FILMOMTALAR
Filmloftets kåring: Topp 10 filmar av John Carpenter
For første gong i mitt liv har eg samarbeidd med ein annan på ei toppliste. Som eit massivt høgdepunkt i den store John Carpenter-månaden vår, var det nemleg på høg tid å…
Anmeldelse: Turkish Delight (1973) – grenselaus kjærleik
Eg vil starte mine tankar med eit sitat frå Rutger Hauer frå Blade Runner: «I’ve seen things you people wouldn’t believe». Her i Turkish Delight såg eg ting eg aldri før har…
Only Angels Have Wings (1939): John Carpenters filmtips
Ja, når sjølvaste meister Carpenter gir filmtips under vår store John Carpenter-månad, lyttar i alle fall eg! Eg visste frå før at han er glad i Howard Hawks sine filmar, og eg…
Breathless (1983): Eit åndelaust og dampande heitt gjensyn
For eit døgn! På 24 timar har eg sett Nouvelle Vague (2025), À bout de souffle (1960) og Breathless (1983) og no er eg heilt åndelaus. Desse filmane er perler på ei…
Nouvelle Vague (2025): Eit plettfritt kjærleiksbrev til filmen
Richard Linklater er eit personleg filmgeni. Regissøren talar direkte til meg, ei kjensle eg sjeldan får lenger. Eg likte veldig godt Blue Moon, og Hit Man var ein god, gammaldags nittitalsfilm. Nouvelle…
The Drama (2026): Anmeldelse
The Drama har ein vakker fasade med Zendaya og Robert Pattinson i hovudrollene, men filmen er fullstendig tom på innsida. Kva slags film prøver The Drama å vere? Eg tenkte først: ein…
Titanic (1997) – mitt hjarta går vidare
Det er minst 15, kanskje 20 år sidan eg såg Titanic sist. Eg har lest litt om sjølve skipet siste tida, noko som trigga ein rewatch. Neste år blir filmen 30 år…
May December (2023): Anmeldelse
Utsette eg å sjå May December ut av instinkt? Her er ein film om ein Hollywood-skodespelar som køyrer the method når ho skal researche si neste rolle: ei kvinne på 36 år…
Suspicion (1941) – Ekte filmmagi frå Alfred Hitchcock
Eg var eigentleg på veg til sengs. Men så dukka Suspicion (1941) opp i siste liten. Eg tenkte: Åhh, lenge sidan eg har sett Alfred Hitchcock. Med Cary Grant og Joan Fontaine…
Disclosure Day (2026): Anmeldelse
At Disclosure Day er den beste Steven Spielberg-filmen sidan Catch me if you can eller Munich, syns eg ikkje. The Fabelmans er den beste sidan Munich. Det eg derimot må bestemme meg…
Old Henry (2021): Anmeldelse
Alert, alert, dette er ein special bulletin! Dette var saker! Old Henry er frå 2021, og det er ei stor glede å oppdage slike små perler frå nyare tid. Sett på Netflix…
Spoorloos (1988): Anmeldelse
Spoorloos (1988) handlar om ekteparet Rex og Saskia frå Amsterdam, som reiser på ferie til Frankrike. Under eit bensinstasjonstopp à la Dombås forsvinn Saskia då ho skal kjøpe kaffi. Rex fortvilar, han…
FILMOMTALAR
Sjølv om hjartet mitt bankar ekstra hardt for kornete VHS-kassettar og 80-talsnostalgi, så sit eg ikkje berre og gret over gamle dagar her på Filmloftet. Ein må jo lyfte blikket og sjå kva som rører seg på det store lerretet – og på dei uteljelege strøymetenestene som kastar titlar etter oss kvar einaste veke. Ein ekte filmentusiast kan ikkje mure seg inne i fortida; vi må vite kva som skjer her og no.
I denne kategorien finn du mine personlege filmomtalar av alt som er nytt, ferskt og aktuelt. Her er det ingen sjangerreglar som styrer showet. Det kan vere ein storslått blockbuster på kino den eine dagen, og ein smal, mørk indiefilm på Netflix den neste. For meg handlar gode filmomtalar ikkje om kva som er mest korrekt å like, men om kva som faktisk rører noko ved oss – eller kva som berre er knallgod underhaldning.
Tv-seriar og impulskontroll
Som eg har sagt før: Dette er mi frisone. Det betyr at tv-seriar snik seg inn i varmen her òg. Vi lever i ei tid der grensa mellom film og seriar nesten er viska ut. Når seriar som Stranger Things eller Twin Peaks: The Return kjem på banen, så er det jo i røynda snakk om lange, episke filmar delt opp i bitar. Difor får dei sjølvsagt plass her på loftet.
Her er det ingen fastlåste reglar, og eg skriv ofte på den reine impulsen. Det er filmgleda (og av og til filmfrustrasjonen) som bestemmer kva som hamnar under lupa. Eg lovar deg ærlege meldingar, utan for mykje akademisk snikk-snakk. Enten det er snakk om ein genistrek som tek pusten frå meg, eller eit skikkeleg makkverk som aldri burde sett dagens lys, så får du den usminka sanninga her.
For korte og kjappe anmeldelser: Systemloggen (min personlege Letterboxd)











