OM Filmloftet

Namnet er ikkje tilfeldig. Etter førti år med ein brennande lidenskap for film, har hovudet mitt vorte eit slags arkiv – eit loft fylt til randa med filmar, scenar, karakterar og tankar. I fleire år har desse tankane funne vegen til plattformer som Bluesky, Twitter, Reddit og Instagram. Men éin draum har alltid vore der: å skape ein heilt eigen heim for denne filmlidenskapen.

Filmloftet er realiseringa av denne draumen. Dette er mi personlege filmdagbok – ein stad der eg kan utforske og dele analysane, refleksjonane og den reine gleda eg finn i filmkunsten. Eller korte anmeldelser slik som frå Letterboxd: Systemloggen

Som filmelskar busett ute på bygda, har eg spesialisert meg på den gode heimkinoopplevinga. Eg trur ein film verkeleg viser sine sanne fargar når han kan sjåast vekke frå hypen i opningshelga, på ein knallgod 4K-skjerm, der ein verkeleg kan studere handverket. Filmloftet er derfor ei hyllest til filmen slik vi opplever han aller mest: heime. Men altså, eg har sett over 500 filmar på kino – det er berre at no er eg i ein annan livssituasjon.

Framtida!

Og kva ber framtida med seg? Kanskje blir knitringa frå ein gammal filmprojektor bytt ut med lyden av ein mikrofon. Ein podkast er absolutt ein del av visjonen for vegen vidare. Takk for at du stikk innom loftet. Eg håpar du finn noko som engasjerer, inspirerer eller tenner ein ny filmdiskusjon.

NYTT! Skrivepartnarar: Bjørn «Fokkings» Dennehy og «Ator» Dahlstrøm

Ator og eg møttest i herrens år 1982 – på barneskulen (i same klasse) i Herøy, ute på den forblåste sunnmørskysten. Det tok ikkje lang tid før praten gjekk – filmprat, altså. Vi vart bitne av filmbasillen på nøyaktig same tid, nede i videosjappa på Eggesbønes. Ator hadde éin stor fordel: Han budde berre eit steinkast unna!

Gjennom barne- og ungdomsskulen var det heilt naturleg å henge i sjappa på fritida, alltid oppdaterte på kva som stod i hyllene. Film var livet vårt.

Bjørn Dennehy blei eg kjent med på ungdomskulen. Han minte meg om John Bender, men det var først etter han gav meg filmen (The Breakfast Club) og sa til meg «SJÅ HAN». Første samtale vi hadde var om actionfilmen «Commando» – dette var på ein busstur etter skuletid anno 1988. Sidan har vi prata om film og laga film. Han likar å slakte moderne filmar og er ein 100% pur videosjappegubbe!

Eg storkosar meg med å ha med desse to på filmreisa her på Filmloftet. Og eg håpar andre kosar seg med galskapen vi skriv.

Filmloftets Frank
Frankenstenersen – ja, meg.