistolen til den kriminelle og set Curtis i ein svært vanskeleg situasjon. Eg bør snart sjå han igjen, for slike psykologiske thrillerar elskar eg.

Så kjem Point Break (1991), ein banebrytande actionfilm eg såg på kino og seinare kjøpte på Laserdisc. Med si innovative action har han blitt ein klassikar.

Bigelow er også kjent for Strange Days (1995), ein dystopisk science fiction-film med Ralph Fiennes i ein heilt unik rolle. Filmen gjorde eit enormt inntrykk på meg.

Ubåtfilmar, ofte sett på som «den mest macho filmtypen», var heller ingen utfordring for Bigelow. Med K-19: The Widowmaker (2002) leverte ho ein solid film med Harrison Ford og Liam Neeson i hovudrollene.

Bigelows mest kjende filmar er kanskje The Hurt Locker (2008) og Zero Dark Thirty (2012). Begge filmane er mesterverk. Spesielt The Hurt Locker gjorde eit enormt inntrykk på meg då eg såg han på kino i Trondheim. Jeremy Renner si skodespelarprestasjon som ein adrenalinsøkande mineryddar var uforgløymeleg.

Kathryn Bigelow er ein filmskapar eg alltid har hatt stor respekt for. Ho var gift med James Cameron, og saman delte dei på skodespelarar – kanskje den perfekte «double feature» er Aliens og Near Dark.


Dette er berre starten på reisa mi med kvinnelige regissørar. Eg ser fram til å oppdage fleire talent og dele mine erfaringar undervegs, samt dele om dei eg kjenner godt frå før.

James Cameron og Katheryn Bigelow