SYSTEMLOGGEN:

[ DATA DEFINISJON: arkiv for korte rapportar.

filmar utan fullstendig saksmappe vert loggførte her. ]

SYSTEMINFO:
[ ▲ anbefalt ]
[ ▶ midt på treet ]
[ ▼ styr unna ]

[ ◀ spol tilbake (meisterverk) ]

  • Ravenous (1999)

    På papiret – og i sjølve filmen – er Ravenous ein film som er midt i blinken for meg. Men eg sleit med det same problemet som då eg såg han i år 2000. Først og fremst opnar han knall. Guy Pearce spelar ein blåjakke som blir sendt til eit høl i Sierra Nevada – eit fort i eit røft vinterlandskap. Her er det mange KNALLGODE fjes! Så kjem Robert Carlyle, som fortel blåjakkene om ein grusam skjebne for reisefølgjet hans som sette seg fast i fjella midtvinters og måtte ty til kannibalisme. To var framleis kanskje i live, så Jeffrey Jones samlar sine beste og marsjerer mot kannibalhola Carlyle flykta frå. Hittil og halvvegs ut i filmen er dette ein terningkast seks-type film. MEN når dei kjem fram til hola og filmen lyfter på sløret, fell eg av.

    Filmen blir herifrå kjedeleg og veldig rotete. Det er handlinga som øydelegg filmen for meg. Filmfotoet ser fantastisk ut, og elles er han idiosynkratisk så det susar, med nydeleg, men feilplassert musikk av Michael Nyman. For å lette på stemninga brukar dei komedie! Eg føler denne komiske vinklinga er påtvinga av filmstudioet, fordi dei var redde for at filmen skulle bli for HARD. Hadde filmen vore ein sadistisk og rein kannibalskrekkfilm, kunne han ha vore ein av dei beste frå nittitalet. Karakteren til Guy Pearce var eg ikkje nøgd med. Her er Pearce ei stor, skinnande stjerne – på sitt aller beste – men karakteren leverer ikkje varene. Og Robert Carlyle, god som han er, er litt typisk Carlyle på denne tida, plassert i skurkebåsen.

    Eg kunne ha gjeve ei pil opp her, på grunn av atmosfæren, musikken, det fantastiske filmfotoet med ekte filmkorn og gjengen med knallgode skodespelarar. Men eg blei så skuffa over moglegheitene som låg i botnen her. Filmen hadde ein trøblete produksjon, og det visest! Det er som om dei ikkje klarte å bestemme seg for kva film dette skulle vere. Ravenous har i desse dagar funne publikummet sitt. Eg ser det er mange fans der ute. Diverre er eg ikkje ein av dei!

    Terminal-Pila ▶

  • Night of the Comet (1984)

    Kultfilm deluxe! Ein komet kjem nær jorda og gjer dei fleste om til støv. Dei som overlever, må kjempe mot nihilistar, zombiar og galne vitskapsfolk! Her er det ein god, raudleg atmosfære og musikk frå åttitalet konstant gjennom filmen. Eg synest han var morosam, med ein herleg åttitalsestetikk. Når det er sagt, er filmen sær, og ein må verkeleg like lett galskap. Minte meg om Miracle Mile (1988) som eg syns er litt betre.

    Terminal-Pila ▲

  • Stephen King’s Desperation (2006)

    Mick Garris bak regien! Klassisk King der ei gruppe menneske blir innhenta av ein psykopatisk sheriff, spelt KNALL av den alltid gode Ron Perlman, og plassert i eit fengsel i ein liten ørkenby. Alle i byen er vekke. Berre sheriffen køyrer rundt og seier «Tak». Noko vondt har skjedd, og dei som sit i fengselet må kjempe mot denne vondskapen med god, gamaldags kristen tru. Filmen har eit tydeleg TV-preg, noko som ikkje er overraskande sidan det er ein TV-film. Det er ein god gjeng her, og Mick Garris er jo flink til å lage King-adapsjonar. Eg las boka i 1996 og hugsar at ho var ein av favorittane mine på den tida. Dette er ein grei nok adapsjon.

    Terminal-Pila ▶

  • The Dentist 2 (1998)

    Dr. Corbin bryt seg ut av mentalsjukehuset og stikk til ein ukjent liten by der han prøver å bli tannlege igjen. Filmen hadde sine augeblink, men no merka eg at eg raskt vart lei av både skodespelet og konseptet. Faktisk såpass at eg måtte nedjustere karakteren til The Dentist 1 eit hakk. Den første var interessant, medan denne var eit klassisk oppkok som landar midt på.

    Eg sat og tenkte ein del på L.A. Law under sjåinga. Steik, frå 1987 til 1990 såg eg denne serien fast. Alle som spelte der, har L.A. Law-merkelappen festa på seg for evig tid. Eg snakkar om Corbin Bernsen, Harry Hamlin, Richard Dysart, Jimmy Smits, Jill Eikenberry og mange fleire. Det var ein gong!

    Terminal-Pila ▶

  • Body Double (1984)

    Brian De Palma i full Hitchcock-modus. Nokre gongar tenkjer eg: likar eg De Palma betre!? Dette er ein snuskete thriller og skrekk med ekte åttitalsestetikk i både fargar og musikk. I ei scene får vi Frankie Goes To Hollywood. Når hovudpersonen vender kikkerten mot ein nabo som tek av seg kleda, kjem det nydelegaste kjærleikssynthsporet eg har høyrt i år, signert Pino Donaggio. Ved sidan av Scarface er Body Double den mest utprega åttitalsfilmen i katalogen til De Palma. Ergo, eg diggar han!

