DENNEHYS MØRKELOFT

DENNEHYS MØRKELOFT

Velkomen til Mørkeloftet

Her bur Bjørn Dennehy. Dette er ingen triveleg stad, for her slaktast det film som Leatherface i Motorsagmassakaren, og det er på Bjørn sine gode dagar.

Her kan ein lese den ufiltrerte sanninga folk flest ikkje ein gong tør å tenkje på. Tankar som ligg og surrar i det ubevisste, manifesterer Dennehy i rein tekstform her på mørkeloftet sitt.

Ein advarsel: Mørkeloftet er ikkje for sarte sjeler. Men når det er sagt, har Dennehy ein kjærleik for 80-talsfilm slik som resten av Filmloftet. Kanskje kjem det ein lidenskapleg filmomtale av ein kjær åttitalsfilm. Som Leonard Cohen song: «There is a crack in everything, that’s how the light gets in.» Kanskje er det ein sprekk oppe i plankane til Mørkeloftet. Eller kanskje ikkje. Kanskje ei betre tekst for Dennehy er frå ein litt meir tyngre song:

I SEE THE WORLD – OLD. I SEE THE WORLD – DEAD

Ei motorsag frå Texas Chainsaw Massacre