Monique van de Ven og Rutger Hauer foran speilet i filmen Turkish Delight frå 1973.

Anmeldelse: Turkish Delight (1973) – grenselaus kjærleik

Eg vil starte mine tankar med eit sitat frå Rutger Hauer frå Blade Runner: «I’ve seen things you people wouldn’t believe». Her i Turkish Delight såg eg ting eg aldri før har sett. Denne vesle filmen frå Nederland på syttitalet av Paul Verhoeven er kanskje den beste filmen eg har sett i år. Eg skal prøve mest mogeleg å ikkje spoile slutten, som er ein meisterleg slutt.

Filmen startar med ein naken Hauer i senga. Eg forstod ingenting, kva er dette? Ein slasher? Hauer drep forskjellige menneske og skyt ei kvinne i hovudet. Det tok meg lenge før eg forstod at karakteren har hjartesorg og all myrdinga er fantasi og draumar frå ein knekt mann.

Karakteren hans heiter Erik Vonk. Ein ung, blond og langhåra kunstnar som lever fritt på kanten av samfunnet som han ikkje har lyst å vere ein del av. Han ligg i senga naken, ballar og penis og alt! Kikar på eit bilde av ei dame utan BH på kommoden ved sidan av senga, slikkar baksida og klistrar det på veggen. Så ronkar han – men Verhoeven lèt vere å vise ereksjon (og penetrasjon) – heldigvis. Det Hauer gjer her, er på grensa, men aldri over.

Ein poster av Paul Verhoevens Turkish Delight.

Rundbrennaren og hjartesorga

Rutger Hauer kastar seg maks inn i karakteren som rundbrennaren Erik. Eg trur eg aldri har sett så mykje nakenheit i ein film som ikkje kallar seg porno før. Han stikk på byen og vi får mange scener med forskjellige damer han tek med heim. Men uansett kor mykje knulling det blir, får han ikkje vekk hjartesorga han berer på, og dei andre damene skjønar det. Så hoppar Verhoeven tilbake i tid, og vi får sjå kva det var som øydela stakkars Erik.

Nokre år før går kunstnaren gatelangs i Amsterdam. Ein kabriolet kjem forbi, og han hoppar opp i baksetet og spør om å få haike. Olga seier ja. Dei har sex i bilen og Verhoeven brukar vindusspylarvæske ganske effektivt. Har nokon sett Alle Elsker Mary (1998)? Vel, Farrelly-brørne har i alle fall sett Turkish Delight: Erik tar att buksesmekken og testiklane kjem i vegen: au! Så endar heile bilturen med eit krasj – og Erik berer kvinna og får hjelpt ho.

Monique van de Ven og Rutger Hauer i filmen Turkish Delight.
Monique van de Ven og Rutger Hauer i Turkish Delight

Ein kjemisk eksplosjon av sex og skit

Eg skal ikkje beskrive for mykje. Dei blir i lag, giftar seg og ho flyttar inn til han. Erik er ein veldig gal og sprø karakter. Men Olga er endå meir gal og sprø. Saman er dei ein virvelvind, ein kjemisk eksplosjon som oppstår når to potente stoff blir miksa. Dei pular ti gongar for dag, og Erik blir aldri lei av å sjå på rumpa til Olga. Når dei ikkje har sex, gjer dei galne ting på byen akkompagnert av ein lystig plystremelodi.

Mora til Olga hatar Erik, men må akseptere den promiskuøse kunstnaren når han frir til dottera. Faren, derimot, er ein snill mann og vil det beste for dottera. Det blir bryllaup, sjalusi, krangling og meir knulling.

I ei scene går Olga på dass og skit – ho får full panikk når ho ser blod og roper i panikk. Erik løftar eine driten opp, inspiserer og gliser, og seier: «Det var raudbetene frå i går». I scena før ho gjekk på dass, sa han at han ville slikke ho rein etter ho var ferdig. Ja, dette er ikkje ein film ein ser med svigermor. Verhoeven, Hauer og Monique van de Ven pushar grenser, men filmen imploderer aldri. Han blir berre betre og betre for kvart femte minutt!

