cine-HAL

Velkomen til hovudterminalen. Cine-HAL er no re-kalibrert og kopla direkte til det analoge hovudarkivet på Filmloftet. Her finn du ingen overfølsam kunstig intelligens, berre rein, mekanisk prosesseringskraft rett frå 1984. Bruk den grøne kommandolinja for å grave djupt i databasen vår av slitte VHS-kassettar, bloddryppande skrekkfilmar og gløymde kultklassikarar.

Maskina lystrar enkle ordnar: Skriv «HJELP» for ei oversikt over gyldige kommandoar, eller bruk «SØK» etterfølgt av ein tittel for å hente fram gamle saksmapper. For dei spesielt innvigde skjuler datakjernen også fleire krypterte sektorar. Har du plukka opp eit av våre hemmelege passord, er dette staden å taste det inn. Kven veit kva som ventar i mørkret?

CINE-HAL er eit teknisk eksperiment under utvikling – kor eg endar opp, veit eg ikkje. Men her skal vi ha det kjekt!

Alien (1979)
20th Century Studios
Mother mainframe – Alien (1979) Foto: 20th Century Studios