Disclosure Day (2026): Anmeldelse
At Disclosure Day er den beste Steven Spielberg-filmen sidan Catch me if you can eller Munich, syns eg ikkje. The Fabelmans er den beste sidan Munich. Det eg derimot må bestemme meg for, er om Disclosure Day er ein verdig tredje film i ein slags UFO-trilogi saman med E.T. og Nærkontakt av tredje grad.
Ei klassisk Spielberg-opning
Josh O’Connor sit på ein fribrytarkamp og blir med nokre henchmen til utsida kor kjærasten hans er tatt til fange. Allereie her frydar eg meg over ekte kameraføring som nesten ingen bryr seg om lengre. Måten Spielberg presenterer antagonisten her, spelt glimrande av Colin Firth, kor kamera heng bak ryggen hans og går nærmare i skuggespel… det er nydeleg.
Vi får ikkje vite noko om kva det er O’Connor har gjort eller kva han har tatt. Kjærasten er spelt av Eve Hewson. Dei flyktar og slepp unna på grunn av ein rar dings.

Treng vi eigentleg mystikk?
NO RIV EG TALA. Eg orkar ikkje å skrive ei tradisjonell filmanmeldelse. Det er mykje som skjer på 2 ½ time. Disclosure Day er ein jaktfilm, der protagonistane blir jaga av antagonistar fordi dei har noko den andre parten vil ha, og fordi dei veit noko dei ikkje bør vite.
Kva dette er, er det ingen vits i å skape mystikk rundt, for vi veit kva det er! Men eg skal ikkje seie det, for dei som ikkje har sett nok film har kanskje ein sjanse til å bli overraska. Eg blei ikkje overraska, så eg ville ikkje leike dum medan eg såg filmen; for filmen vil at vi skal kjenne på mystikken kring denne hemmelegheita.
Spelar ingen rolle. Grunnane til at eg likte filmen, handlar ikkje om hemmelegheita. Mine grunnar er: John Williams, Janusz Kamiński og Spielberg.
Musikk og biletmagi i særklasse
John Williams sin musikk er formidabel og gav meg frysningar. At han i ein alder av 94 år leverer sakene sine på dette nivået, er ei bragd. Det er fullt mogleg at musikken er betre enn filmen (er ikkje det lov å seie? Folk seier det stadig om bøker!).
Kamiński og Spielberg gir oss ein masterclass i skikkeleg action som er sårt sakna i desse dagar. Endåtil i rolege scener får vi kamerabevegelsar som gir gåsehud, og som er ein av årsakane til at eg elskar film.
Emily Blunt… eg klarar ikkje heilt å bestemme meg for om eg likte karakteren og skodespelet hennar. Men eg blei ikkje plaga. Ho får ei gåve, ut av det blå. Ho kan snakke framande språk og lese sinn, noko som gjer at sonen til Kurt Russell blir galen, akkurat slik Teri Garr blei på Richard Dreyfuss i Close Encounters. Så det er tydelegvis meininga at ho skal vere ein bisarr og rar karakter.
Ho Blunt og Josh O’Connor har noko til felles som fører dei mot kvarandre. Mine tanker gjekk til Rick Moranis og Annie Potts i Ghostbusters: «I am the gatekeeper, I am the Key.» Og det er kult nok.

Skurken som reiser i sinnet
Antagonisten Colin Firth, med sitt high-tech team, er ikkje direkte vonde. Ingen av antagonistane i E.T. og Nærkontakt er vonde heller, men dei er motstand på vegen mot målet.
Det aller beste med filmen er eit apparat Colin Firth brukar for å grave etter informasjon. Han held på den dingsen, har eit bilde av eit menneskemål, reiser inn i sinnet til målet sitt og presenterer seg som eit spøkelse!
Eg elskar slik sci-fi. Akkurat som Samantha Morton i vasstanken sin i Minority Report. Eller den knallboka frå Stephen King, The Institute (som fekk seg ein grei middelmåtig tv-serie) – ho har akkurat slik type overnaturleg teknologi.
⚠️ SPOILERVARSEL: Klimaks og sanninga! ⚠️
Styr unna dette avsnittet om du vil sjå filmen med blanke ark!
Så ja, UFO-ar er ekte, og små grøne menn eksisterer. Vi som elskar The X-files, diggar dette. Eg er UFO-entusiast og vil vite sanninga! Midt i blinken for meg.
Her blir det sjølvsagt teke tak i store tema. Akkurat som i Robert Zemeckis sin Contact, introduserer Disclosure Day oss for religion versus vitskap. Dilemmaet om at grøne menn eksisterer fører til spørsmålet: kva med Gud?
Men ei nonne i filmen siterer frå bibelen og forsikrar oss om at der står det at vi er Guds skapningar på jordkloden, ergo kan resten av universet bestå av Guds skapningar på Mars osv.

Empati er viktig
Vi blir fortalt at det som øydelegg verda er mangelen på empati. At vi fortrenger empati, som eigentleg er vår største styrke og det som skil oss frå andre vesen på planeten.
Og det er viktig at sanningane filmen berer på blir sleppt laus akkurat i det alle land på jorda går mot tredje verdskrig, slik som i special edition-versjonen av The Abyss.
Men FOR ein action. Vi følgjer Blunt og O’Connor gjennom USA, og dei blir jakta på. Her er det scener kor kameraet går rundt heile O’Connor medan han køyrer – knalldetaljar! Og biljakta som endar på toget – wow, eg elskar det.
Når klimakset nærmar seg, vil ikkje Spielberg gjenta Nærkontakt av tredje grad. I staden får vi servert ein BARNDOMSHEIM. Dette er jo typisk nostalgisk og minimalistisk filmmagi frå regissøren.
Disclosure Day!
Då den store finalen endeleg kom, med den store «Disclosure»-avsløringa, var eg kanskje litt ambivalent, men eg kjeda meg aldri. Når alt er sagt, er ikkje dette ein gjensynsfilm på høgde med dei frå Spielberg si gylne tid, men det er eit solid nok handverk som er betre enn mykje anna Hollywood serverer oss i desse dager.
Konklusjon
Det eg likte aller best her er som sagt John Williams, Janusz Kamiński, Steven Spielberg og ein klasseskurk i Colin Firth. Eg var med heile vegen. Og sjølv om dette ikkje er Spielberg sin beste sidan ditten og datten: Disclosure Day er ein god UFO-film, la oss ikkje lage noko meir styr enn det. Ha litt empati! Disclosure Day lukkast som den tredje UFO-film i ein trilogi.
