Event Horizon (1997)

Event Horizon (1997): Eit gjensyn med ein gamal knakar

Event Horizon hadde eg på Laserdisc, og med surroundanlegget mitt på den tida (golvhøgtalarar, subwoofer, Harman Kardon – full pakke) blåste filmen både meg og det vesle rommet eg budde i, rett ut i verdsrommet. Filmen var utruleg skremmande den gongen i 1998, og eg har teke hyppige gjensyn sidan. Korleis står han seg i 2026?

Eg er framleis stor fan! Filmen har mange tilhengjarar, men også mange hatarar (berre sjekk Reddit). Så i filmsamfunnet er usemja stor. Eg forstår kvifor og ser mange svakheiter – men her skjer det mykje som trumfar alt og utgjer totalen. Dei som ikkje tilgjev, er dei som mislikar filmen mest.

Handling

Eg må understreke at for ein øybuar i havgapet på Sunnmøre anno 1998, var handlinga noko heilt ferskt. I dag har vi sett dette så mange gongar at nye generasjonar kanskje himlar med auga. Det er framtida, året er 2047. Eit forsvunne langdistanse-utforskingsskip, Event Horizon, har vore mystisk borte i sju år. Plutseleg dukkar det opp igjen ved Neptun. Eit redningsskip blir sendt – og her kastar dei ikkje bort tida, men hoppar rett på sak.

Sam Neill spelar dr. Weir, som er med på turen som ekspert (det var han som skapte skipet). Laurence Fishburne spelar kaptein Miller, og besetninga hans er slik vi er vane med frå Alien: ei lita, tett gruppe venar og kollegaer. Dei legg seg i eit væskekammer og reiser til Neptun på autopilot. Her òg: rett på sak. Innan kort tid er vi ved Neptun, der Event Horizon går i bane rundt planeten som eit spøkelsesskip. Dei dokkar og opnar. Kva skjedde eigentleg med skipet?

Kaptein Fishburne og Løyntant Joely Richardson

SPOILARAR VIDARE!

Min favorittdel av filmen er når dei går inn for å utforske Event Horizon, som er eit enormt og mystisk skip (filmen liknar faktisk ein annan favoritt, Sphere, som kom året etter). Innsida ser knallbra ut. Ting svevar i lufta og vi får servert gammaldags CGI, noko som er artig i seg sjølv.

Skannaren viser livsteikn over heile skipet, men innsida er iskald og daud. Ein mishandla kropp flyt i nulltyngdekraft, elles er vindaugskarmane inne på styrerommet raude av blod, og nokre hovudskallar dekorerer rommet. Mannskapet byrjar å sjå ting dei absolutt ikkje burde sjå, inkludert Sam Neill, som sjølvsagt kallar det for hallusinasjonar. Vi skjønar teikninga, ikkje sant?

Det narrative kastar ikkje bort tid, ting skjer kjapt. Karakterane gjer dårlege val, og helvete bryt laus. Dette er ein av grunnane til at eg likar filmen: tempoet. Her får vi 96 minutt med sci-fi og iskaldt grøss. Etter alle seriane eg har sett dei siste tjue åra, har eg blitt steikande lei av å dra ting ut, og av å fylle på med fjas vi ikkje treng (filler-episodar) som ikkje har noko med hovudhistoria å gjere – denne evige bygginga opp til eit klimaks som oftast skuffar. Her får vi det vi vil ha, kjapt!

Nydeleg innside på Event Horizon

Inspirasjonar – Hellraiser i verdsrommet

Der mannskapet i Alien fann eit monster, finn mannskapet her helvete. Regissør Paul W.S. Anderson og manusforfattar Philip Eisner tek pusleboksen frå Hellraiser og plasserer han som sjølve hjartet i skipet: the gravity drive. Ei oppfinning som brettar rommet og lèt skipet reise til den andre sida av universet utan å bevege seg ein meter (veldig godt forklart av Sam Neill i den beste scenen i filmen). Kva gjer denne boksen? Han skapar eit mørkt hol. Og estetisk sett ser han akkurat ut som pusleboksen frå Clive Barker si forteljing. Eg diggar det!

Pinhead likte å seie: «We have such beautiful sights to show you». Event Horizon lånar denne då dr. Weir si avdøde kone seier: «I have such wonderful things to show you». Og innimellom får vi sjå scenar av grusam tortur, eit reint helvete – noko eg elskar. Diverre blei dei mest blodige scenane klipt ned (EIN VERSJON EG VIRKELEG VIL HA!), men denne korte uhygga er ekstremt effektiv. Dette er rett og slett Hellraiser in space.

Det som gjer filmen større enn han eigentleg er, er dette mystiske: kvar har skipet vore? Kva har det teke med seg tilbake? Sjølv om filmen ikkje klarer å formidle dette heilt perfekt, skapar han noko i fantasien min som lever sitt eige liv; tanken at helvete kvilar der ute på kanten av verdsrommet.

Ei Hellraiser-aktig apparat som opnar porten til helvete

Ein annan dimensjon

Når Sam Neill fortel at skipet ikkje har reist i vårt univers, men til ein annan dimensjon – bryt det mystikken bittelitt. Men det er truleg fordi vi har drukna i filmar om alternative dimensjonar det siste tiåret, mykje takk vere superheltfilmar og Stranger Things. Ein annan dimensjon i 1997 var derimot knallspennande! Konseptet er jo gammalt, og har sikkert blitt brukt i The Twilight Zone og andre stader, men det var noko nytt for oss i Noreg, ute på ei sunnmørsøy på slutten av nittitalet. Altså, eg snakkar The Matrix-type WOW-faktor her.

Så denne dimensjonen skipet reiste til, var rett og slett helvete sjølv. Fishburne ofrar seg for det attlevande mannskapet etter ein sjølvøydeleggingssekvens som splittar skipet i to. Sam Neill har forandra seg til ein rein Pinhead, og vil ta med seg heile gjengen for å vise dei vakre ting på den andre sida. Han brølar «NOOOOO!» når sjansen glip og skipet deler seg. Kapteinen blir sugd inn i eit svart hol og reiser til helvete i lag med demonen. Her var sikkert planen ein oppfølgjar. Men fysja, ei fæl skjebne.

Sam Neill i full make-up

Gjengen!

Elles er det ei fryd å sjå denne gjengen med skodespelarar. Fishburne er den perfekte skipskapteinen – ei rolle som sikkert gav han Morpheus-rolla i The Matrix. Sam Neill er pitch-perfect, og kvar scene med han gjev meg rein glede. Kathleen Quinlan (The Doors, Apollo 13) er knall, og det same er Joely Richardson, som er dotter til den mest eminente britiske skodespelarfamilien.

Jason Isaacs og Sean Pertwee (som er kompisar på ekte) er to britiske karar eg alltid blir glad av å sjå, og Paul W.S. Anderson er glad i å bruke dei (dei spelar òg saman i Soldier frå 1998).

Michael Kamen sin herlege, synthleikande nittitals-filmmusikk er òg knall – berre høyr på rulletekstsporet, det er skikkeleg The Prodigy-inspirert!

Konklusjon av gjensynet

Totalen er knall! Dei sterke sidene ved filmen trumfar alt anna. Her får vi ei forlokkande satans historie, knallgode skodespelarar, fantastisk set-design og glimrande praktiske effektar. Forteljinga går unna Gunnar, og leverer skikkeleg artig Anderson-esque underhaldning der B-film-sjarm møter A-film-kvalitet. Eg blei god og mett og gir tips.

2 Comments

  1. elsker event horizon! RIFF viste den for noen år tilbake og det var helt nydelig å få sett den på storskjermen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *