GrØSSARAR
Spooktober: Dei 25 beste skurkane i skrekkfilm (Del 1)
I heile oktober køyrer vi i Filmloftet på med «Spooktober»! Kva er vel betre enn å dykke ned i mørkret og kåre dei 25 beste skurkane i skrekkfilm? Dette blir ei tøff…
The Faculty (1998): Anmeldelse
Eg synest The Faculty frå 1998 faktisk er betre enn Scream. Målet mitt her blir ikkje å argumentere i senk kvifor den slår Scream heilt objektivt – for det er jo umogleg,…
Wolfen (1981): Anmeldelse
Her var det mykje som appellerte til mine sansar! Historia er veldig enkel: Nokon jaktar og drep menneske i New York. Men når dei drep dei rikaste i byen, vaknar politiet og…
The Thing (1982): Carpenters skrekk-meisterverk
Som sjølve kronjuvelen i vår John Carpenter-månad, har vi endeleg kome til filmen over alle filmar. Mange av oss som ser mykje film og elskar John Carpenter er samde i at The…
Anmeldelse: Gothic (1986) gotisk galskap
Ein gong på åttitalet hugsar eg klart at eg såg Gothic, og sidan har eg bore rundt i minnet mitt at filmen var total galskap og frykteleg skremmande. Eg kan bekrefte med…
Backrooms (2026): Anmeldelse
Eg har sett Hokum, og eg har sett Obsession. Men 2026 har tre store skrekkfilmar, og i kveld fekk eg endeleg sett Backrooms! Eg burde kanskje late den synke litt, nokre dagar….
Cigarette Burns (2005): John Carpenter Masters of Horror
John Carpenter-maratonet er for alvor i gong! Eg klarte å spore opp episode 8 av Masters of Horror sesong 1 på Plex US, nemleg sitt store TV-høgdepunkt frå 2005: Cigarette Burns. Dette…
It (1990) og Tim Curry
I kveld har eg sett miniseria It frå 1990, like etter eg las den triste nyheita om at Tim Curry er død. Han kom inn i livet mitt for første gong då…
Evil Dead Burn (2026): Fransk ekstrem-skrekk eller trygg oppfølgjar?
Rykta sa at Evil Dead Burn var ein djevelsk mørk film. Regissør Sébastien Vaniček er fransk, og då er det sjølvsagt lov å håpe på fransk extreme-skrekk slik vi hugsar det frå…
To Stephen King-klassikarar frå 1983: Christine og The Dead Zone
No har eg sett opp att The Dead Zone. I dag tok eg også eit gjensyn med Christine. Begge filmar blei laga i 1983 av to av mine favorittregissørar: David Cronenberg og…
The Last House (2026): Gi meg styrke
Korleis kome på ein film som The Last House? Eg ser for meg ein manusforfattar som ser på A Quiet Place og sonen som spelar «Who’ll Stop the Rain» i bakgrunnen og…
Hokum (2026) – Årets skumlaste filmoppleving?
I fjor såg eg skrekkfilmen Oddity av same regissør: Damian McCarthy. Den likte eg veldig godt, så Hokum var ein film eg var spent på. Det er så mange gode skrekkregissørar no…
Skrekkfilm
Eg ser mykje skrekkfilm. For meg er skrekk trøyst, det er terapeutisk, men aller mest er det GØY. Og eg elskar alle slag, frå alle tiår. Eg såg The Shining og Zombie Flesheaters i alt for ung alder og sidan har eg betalt prisen: Eg blei besatt, som Linda Blair i Eksorsisten! Eg elskar skrekk!
Når eg seier eg elskar alle slag, så meiner eg det. Her kjem eg til å grave i alt frå skitne 80-tals slasherar og stilfull italiensk giallo, til krypande psykologisk skrekk og kosmisk galskap. Eg sluker nesten alt: hjemsøkte hus, hardcore body horror, mørk found footage og urovekkjande folk horror. Det spelar inga rolle om det er eit dyrt prestisjeprosjekt eller ein splitter galen B-film laga på eit skralt budsjett. Viss han har puls – eller manglar puls, for den saks skuld – så er eg med.

Eg spurde Mike Flanagan under ein Q&A på Tumblr:
«Kva tenkjer du om utviklinga av skrekksjangeren dei siste 10 åra? Det er gode tider for skrekk no?»
Og Mike Flanagan svara:
«Han har ALLTID vore interessant. Alltid.»
Eg syntest det var eit heilt rått svar! Skrekk er ein sjanger som aldri mistar grepet om publikum. Han blir heile tida raffinert og vidareutvikla – ikkje nødvendigvis til det betre, men til noko anna; på ein ny måte, alltid. Ikkje minst finst det utruleg mykje skjult gull å oppdage, sidan dei fleste skrekkfilmar flyg under radaren, og det gjeld alle tiår.
Mike Flanagan er ein av mange skrekkregissørar eg diggar. Av dei nye, er han best. Men nærmast mitt skrekkhjarte er det Sam Raimi, George A. Romero, Hitchcock, Joe Dante, Wes Craven og mange fleire frå Old School åttitalet og beyond som er min store forelskelse. Eg vil skrive om dei alle!
Målet mitt med skrekkavdelinga her på Filmloftet er nettopp det: å dykke etter desse gløymde perlene.











