Oscar og den store draumen

På åttitalet blei ikkje Oscar-utdelinga sendt direkte, men NRK serverte ein redigert versjon helga etter. Det var ubeskriveleg spesielt å sjå Jack Nicholson, Steven Spielberg og alle mine heltar samla under same tak, i vente på å vinne og halde talar. Det var denne eine gongen i året vi kunne få eit innblikk i stjernenes liv, då dei var mystiske, nesten som semi-gudar, fordi dei ein gong var vanlege folk, men gjennom talent og flaks blei sendt til Hollywood-himmelen bak ei dør vanlege dødelege ikkje kunne få pass, med mindre ein sjølv jobba seg dit. Å vinne ein Oscar var det ultimate. Då vi lagde 8mm-film på åttitalet, drøymde eg om talen eg skulle halde med Oscaren i handa og mitt “pass” som lot meg mingle med stjernene og vere deira like.

Jack Nicholson var fast inventar på Oscar-utdelinga i gamle dager.

Då satellitt blei tilgjengeleg for dei få og heldige på slutten av åttitalet (på øya eg vaks opp på), kunne ein endeleg sjå Oscaren direkte. Eg var heldig, fordi ein kompis av meg var ein av dei få og heldige som hadde satellitt, og i den satellittpakken var FilmNet – ein rein filmkanal som viste filmar døgnet rundt. Det var ein himmelsk kanal eg aldri skulle få oppleve i min eigen heim (då TV1000 kom i hus fleire år seinare, var det ikkje like magisk).

Min filmgalne venn fortalde meg ein vakker dag tidleg på nittitalet at FilmNet skulle sende Oscar direkte, og han inviterte meg til den store hendinga. Minnet kan bedra, men eg meiner det var i 1991 (mest sannsynleg les han dette og gir korrekt år).

Det blei ein tradisjon for oss dette tiåret. Vi kjøpte inn snacks, cola og seinare taco. Vi gjorde det interessant og laga ein morosam tippeleik der vi sat klare med penn og papir, skreiv kven vi tippa ville vinne like før vinnaren blei kåra, og oppsummerte til slutt med å kåre den som hadde flest rette – der det var heider og ære for vinnaren (eg har tatt vare på nokre av lappane).

Oscaren eg hugsar best, var den i 1998, då Titanic «cleaned house». For ei hending – å sjå James Cameron på direkten rope “King of the World” var fantastisk. Eg og min kompis var erfarne Oscar-sjåarar på denne tida og mykje betre til å tippe. Konkurransen var hard, og eg trur eg vann dette året. Det var ei herleg, morosam tid. Eg trur dette var siste året tradisjonen blei halden i barndomsheimen hans, før vi tok steget ut i vaksenlivet og flytta frå heimstaden vår, begge to. Men innerst inne føler eg at vi gjorde det ein gong til etterpå.

KING OF THE WORLD! James Cameron

Gradvis såg eg mindre Oscar-showet direkte på 2000-talet. Men av ein eller annan grunn starta eg igjen i 2010. På grunn av sosiale medium og annan form for kommunikasjon kunne eg og Mr. T (min filmgalne venn) sitje og tippe igjen, òg i lag med andre vener. Det var kjekt, men magien frå 80- og 90-talet var borte. Sosiale medium hadde gradvis løfta det mystiske sløret rundt stjernene, då vi fekk tilgang til deira liv døgnet rundt. Å vere filmstjerne verka ikkje så kjekt som det ein gong føltest. Kanskje eg vaks opp. Kanskje var det ein tåpeleg draum. Kven veit, men dei gode minna står sterkt.

I natt er det Oscar i Los Angeles for 97. gong, og eg vurderer å sjå den. Sjølv om magien er borte og utan Billy Crystal som vert (min favoritt), så er det tradisjon, tross alt. Den skal eg halde – men med fare for at eg sovnar. Mr. T har blitt nybakt pappa, så eg veit det blir inga tippekonkurranse i år. Kanskje eg heller legg meg tidleg og drøymer om draumen eg ein gong hadde.

Oscar – min store draum.