Anmeldelse: The Dog Stars (2026) – Ei meditativ reise i ruinane
Ridley Scott finn ikkje opp krutet på nytt her med sin siste film, The Dog Stars (2026), som handlar om ei dyster og dystopisk post-apokalyptisk verd. Men lat oss vere ærlige: Absolutt alt er gjort før, spesielt no i desse tider med ekstremt mykje «content» i både film og tv-seriar. Det eg er på jakt etter, er noko som ikkje kjenst som «content», og The Dog Stars gav meg nettopp den ikkje-content-kjensla.
Småfly, sanking og ein «grumpy» Brolin
Jacob Elordi – i den beste rolla eg har sett han i – spelar her saman med ein alltid knallgod Josh Brolin. Alt har gått til helvete, men desse to karane har det ganske på stell. Dei eig ein liten flyplass utanfor Denver. Elordi er mekanikaren og flypiloten, med sin trufaste hund. Brolin er den «grumpy» militærmannen som nærmast nyt den post-apokalyptiske tida.
Kvar veke er den same: «Kakerlakkar», som Brolin kallar dei, prøver å ta forsyningane deira. Dei blir skotne på flekken av den nådelause militærmannen. Elordi reiser til Denver for sanking. Slik går no dagane. Brolin prøver å forklare Elordi at dei har det så godt som mogleg i denne verda, men den yngste karen vil ha meir. For han har håp, og håpet heiter Grand Junction. Ei kort radiosending frå himmelen gjer flypiloten merksam på dette mekkaet.

Så ein vakker dag forlèt den yngre sin eldre venn på leit etter noko betre. På ein måte ville eg berre henge med desse to resten av filmen. Men Elordi tek laust. Eg elskar korleis Ridley Scott har fanga naturen i denne filmen; mykje fjell og grøne skogar – alltid i bakgrunnen. Flyscenene er vakre og meditative.
Flyet klikkar og må nødlande. Kall det divine intervention, for rett ved sidan av marka der Elordi landar, bur Margaret Qualley med far sin, Guy Pearce. Denne delen er også knall! Guy Pearce er skeptisk først, men sakte blir dei alle vener. Han hjelper dei, og dei hjelper han.
Når sivilisasjonen kollapsar
Dette høyrest jo ikkje ut som ei så ille verd! Men filmen er veldig mørk. Eg trur mange kjenner att eit mønster frå The Walking Dead: Det var ikkje zombiane som var verst, men menneska. Store grupper med barbarar plyndrar og drep, overalt. Ingen kan stole på nokon, og det er betre å skyte først og spørje etterpå.
Korleis blir verda om sivilisasjonen kollapsar? Vel, eg er ganske sikker på at slik filmen og The Walking Dead beskriver det, er det mest sannsynlege scenarioet – i alle fall i USA. Her i Noreg hadde det sikkert blitt som på 1800-talet, vi hadde blitt bønder igjen! Bortsett frå Oslo, då!

Ridley Scotts beste sidan Alien: Covenant?
Dette er den beste Ridley Scott-filmen eg har sett sidan Alien: Covenant, ja, betre enn The Last Duel. The Dog Stars blei ein flopp på kino, og filmen blei slakta. Eg er ueinig. Eg likte denne reisa! Her er det ikkje så mykje action eller blod som i 28 Years Later: The Bone Temple, og filmen er overraskande stille. Men eg sette stor pris på ein roleg, stille post-apokalyptisk film. Eg er fan av sjangeren, og dette er ein av dei betre eg har sett dei siste åra.
Når actionen først skjer, er det knall! Og her er ein sekvens som kanskje ikkje høyrer heime. Ein sekvens som kanskje splittar meiningar, utan at eg skal røpe noko. EG digga denne sekvensen – veldig surrealistisk og urovekkande!
Til å vere ein ny film, er dette ganske bra. Eg trur faktisk han er bra nok til å få ein plass høgt på topp 10-lista over filmar frå 2026. Når eg ser på dette filmåret under eitt, er eg lite imponert, så The Dog Stars var hjarteleg velkomen.
Terminal-pila: ▲
80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill
