Disclosure Day: Rusten spikar og navlelo frå Spielberg
Kvifor, og korleis har Steven Spielberg makta å lage denne blemma? Eg fekk ein skikkelig Netflix-film-følelse av heile opplegget, og den framstod som mindre tiltalande enn ei stålbørste planta, ufrivillig (denne gongen) opp i rassen! Disclosure Day må for Spielberg være det St Anger var/er for Metallica, oder was? Is it just me? Hæ?! Anywho…
Sovemedisin og generisk action
… Let’s dig in, shall we? Her var det eit karaktergalleri som kunne danka ut den sterkaste sovemedisin. Eg følte ingen empati eller interesse for nokon av dei, og alle var grå, gørre og nærast apatiske. Eg blei vitne til generisk action. Langdryge og tidvis jævlig irriterande dialogar. Ein Netflix «film-look» som ga eit ekkelt og amatørmessig inntrykk.

Daff tungvektar og Tøydukke-Anna
Jævla CGI-dyr som ALDRI ser realistiske ut… EVER! Colin Firth som «skurk» kunne like godt ringt inn heile prestasjonen. Han virka heilt daff og uinteressert. Godt jobba Steven… å få ein slik tungvektar til å prestere så ræva! Emily Blunt var berre jævlig irriterande, på lik linje med Whyatt Russel. Djiiiiizes for ei tidstypisk framstilling av ein «mann»… ein klumsete, bablande og udugeleg fjott! Dritlei denne oppskrifta! Romvesena såg ut som Tøydukke-Anna etter tredje cellegift-kuren, og hadde eit ganglag som minte mest om John Cleese sin Silly Walk. Faen i helvete! Kjenner at heile filmen irriterer meg. Til og med musikken gav meg «meh» følelsen.
Ustelte liggesår og hatten på hylla
At John Williams er 94 år, og yrkesaktiv, er jo positivt… for han, men personleg tenkjer eg at både han og Spielberg burde lagt hatten på hylla, for dette lukta old-timer fotsopp og 3 år gamle, ustelte liggesår… deluxe!
Måtte gjennom heile denne aaaaaaltfor lange filmen minne meg sjølv om at dette faktisk var ein Spielberg-film. Eg fekk aldri eit snev av den «god-følelsen» han så ofte før har makta å skape. Ein gong var han den aller beste, men dette føltest meir som ein rusten spikar, marinert med fyllespy og navlelo, som har funne vegen gjennom skoen og storetåa, heilt på toppen av fjellturen.
⚠️ DENNEHYS DOM ☢️
Terningkast: Over the hills and far away.
