Film-Noreg Rundt!: Kjartan
Dagens gjest i Film-Noreg Rundt! er ikkje kven som helst. Kjartan og eg har kjent kvarandre heilt sidan 8. klasse, og på 90-talet laga vi til og med film saman! Det er…
Film-Noreg Rundt!: Smaamorsomt
Smaamorsomt var ein av dei første eg vart kjend med etter at eg starta på Twitter i 2023, og vi har hatt mange artige pratar (håpar eg). Eg likar filmsmaken hans, og…
Film-Noreg Rundt!: Kai Lofthus
Kai Lofthus vart eg kjend med på Blåskya. Om det er éin som gjer humøret mitt godt, så er det Kai! Eg diggar det faktum at han veit kva musikk det er…
Film-Noreg Rundt!: Magnus
Magnus vart eg kjend med på filmTwitter anno 2023 (ja, vi er mange!), og vi har hatt mange gode filmpratar sidan. Nok eit staseleg og kjekt besøk – ta vel imot han!…
Film-Noreg Rundt!: Madelen Krogh
Madelen er ei dame etter min eigen smak – ein ekte skrekkfilmentusiast! Blei kjent med ho på gamle FilmTwitter anno 2023. Det er ei stor glede å sleppe til slike lidenskapelege stemmer…
Film-Noreg Rundt!: Ine Harsten
Ine har eg hatt sporadiske filmpratar med her på Blåskya, om alt frå western til Ennio Morricone. Ho fortalde meg at ho ved eit høve leigde ein heil kino og viste Local…
Film-Noreg Rundt!: Erik Vågnes
Erik vart eg kjend med på filmTwitter i 2023, og at han er ein filmfrelst sunnmøring, gir meg håp for Sunnmøre. Eg har lese mykje av det han har skrive på Montages.no…
Film-Noreg Rundt!: Filmvenn
Fredagens gjest vart eg kjend med her på filmskya i fjor. Filmvenn har eit solid namn i filmverda, og det er skikkeleg stas at han tek turen innom Filmloftet. Ta vel imot…
Film-Noreg Rundt!: Trond
Trond vart eg òg kjend med på filmTwitter i 2023. Alltid like kjekk å prate film med! Eg har stor respekt for filmkunnskapen hans, og eg synest han skriv utruleg god filmprosa…
FILM-NOREG RUNDT!: MARTIN DAHLIN
Martin vart eg kjend med på filmTwitter anno 2023. Eg set umåteleg stor pris på alle filmpratane eg har hatt med han – og dei byrjar det å bli mange av! Han…
FILM-NOREG RUNDT!: Marius Genser
Marius Genser assosierer eg med god filmsmak – altså lik min eigen. Han vart eg òg kjend med på filmTwitter i herrens år 2023, og vi har hatt mange gode filmpratar sidan….
FILMNOREG-RUNDT! : Asle Kvinnesland
Storfint besøk på Loftet! Dagens gjest på FILM-NOREG RUNDT! er Asle. Vi møttest på gamle FilmTwitter (i den harde filmkjernen der) i 2023, og har prata mykje film sidan. På Letterboxd har…
Gjesteboka
Velkomen til Gjesteboka og Film-Noreg rundt! Her inne på Gjesteboka handlar det om den ekte og ufiltrerte filmentusiasmen. Som de veit, brenn eg for alt frå beinhard sci-fi og blodig skrekkfilm til gløymde B-filmar og skitne kultklassikarar frå det glade åttitalet. Men sjølv om eg tilbringer utallege timar framfor skjermen, kan eg umogleg sjå alt åleine. Og eg veit at eg ikkje er den einaste der ute som framleis kjenner eit sterkt sug etter den gode, gamle videosjappestemninga.
Noreg er stappfullt av filmnerdar, samlarar og lidenskapelege sjåarar som sym sin eigen sti, heilt utan å bry seg om kva snobbete filmkritikarar og den grå massen meiner. Det er nettopp desse folka eg vil ha fram i lyset! Difor har eg starta denne faste spalta.
FILM-NOREG-RUNDT!
Kort fortalt er dette staden der vi slepper til andre stemmer. I hovudsak inviterer eg inn spennande gjester frå heile landet til eit skikkeleg djupdykk i deira eigne filmvanar. Gjennom eit knippe faste spørsmål prøver vi å finne ut kva som rører seg i dei mørkaste filmkrokane der ute. Kva er den mest absurde filmen dei eig? Kva for ein film skremde livskiten ut av dei då dei var yngre? Og kva er den ultimate guilty pleasure-filmen som dei gir eit klokkeklart terningkast 6 med god samvit? Her handlar det om å dele røyndomen og dei reine filmopplevingane.
GJESTESKRIBENTAR
Men spalta stoppar ikkje ved berre spørsmål og svar. Iblant opnar eg òg dørene på vidt gap, slik at gjester kan publisere sine heilt eigne filmmeldingar her på Filmloftet. Har du eit meisterverk frå syttitalet som du meiner fleire burde sjå? Ein mørk komedie som har fått ufortent mykje tyn, eller kanskje du vil ta eit oppgjer med ein oppskrytt og keisam Hollywood-blockbuster? Her er det stor takhøgd og rom for galne meiningar. Det viktigaste er at teksta har sjel, punch og er skriven med ekte lidenskap for mediet.











