Cary Grant som går i skuggene i filmen Suspicion 1941 av Alfred Hitchcock

Suspicion (1941) – Ekte filmmagi frå Alfred Hitchcock

Eg var eigentleg på veg til sengs. Men så dukka Suspicion (1941) opp i siste liten. Eg tenkte: Åhh, lenge sidan eg har sett Alfred Hitchcock. Med Cary Grant og Joan Fontaine – ekte stjerner. Eg er så glad for at eg sette han på, for eg sov betre i natt. Eg fekk ein solid dose ekte filmmagi, som er reint oksygen for meg.

Å sjå gamle svart-kvit-filmar fekk eg heldigvis inn tidleg. Det var enkelt kvifor: Vi måtte sjå verka av heltane til Steven Spielberg, Martin Scorsese, John Carpenter, Walter Hill og heile den gjengen. Hitchcock blei dermed min helt ganske tidleg.

På midten av nittitalet bestilte eg nokre Hitchcock-filmar frå England. Filmar som Rope, The Trouble with Harry, The Man Who Knew Too Much – og ikkje minst – Psycho, Vertigo og The Birds. Eg blei storfrelst, og sidan har eg kjøpt bokser på DVD og Blu-ray.

No har åra gått, og plutseleg er det lenge sidan eg har tatt ein Hitchcock-maraton. Suspicion trigga det ønsket, så i år er ÅRET!

Cary Grant og Joan Fontaine på toget i filmen Suspicion 1941
Framande på eit tog (Suspicion 1941)

Kva sjanger er eigentleg Suspicion?

Eg har sett han éin gong før, for lenge sidan på DVD. Filmen startar på eit tog kor Cary Grant kjem klumsete og sjarmerande inn i vogna til Joan Fontaine. Ho er sjenert og glad i bøker. Grant pratar i veg. Kva er dette, tenkte eg. Ein romantisk komedie? Vidare reiser dei til herskapshusa sine. Dei rir, og er typisk høgt oppe i klassesystemet.

Kjensla av romantisk komedie heldt fram. Dette var noko à la The Philadelphia Story, men kva med filmtittelen og signaturen «Hitchcock»?

Fontaine og Grant blir kjende. Ho er storforelska, og Fontaine spelar dette så bra at eg nesten hadde gløymt korleis forelsking er – nesten som ein sjukdom av store følelsar. Det er årevis sidan nokon har overtydd meg om at dei er forelska på film på denne måten!

Fulle av lidenskap og kjærleiksrus, giftar desse to seg. Men. Noko skurrar. Det skurra eigentleg frå augneblinken Cary Grant kom inn i vogna, og eg oppdaga dei raude flagga – som Hitchcock plasserer overalt. Kven er eigentleg denne storsjarmøren Johnnie Aysgarth?

Kuren mot filmlatskap

No vil eg beskrive noko rart som skjedde med meg medan eg såg på. Eg forsvann heilt inn i filmen, og eg kjende at eg pusta djupt og godt. Som om nokre tonn forsvann frå skuldrene mine, og eg blei heilt avslappa. Hitchcock gav meg denne kjemiske reaksjonen: den reine filmopplevelsen av pur filmmagi. EG SÅG FILM, og det blir berre sjeldnare og sjeldnare at den kjensla manifesterer seg.

Det er min eigen feil! Eg vel filmar eg ikkje burde sjå. Det er FILMLATSKAP. Eg unngår å sjå filmar frå øvste hylle fordi alt liksom skal vere så perfekt når eg først skal sjå dei, noko som er umogleg med kone, hundar og livet elles. Det handlar om éin ting: SETT PÅ FILMEN.

Fontaine og Grant som er forelska på kjøretur
«Hello Monkeyface» – Grant og Fontaine er ekte stjerner. (Suspicion 1941)

Frå romantikk til krypande thriller

Midtvegs i filmen går vi over til ein annan sjanger: Thriller. For herr Aysgarth er ein mistenkeleg snodig kar. Kona og ektemannen har kjøpt seg eit stort, vakkert hus. Når Joan Fontaine plutseleg får skuggar på seg i huset, skuggar som liknar på spindelvev, skjønar vi at noko er frykteleg gale.

Cary Grant gjer ting han ikkje burde, gong på gong, og hovudet mitt brølar: Kom deg vekk frå han, Fontaine! Kvifor er han så glad i å lese krim, bøker om mord? Kvifor er han så opptatt av rikdommen til foreldra til Fontaine?

Konklusjon

Eg er i full flamme under klimakset – og dette er ikkje éin gong blant Hitchcock sine topp 10 beste filmar! Likevel vil eg brøle at dette er den beste filmen eg har sett i 2026. Finalen kjem, og eg skal ikkje seie meir enn at EG ELSKA SLUTTEN. Den er PERFEKT, og Hitchcock spelte på meg som eit piano, sjølv om eg har høyrt melodien før.

Suspicion var EIN KNALL FILM!

Vurdering


Terminal-pila: ◀◁ (Spol tilbake)


Enkelt og greitt, notat til meg sjølv: Sjå meir Hitchcock, slutt med filmlatskapen. Eg ser mest filmar frå sytti-, åtti- og nittitalet, men filmane frå seksti-, femti- og førtitalet har noko som ingen andre har. Dei gir meg den absolutte, reine filmkjensla, fylt av djup respekt. Dette ligg i meg fordi Carpenter, Spielberg og co. sprøyta det inn i meg tidleg. Godt hjelpt av min eldste bror, NRK sine måndagsfilmar med gode gamle Pål Bang-Hansen, og til slutt min største helt gjennom livet: Roger Ebert, som med bøkene sine har inspirert meg meir enn nokon andre.


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *