Walter Hill og John Carpenter: To sider av same westernmynt
Desse to regissørane har vore med meg heile livet, og eg er ein enorm fan av begge. Begge er sjangerregissørar, men opererer i kvar si avdeling. No vil eg ta eit lite djupdykk i stilen og filmkatalogen deira, for eg synest dei er to like barn av same ulla.
Er dei eigentleg western-regissørar?
Eg har sett intervju, og dette har dei absolutt til felles: Begge to elskar westernsjangeren, og dei har teke han med seg inn i sine eigne filmar. Walter Hill sine favorittar er som følgjer: John Ford, Raoul Walsh, John Huston, Sam Peckinpah og Sergio Leone. John Carpenter er veldig glad i Alfred Hitchcock, John Ford, Robert Aldrich og Billy Wilder. Men ein regissør dei verkeleg har til felles, er Howard Hawks.
Roger Ebert kalla Howard Hawks for «one of the greatest American directors of pure movies». Hawks står bak regien av Scarface (1932), His Girl Friday (1940), Red River (1948), Rio Bravo (1959) og ikkje minst var han med på å skape The Thing from Another World (1951). Eit kjapt blikk på desse titlane viser at her finn vi sjangrar av alle sortar, frå krim til skrekk. Alle filmane er klassikarar. Her har vi altså ein regissør som verkeleg meistra sjangerfilmen!
Det som fascinerer meg mest med Howard Hawks, er det som blir kalla the Hawksian woman, eit omgrep i filmteorien skapt av filmkritikaren Naomi Wise i 1971. Kort fortalt handlar dette om kvinner på film som seier det dei meiner, er ærlege og lett kan knuse ein mann i ein diskusjon. Ho blir sett på som «ein av gjengen» heller enn eit sexobjekt, og er tøff som fy.

John Carpenter og the Hawksian woman
Carpenter er kanskje den største Hawks-fansen av dei to, og fleire av filmane hans har beintøffe kvinnfolk. I Assault on Precinct 13 (1976) spelar Laurie Zimmer ei modig skrankesekretær. Adrienne Barbeau er knallrå i Escape from New York og The Fog – eg har vore stor fan av henne sidan! Karen Allen var tøff i Raiders of the Lost Ark (kanskje Spielberg òg var litt Hawksian der?), og i Starman spelar ho ei modig kvinne i møte med eit utanomjordisk vesen i form av Jeff Bridges. Så har vi Ghosts of Mars, der Natasha Henstridge spelar helten, løytnant Ballard.

Walter Hill og the Hawksian woman
Hill er mest kjend for å stappe filmane sine med machomenn fulle av testosteron. I visse filmar er det knapt kvinner med i det heile, til dømes i Southern Comfort der ei gruppe soldatar blir jakta på i Louisiana-sumpen. Men i Johnny Handsome spelar Ellen Barkin (i lag med Lance Henriksen) skurken Sonny Boyd. Ho er ein minneverdig karakter og ein personleg favoritt. Ho er RÅ! For ikkje å gløyme Barkin i Wild Bill (1995) som Calamity Jane.

Amy Madigan spelar den hardbarka sidekicken McCoy til Michael Paré sin Tom Cody i Streets of Fire (1984).
Og så var det Ripley i Alien. Manuset var skrive av Dan O’Bannon og omskrive av Walter Hill og David Giler. O’Bannon hadde notert at mannskapet om bord på skipet skulle vere «unisex», men å gjere Ripley til ein kvinneleg karakter var Giler og Hill si avgjerd, ifølgje dei sjølve. Både Ridley Scott og studiosjef Alan Ladd Jr. har hevda at ideen var deira, men eg vel å tru på Hill og Giler. I eit intervju frå 2004 fortel Hill at det var Giler som foreslo å gjere kaptein Ripley til ei kvinne. Så kom Aliens (1986), der James Cameron gjorde Ripley råtøffare enn nokon gong.
Westernfilmar i forkledning
John Carpenter sin Assault on Precinct 13 er meir eller mindre ei nyinnspeling av Rio Bravo. Prince of Darkness tek for seg konseptet med isolering i eit bygg på nytt. Snake Plissken i Escape from New York er i praksis Clint Eastwood sin Man with No Name (og med på laget er til og med Lee Van Cleef!). Vampires (1998) har tydelege western-anar, for ikkje å snakke om Ghosts of Mars.
I Big Trouble in Little China tyr Kurt Russell til ei mørk John Wayne-stemme, berre at han eigentleg ikkje er helten! Han er John Wayne redusert til ein klønete sidekick! I They Live spelar Roddy Piper ein framand loner som kjem vandrande inn til byen, nesten i full cowboy-bekledning.

