Kva filmtype er du? Den store guiden til filmentusiastar (Del 2)
Då er vi i gang igjen! I første del tok vi eit djupdykk i alt frå videosjappe-gubbane til format-feinschmeckarane. Men filmmiljøet er stort, og det finst endå fleire artige filmtypar og filmfrelste der ute i verda. Velkomen til del to og siste kapittel i vår uformelle, høgst uoffisielle og svært generaliserande guide til filmentusiastar i Noreg.
Dei siste, men ikkje minst viktige typane
Headbangers filmballar!
Denne typen ser ein overalt på sosiale medium. Dei gjer kun to ting i livet: høyrer på metal og ser skrekkfilm. Lucio Fulci er ein Gud, og ingen ser meir skrekk enn denne typen. Dei sluker alt, uansett land. Høyrt om Guinea Pig frå Japan? A Serbian Film frå Serbia? Kva med The Human Centipede? For dei er ikkje dette skrekkfilm, men romantisk film. På julaftan ser dei ikkje julefilmar, då er det New French Extremity-grøss i staden for Donald Ducks jul. På julekvelden går det i italienske kannibalfilmar saman med ribba!
Møter du dei på gata ser dei ut som satans barn, med mørk sminke og kjettingar. Sanninga er at du ikkje finn meir hyggelege folk her i verda. Bak black metal-sminka eller goth-imaget finn du eit lurt smil og god humor. Dei elskar harde filmar og hard musikk fordi verda er hard. Å sjå blod og gørr med feite og raske metalriff er ein overlevingsmekanisme like mykje som ein lidenskap – noko å gjere i eit samfunn fullt av liding. Best av alt: mange av dei elskar John Carpenter!

DVD-boomerane
Desse kom like etter videosjappe-gubbekjerringane. Dei fekk akkurat med seg videosjappe-storheita på tampen av nittitalet som barn. Då dei blei tenåringar og utover, blei DVD deira go-to format. Aldri før har det blitt selt så mykje film! Dei oppdaga Play.com, og alle filmane frå denne tida står framleis i skapet deira i dag – om dei ikkje dumpa DVD-ane på Finn, gjekk over til Netflix og blei sofastrøymarar i staden.
Deira største styrke var allsidigheita! Dei har sett og kjøpt alle dei store klassikarane frå IMDb Top 250 (nittitalsversjonen av nettstaden, ikkje den moderne). Heltane deira er Sergio Leone, Stanley Kubrick, Francis Ford Coppola, Quentin Tarantino, Steven Spielberg & CO. Filmar som Network, 12 Angry Men, Once Upon a Time in America, Forrest Gump, The Shawshank Redemption, og film nummer éin: The Lord of the Rings. LOTR er dei beste nye filmane i deira generasjon, og den siste verkelege store kinoopplevinga. Gubbekjerringane hadde Star Wars, no fekk boomerane si eiga store kulturelle oppleving i Ringenes Herre. Som videosjappegubbane saknar dei litt gamle dagar, men eg fryktar mange av dei har blitt gjort effektivt likegyldige då gamle-Erik-Netflix tok over vanane og sjela deira. Ja, eg trur dei per i dag har drukna heilt nedi sofaen.

Festivalfanatikarane
Som namnet seier: dei elskar filmfestivalar, og dei er sosiale vesen. Det er her dei ser aller mest film. Magnus, som kommenterte «Den store guiden til filmentusiastar – Del 1», var inne på noko sentralt. Magnus skreiv:
«de er å se på BIFF og på andre festivaler og kinoer over hele landet. De ser mest film fordi de er samfunnsengasjerte og identifiserer seg som kulturelle. De liker «god film», ikke underholdningsfilm. Men innerst inne er det den kulturelle eksotismen som de synes er spennende, gjerne hjertevarme og egentlig ganske generiske filmer pakket inn som internasjonal kunstfilm. Filmer fra et distrikt i Italia eller Frankrike selvsagt det aller fremste.»
Ja, filmfestivalfanatikarar er ein sær, liten rase. Du finn dei som regel på ein filmfestival – nær der du bur!
Filmnomadane
Desse er ekte vagabondar. Å sjå film på ei lita bærbar datamaskin gjer dei ingenting. Dei elskar å sjå film på fly, eller på bussen. Skjermstorleik betyr fint lite for ein rullande stein som ikkje er bunden til hus eller samfunnet generelt. Dei ser film der vinden tek dei. På laptopen sin frå eit anna tiår ser dei DVD-filmar som er kjøpt på bruktmarknaden, før dei gir filmane vidare til reisefrendane sine. Mest av alt lastar dei ned filmane gratis. Desse er kanskje Format-feinschmeckaren sin aller største fiende: nomadane «stel» gjerne, og betalar aldri for film om dei kan unngå det. Du kan sjå dei på kafé, i eit hjørne med øyretelefonar på og PC-en oppslått, der dei sit og chillar med ein film.
Desse moderne hippiane er vanlegast å finne i storbyar, eller i utlandet på backpacking kor dei plutseleg kjem heim etter å ha vore forsvunne i tre månadar. Då kjem dei gjerne heim solbrune, med feitt hår og fletter, mokasinar eller flip-flops – pluss mykje rart rundt handleddet, av typen gatekunst frå Peru. Når dei endeleg er heime i Noreg kan dei sjå ein del film frå landet dei var i, heilt til dei går tilbake til å laste ned dei nyaste kinofilmane. Dei ser alt av filmar, endåtil dei filmane ingen andre ser på streaming – heilt nede på lista. Til dømes av typen Sharknado (2013)

Ikonoklastane
Ingen hatar gamle filmar meir enn ikonoklastane, og dei skrytar hemningslaust av dei nye. Desse filminteresserte dukka for alvor opp under kulturrevolusjonen for ti år sidan, og er ekstremt nyliberale. For dei handlar det om at alle filmar skal vere korrekte ifølgje vestens agenda, der politisk korrektheit er viktigare enn eit godt plot og shady karakterar. «Gamle filmar er utdaterte, punktum!» – det er kampsaka deira.
Desse filmfrelste elskar alt som er nytt. Dei kunne glatt ha brent alle filmar frå før 2017 på bålet. På ein måte er dei jo ganske positive til tida vi lever i, men dei blir fort negative når dei barkar i hop på open gate mot videosjappegubbane og dei cinefile. Kanskje har dei roa seg litt på den fronten no, då ting er litt meir nøytralisert i kulturkrigen. Men eg trur nok dei sit i holene sine og kvesser våpena, klare for ny krig i dei komande åra.

Kven kjente du deg igjen i?
Dette var del to av filmtypane i Noreg, og siste del. Det finst heilt sikkert enno fleire typar der ute! Berre sleng kandidatane dykkar i kommentarfeltet. Eg hadde nokre til på blokka, men dette er no eit lukka kapittel. Filmbros orkar eg berre ikkje å skrive om.