    Terminal-Pila ▲

  • The Birds (1963)

    Eg elskar første halvtimen av filmen der Tippi Hedren køyrer eins ærend til Bodega Bay for å gjennomføre ein spøk mot Rod Taylor som ho knapt kjenner. Elles set eg stor pris på mange ikoniske scenar. Når dei spring frå skulen med fuglane i hælane. Når ei kråke landar på eit stativ medan Hedren røykjer, måten det blir redigert på. Plutseleg er stativet stappa med kråker! Så likar eg det faktum at Tippi er mor til Melanie Griffith (det kan ein sjå!), slik Janet Leigh frå Psycho er mor til Jamie Lee Curtis. Eg likte The Birds mykje meir i gamle dagar, men kan framleis setje stor pris på han. Tenkte litt på John Carpenters «The Fog» under denne; fuglar istaden for tåke.

    Terminal-Pila ▲

  • The Death of Robin Hood (2026)

    Dette var ei rein liding å vere vitne til, faktisk like ille som The Northman. Her er nokre vakre scenar, så teknisk sett er han godt laga. Men visuell gitar-ronking er eg ingen fan av, her må vere meir enn vakkert filmfoto. Ein blir fort lei av å sjå ekstreme nærbilete av eit slite Hugh Jackman-fjes. Konstant, gjennom filmen. Filmen er veldig oppteken av å svartmale Robin Hood som eit ondt beist som drap barn og kvinner, og var langt ifrå nokon folkehelt som hjelpte dei fattige.

    Det kjennest ut som ein mansplainer, eller besserwisser, eller ein edgelord, som har laga filmen. Vi blir fortalde at Robin ikkje er ein helt, om att og om att. Altså, Robin er ein urgamal figur der forskarar ikkje ein gong veit om han var ekte – kven bryr seg! Og kvifor kan vi ikkje få hugse den allereie fiksjonelle Robin som ein helt som hjelpte dei fattige, i staden for at han myrda og drap alt som gjekk på to bein. Eg forstår liksom ikkje hensikta med filmen – I DET HEILE TEKE! Her er litt gørr, men her er endå meir langdryge og kjedelege scenar om ein mann med store problem. Nei, eg vil heller bruke tid på å tenkje på Robin slik:

    «Brave Sir Robin ran away! Bravely ran away, away! When danger reared its ugly head he bravely turned his tail and fled.»

    Terminal-Pila ▼

  • The Puppet Masters (1994)

    Dette er ein slags lettversjon av Invasion of the Body Snatchers. Likevel vart eg underhalden, for eg likar godt slike halvbillige sci-fi-skrekkfilmar. Og Donald Sutherland – can do no wrong – han er alltid knallgod og likandes! Her er det eit visst Alien-preg òg. I staden for å lage kopiar, er dette romvesen som festar seg som ein parasitt på kroppen og tek over hjernen. Keith David spelar her også – med andre ord: vi får Keith David frå The Thing, og Sutherland frå 1978-versjonen av Invasion of the Body Snatchers! Det er knall det!

    Terminal-Pila ▲

  • Storm Warning (2007)

    Australsk grøss. Folk gjer dårlege val, og skrekkfilmar brukar jo som regel dette for alt det er verdt. Eit par dreg ut med båten sin for å fiske. Mannen vil utforske eit område, og ein storm kjem brått kastande over dei saman med natta. Dei søkjer ly i eit hus der det bur tre psykopatar. Filmen brukte litt tid på å kome i gang, men dei siste 30 minutta fekk me servert litt skikkeleg saftig gørr.

    Terminal-Pila ▶

  • Carrie (2026)

    Mike Flanagan gjer det umoglege og har laga ein god serie av noko som allereie var perfekt, nemleg Brian De Palma sin. Serien starta svakt, men blei betre og betre. Eg likte det at Flanagan fokuserte på skulen, vennskap og mobbing – om korleis dagens ungdomar har det. Finalen kunne ha vore betre, men tidshopping øydela litt av klimakset. Alt i alt, glad for eg såg seria!

    Ep 1: Terminal-Pila ▶
    Ep 2: Terminal-Pila ▲
    Ep 3: Terminal-Pila ▲
    Ep 4: Terminal-Pila ▲
    Ep 5: Terminal-Pila ◀◁
    Ep 6: Terminal-Pila ◀◁
    Ep 7: Terminal-Pila ▲
    Ep 8: Terminal-Pila ▲

    Terminal-Pila ▲


SYSTEMLOGGEN

I sommaren 2026, sletta eg Letterboxd. Kvifor? Det er ei eiga historie eg har skrevet om her. Systemloggen også kalla «loggen» er erstatninga for Letterboxd. Her kjem eg til å skrive korte anmeldelser, sånne mini-omtalar som var kjekke å skrive på den andre staden. Filmane som havnar her, er som regel filmar som eg føler personleg at eg ikkje treng å skrive meir om.

Under utvikling

Systemloggen er under utvikling og dette er eit nytt konsept eg kjem til å bygge vidare på estestisk sett. Akkurat no er det retro-futurisme frå Alien og Outland som styrar sida. Eg elskar denne stilen og skulle ønske heile internettet såg slik ut! Systemloggen er som ei gammal filmdagbok kor eg noterer, slik eg brukte under VHS-gullalderen. Håpar her er filmtips og inspirasjon!