Meir enn berre provokasjon

I ei scene er vi på utsida av eit sjukehus kor Erik skal avduke ein statue han har laga med kona som modell. Dronninga kjem, alt må vere tipp topp. Ei knall scene! Så er vi på ein kinesisk restaurant med familien til Olga. Ein overraskelsesfest for Erik, og eg kjende stresset. Rommet er raudt, alle er dritings og ler valdsamt. Olga flørtar med ein mann, noko Erik får med seg. Det er ei fantastisk scene, og presset bygger seg opp i kunstnaren til han spyr på alle gjestene – og rasar ut fly forbanna og rasande, full av sjalusi. Meir skal eg ikkje skrive eller røpe. Her skjer det mykje, og for å få mest ut av filmen er det best å stoppe her.

Monique van de Ven ligger begravd i sanden frå filmen Turkish Delight.
Monique van de Ven i sanden (Turkish Delight)

Dette eg skriv høyrest ut som ein film som vil provosere og sjokkere. Men det er berre litt av filmen. Her er ein varme eg knapt har sett maken til. Galskapen er ein del av ei fridom desse to har, som få av oss får oppleve – men under all nakenheit, skit og sex er det noko reint og pur kjærleik som blir forsterka jo lengre filmen varer.

Fullstendig på kne

Varmen eg snakkar om kjem sakte. Under siste halvtimen havna eg fullstendig på kne, røyrt av forteljinga. Og forteljinga er om to unge menneske, som vi får kike inn vindauget til – nesten usensurert – i ein og ein halv time. Under Turkish Delight blei eg sjokka, røyrt, sint, trist, flirte – nesten alle menneskelege kjensler PÅ HALVANNAN TIME!!! Meir truverdige karakterar finn du ikkje!

Rutger Hauer som Erik er den beste rolla eg har sett han i. Og ho som spelar Olga, Monique van de Ven, spelar like godt, om ikkje betre! Saman slår dei samtlege Oscar-vinnarar frå dei siste tjue åra! Dette er skodespel på høgde med Gena Rowlands i A Woman Under the Influence (1974)!

Turkish Delight er ein av dei beste filmane til Paul Verhoeven, som her gav meg eit filmspark opp til sjunande himmel. Dette er eit unikum av ein film. Så rå, så full av liv og energi at eg kunne slutta å sjå film og seie meg nøgd med denne for evig og alltid. Dette er ekte film. Dette er eit must for alle filmfans. Eg skal forkynne og spreie ordet. Paul Verhoeven er eit geni.

Terminal-pila: ◀◁ 

2 Comments

  1. Liker entusiasmen din, og denne lesningen gjorde at jeg fikk økende lyst på Turkish Delight-gjensyn. Det er vel sikkert 15 år siden jeg så den, og det var virkelig noe helt for seg selv, ja. Og etter inspirasjon fra siste Z-utgave har jeg allerede lagd meg en erotiske filmer-watchlist. Turkish Delight er veldig aktuell for den bunken nå!

    1. Takk, Trond! Ja, denne var for meg ekstraordinær! Den er ein slags hybrid av to store favorittar: 9 ½ Weeks (kjensla av mektig og sjølvdestruktiv kjærleik) og den enkle (men kunstnarlege) skildringa av to vidt forskjellige menneske frå Ali: Fear Eats the Soul – eg tenkte litt på Fassbinder under denne, og den franske nouvelle vague.

      Har grubla på Turkish Delight i heile dag, og kor mykje som kan tolkast – men som eg ikkje kan snakke om pga. spoiling. Likte veldig godt The Orange Soldier. No har eg att Spetters og The Fourth Man (1983), som eg gler meg stort til. Men dei kan umogleg vere betre enn Turkish Delight. Vi får sjå!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *