REGISSØRAR
John Carpenter – ein hyllest
Då er den store John Carpenter-månaden vår herved over. Eg har samla lenkjer til alle artiklane heilt nedst i denne posten, slik at du kan dykke ned i arkivet. Frå no av…
Walter Hill – Den lakoniske actionmeisteren
Walter Hill er ein actionmeister, og her på Filmloftet skal han hyllast og skrivast om – så lenge eg lever! I motsetnad til karakterane han skaper, skal eg ikkje vere lakonisk, men…
Nyheit – ut med Gjestar inn med Regissørar
Regissørar er viktige. Filmane eg likar best har eit tydeleg auteur-avtrykk. Ein distinkt stil frå ein regissør som gjer ting på sin heilt eigen måte. Som å oppdage eit nytt favorittband. At eg berre må sjekke ut resten av katalogen!










Det finst utruleg mange gode regissørar. Dei tronar øvst på filmpyramiden med skodespelarane like under. Sjølv om eg er delvis samd med Kael i at alle er like viktige og at film er teamwork (dette må eg skrive eit eige innlegg om!), er det regissørane eg har aller mest dilla på. I den fysiske filmsamlinga mi dominerer dei. Alt er fint organisert kronologisk etter årstal, og dei får alltid heidersplassen på den beste hylla – den hylla eg er mest stolt av å vise fram her i heimen.
Så eg kjem til å skrive MYKJE om regissørar her på Filmloftet. Første blir John Carpenter og Walter Hill.