Walter Hill gjer akkurat det same. Han har jo laga tre reine westernfilmar: The Long Riders, Geronimo og Wild Bill. Men 48 Hrs. er ein neo-western, det same er Extreme Prejudice og Streets of Fire. Trespass frå 1992 handlar om to brannmenn, spelt av Bill Paxton og William Sadler, som stikk på gulljakt i East St. Louis. Meksikanarane er bytte ut med ein hardbarka bygjeng med Ice-T og Ice Cube som leiarar. Dette er ein oppdatert The Treasure of the Sierra Madre av John Huston, viss ein kan kalle den for ein western.
48 HRS.
Sjå berre på 48 Hrs.! På papiret er det ein klassisk buddy-cop-actionkomedie. Men filmen startar med at skurken Albert Ganz (James Remar) og andre innsette jobbar langs ein støvete veg. Politiet sit på hestar og passar på. Så kjem indianaren Billy Bear (Sonny Landham) og hjelper Ganz å flykte. Sersjant Jack Cates gir ein annan innsett eit 48-timars pass for å hjelpe han med å fange skurken. Dei køyrer rundt i ein sliten, gammal 1964 Cadillac DeVille, som nærmast fungerer som hesten deira.

Undervegs i jakta gjennom gatene i San Francisco er dei innom ein redneck-salong der dei ikkje taklar trynet til Hammond (på grunn av hudfargen). Måten Hammond snur situasjonen og manipulerer bargjestene på («There’s a new sheriff in town!»), er ein av mine absolutte favorittscenar på film frå åttitalet. 48 Hrs. er gritty og skitten, med damp som siv frå kumlokka og neonlys som glitrar i gatene. I staden for prærien og den ville vesten, er handlinga flytta til asfalten og storbyjungelen. Og klimakset? Ein reinspikka, klassisk westernduell.
Last Man Standing (1996) er Walter Hill sin remake av Yojimbo og A Fistful of Dollars, der Bruce Willis spelar Clint Eastwood si rolle, flytta til mafiatida på 1930-talet. Han er kanskje ikkje rekna som ein klassikar i dag, men eg er veldig begeistra for han på grunn av Walter Hill sin stil og dei minneverdige skurkane (Christopher Walken og David Patrick Kelly). Her får vi eit rått filmscore av Ry Cooder, brutal action og ein Bruce Willis i toppform.
A-film i B-filmdrakt
Ein annan fellesnemnar for Hill og Carpenter er at dei lagar A-filmar i B-filmdrakt. The Warriors handlar om gjengar som blir jakta på i New York seint på natta, der byen framstår som eit landskap frå ein fantasifilm. They Live handlar om romvesen som hjernevaskar menneske og vil ta over jorda.
Filmar med romvesen frå det ytre verdsrommet, psykopatiske slasher-mordarar, motorsykkelgjengar som kidnappar dama til helten, demonar og spøkelse. Eller kva med ein helt med John Wayne-stemme – Jack Burton – som reiser til eit kinesisk fantasiland under jorda? Det høyrest ut som rein B-film, men her blir det levert med høg kunstnarisk kvalitet frå to store auteurar.

Tydinga til musikken
Ofte utgjer musikken 50 % av filmopplevinga for meg. Når eg får himmelsk musikk over velkomponerte scenar signert sjangermeistrar, er det ingenting som slår det. Slike filmar er som regel mine aller største favorittar. Det er ein gammaldags bruk av musikk som er sjeldan i nyare filmar, sjølv om han kan dukke opp av og til, som til dømes hos John Williams i The Fabelmans.
John Carpenter lagar sin eigen musikk, og han er ein av få regissørar som gjer nett det. Musikken hans er ofte like bra som sjølve filmen. I store delar av livet mitt har eg høyrt på den synthdrivne musikken til Carpenter. Opninga på Halloween gir meg frysningar heilt inn til beinet.
Walter Hill brukte bluesartisten Ry Cooder som sin faste komponist i heile åtte filmar. Bottleneck slide-gitar og deltablues-riff set den gritty tonen i Walters fantastiske verd. James Horner sin musikk til 48 Hrs., Another 48 Hrs. og Red Heat rockar hardt med stødige trommer og bass som gir eit actionkick utan like (John Woo lånte faktisk denne musikken til The Killer i 1989!). Og Jerry Goldsmith mekka det knallgode lydsporet til Extreme Prejudice.
Musikken i Carpenter og Walter Hill sine filmar er ei drivkraft som gir forteljinga ein eigen turbo. Det er musikk med eigen karakter, og kunst som lever langt utanfor rammene til filmen.

