FILMDAGBOKA
Årets Spooktober 2026: Ein månad med skrekkfilm
Oktober har kome, og årets Spooktober er i gong. Blada har falle frå trea her på øya eg bur. Vinden og regnet piskar mot vindauget og det blir mørkare og mørkare ute….
Kva filmtype er du? Den store guiden til filmentusiastar (Del 2)
Då er vi i gang igjen! I første del tok vi eit djupdykk i alt frå videosjappe-gubbane til format-feinschmeckarane. Men filmmiljøet er stort, og det finst endå fleire artige filmtypar og filmfrelste…
John Carpenters samarbeidspartnarar
Når ein hyllar nokon under ein stor John Carpenter-månad, er det utruleg viktig å inkludere dei som faktisk var med på laget hans. For utan desse venene og kollegaene hadde kanskje Carpenter…
Filmloftet Eksklusivt: Mini-Q&A med sjølvaste John Carpenter!
Som ein del av vår store John Carpenter-månad her på Filmloftet, der vi hyllar regissøren i heile september, bestemte eg meg for å prøve noko heilt vilt. Omtrent samstundes som vi sparka…
Kva filmtype er du? Den store guiden til filmentusiastar (Del 1)
Før i tida var det enkelt. Møtte du ein som var glad i film, kunne ein snakke film resten av dagen. Som regel likte vi dei same filmane; dei som vi leigde…
Carpenter for nybyrjarar: 5 filmar du må sjå først
Kva med å lage ein guide for folk, spesielt yngre, som ikkje kjenner til Carpenter så godt? Ein slags Carpenter for dummies, tenkte eg. Det viktig å presisere at ting ofte må…
John Carpenter-månad: Filmloftet hyllar The Master of Horror
John Carpenter har nettopp sluppe eit flunkande nytt album: Cathedral. I den samanhengen skal Filmloftet hylle verdas beste regissør heile september! Ator og eg kjem til å grave djupt i filmane, musikken…
Mitt kjærleiksbrev til VHS-æraen
Eg har brukt dagane på å gå gjennom bilete frå Norskvhs.no. Titusenvis av bilete av VHS-cover frå mi beste filmtid: VHS-æraen. For kvart cover eg ser, er det som å kaste ved…
Chinatown (1974): den siste store Hollywood-filmen?
Chinatown er ein type film som er vansklegast å skrive om. Desse gylne og klassiske filmane som står som oppreiste statuar frå åtti- og nittitalet. Bøker har blitt skrivne om dei, og…
Statusrapport frå maskinrommet
Filmblogging er meir enn berre skriving! Mykje av tida går no med til å mekke på Filmloftet inne på WordPress. Slik som Sam Neill i Event Horizon (framsidebildet) Med ein gong eg…
Tommel opp og tommel ned
Nyheiter: frå no av gjev eg tommel opp eller ned. Ikkje at nokon bryr seg i dette vidstrakte landet, eller ute på bøljan blå, om kva ratingsystem eg brukar. Eg har i…
Har filmfansen blitt som fotballsupporterar?
I herrens år 2008 byrja eg å følgje med på fotball, etter å ha vore ivrig ANTI i så mange år. Det var fordi så mange i arbeidsmiljøet snakka om fotball døgnet…
FILMDAGBOKA
Velkomen til Filmdagboka, maskinrommet på Filmloftet. Til vanleg skriv eg filmmeldingar om det som skjer på lerretet her og no. I Filmdagboka tek eg derimot eit steg tilbake. Eg vil gruble litt over kvifor vi brukar så mykje tid i mørkret framfor ein skjerm. Dette er den heilt personlege dagboka mi. Her er det rom for dei lange tankane og djupe dykk ned i filmhistoria.
Her kjem eg tett på sjølve kjernen i filmlidenskapen min. Det handlar om den magiske kjensla i ein kinosal. Eg skriv om den djupe roa filmen gjev, men òg om frustrasjon. For av og til kan den indre kritikaren din rett og slett øydeleggje ei god filmoppleving. Eg trur at film er meir enn berre underhaldning. Han er ein spegel på kven vi er. Filmen fortel oss noko om korleis vi ser på verda rundt oss.
Frå nostalgi til moderne filmkultur
I Filmdagboka er ingenting for stort og ingenting for lite. Her finn du tankar om Oscar-utdelinga. Eg deler historier om filmnettsider eg likar å henge på. I tillegg kjem eg med tankar om korleis det står til med filmen no på 2020-talet. Eg brenn for dei gode filmsamtalane. Dei kan handle om alt frå absurde komediar til den klassiske kjensla av at alt var mykje betre før.
Det er òg her eg er på mitt aller mest personlege. Eg har skrive om korleis Filmloftet vart til. Trangen til å skape noko heilt eige voks fram frå ei vanskeleg tid. For meg er det å skrive om film ein veg til både glede og innsikt. Eg håpar du vil bli med meg på denne reisa djupt inn i filmhjartet. Så inntil vidare legg vi vekk terningkasta. I staden kan vi snakke om kva filmane faktisk gjer med oss.