Likheiter i forteljarstil
Begge lagar økonomiske filmar. Ingenting er med om det ikkje tener historia. Hill skreiv haiku-aktige manus der han kokte alt ned til det heilt minimale. Moralen til karakterane kjem fram gjennom handling, ikkje gjennom dialog. Og så har vi den estetiske actionen: Høyr berre på lyden av pistolane i filmane deira. Det er ein distinkt, høg, rund og feit lyd som er umogleg å ignorere.
Førsteprioritet var alltid karakteren. Det Walter Hill sette aller fremst i skapinga av filmane sine, var karakterbygging. Som regel var dei lakoniske og ordknappe – utan tvil fordi Hill studerte westernfilmar der cowboyen ikkje hadde så mykje å seie, men heller uttrykte seg gjennom handling.

John Carpenter gjorde akkurat det same. Han skapte minneverdige, lakoniske karakterar som Snake Plissken i Escape from New York, Roddy Piper i They Live, samtlege i The Thing, eller Austin Stoker i Assault on Precinct 13 (som forresten var ein av dei svært få svarte heltane utanfor blaxploitation-sjangeren på syttitalet).
Skodespelarane som kryssar spora
Når det gjeld skodespelarar, er det spesielt éin mann som bind desse to legendene saman: Peter Jason. Han er den ultimate birolleskodespelaren, med eit fjes du garantert dreg kjensel på. Når Peter Jason dukkar opp, reddar han dagen min. Hos Carpenter finn du han i alt frå Prince of Darkness og They Live til In the Mouth of Madness og Escape from L.A.. Hos Hill finn du han i røffe klassikarar som 48 Hrs., Streets of Fire og Johnny Handsome. Han er sjølve definisjonen på ein arbeidshest i kultfilmuniverset!
Vi må også nemne Stacy Keach. Han spelar Frank James i The Long Riders for Hill, og dukkar mange år seinare opp som kommandør Malloy i Escape from L.A. for Carpenter.
Mine eigne meisterar
Dei er to svært kjære regissørar i mi vesle filmverd. Korleis kan eg skildre filmane deira? Det er eigentleg ganske enkelt. Når eg set på The Thing eller Escape from New York, er det ikkje for å sjå ein skrekkfilm eller ein sci-fi. Når eg set på 48 Hrs. eller Johnny Handsome, er det ikkje for å sjå ein actionkomedie eller ein neo-noir-thriller. Eg gjer det fordi eg vil sjå ein John Carpenter-film eller ein Walter Hill-film.
Det er den estetiske stilen, heile auteur-grepet – det er DET eg vil ha. Det skjer ting i ein Hill- eller Carpenter-film som KUN kan skje i deira filmar, eit univers eg har vorte utruleg godt kjend med. Ingen klarer å kopiere dei heller, korkje andre regissørar eller ein AI (for å dra inn dagens debatt). Rett og slett fordi desse to regissørane handla på instinkt og personleg kunstnarisk estetikk.
For meg er dei meistrar. Ein meister i skrekk og ein meister i action. I mi bok er John Carpenter og Walter Hill filmverda sine svar på Leonardo da Vinci og Caravaggio.
Filmmelding av: Halloween (1978)
Les heile mitt store djupdykk i Walter Hill sin filmkatalog her.



Herlig lesing, og merkelig med alle Carpenter og western-trådene, har jevnt over godt likt Carpenters filmografi men aldri likt westerns. Men når du nevner sammenlikningene som westerns klassiske isolering i bygg/last stand der og Prince of Darkness kan jeg jo se trådene!
Artig tekst!
Takk! Men har du sett The Proposition (2005)? Australsk western, veldig spesiell.