Stranger Things sesong 5 (Ep. 1–7)
Plutonium-mangel og resirkulering
(SPOILER ALERT)
Duffer-brørne manglar plutonium til flukskondensatoren sin; dei sit fast og resirkulerer alt frå dei tidlegare sesongane. Eg kunne ha gått gjennom episode for episode av sesong 5, men her skjer det så mykje at om eg skulle ha våga meg på den oppgåva, hadde det blitt ei bok på storleik med Lord of the Rings.
Først: Eg er skuffa over denne sesongen. Det er langt ifrå same kvalitet som førre sesong. Men, her er òg kule ting og fabelaktig action. Dessverre er her også mykje repetisjon, rot og eit sinnsjukt tempo som skal gi rom til absolutt alle karakterane, men som endar med å gå ut over kvaliteten serien har hatt tidlegare.

Poltergeist og The Matrix
Hovudhistoria her kretsar rundt Holly, lillesøstera til Mike og Nancy. I rein Poltergeist-stil opnar det seg eit hol i veggen på barnerommet hennar, og ein Demogorgon tek henne etter å ha rasert huset og nesten drepe far og mor. Holly blir teken til Vecna (Skurk A), som koplar henne opp til «The Matrix».
Elles har ein spesialstyrke laga eit fort i Hawkins sentrum, med godaste LINDA HAMILTON som sjef (Skurk B). Ein portal til Oppsida-ned er inne i fortet, og ein ekstra base på innsida av Oppsida-ned, som no er tom for monster – alle har forsvunne. Goonies-gjengen skal då òg kjempe mot denne styrken, som Patrick Swayze og «The Wolverines» i Red Dawn.
Ein verden for mykje
Inne i The Matrix har Vecna ein HENRY-versjon av seg sjølv. (Forresten spelte skodespelaren i Harry Potter and the Deathly Hallows i ei kort scene som svart trollmann). Denne verda blir kontrollert av Vecna frå ei anna verd, på andre sida av eit ORMEHOL. Med andre ord er det fire verder å forhalde seg til, pluss alle scenarioa inne i Henry sitt minne:
- Hawkins
- Oppsida-ned
- Avgrunnen (Vecna)
- The Matrix (Minna til Henry)
Snakk om å gjere ting komplisert! Men dette er rare ting. Holly er inne i Vecna sitt sinn. Max, som ligg i koma i Hawkins, er eigentleg ikkje i koma, men er òg oppkopla til Matrix og møter Holly. Eg held på å klikke! To gonger hadde Max opninga framfor seg; der står ho, kikar og går sakte mot realiteten sin. MEN kassetten som spelar «Running Up That Hill» stoppar, Lucas må spole tilbake, og portalen lukkar seg. Vecna kjem, og Max spring til ei hule i fjellet som Vecna ikkje tør å gå inn i. Eg synest denne Matrix-delen var kjedeleg, og Henry, som har på seg hatt og gentlemanklede, verkar ikkje lenger farleg.
Eg må få sagt det: «Running Up That Hill» av Kate Bush var eit stort augeblink i sesong 4.
Her mjølkar Duffers kua og bruker songen om igjen og om igjen, og det er dumt med slik utvatning. Veldig mykje blir brukt opp igjen her: Will blir spion igjen (heile tida denne torturerte karakteren som slit som Frodo/Potter). El som legg seg i tanken for å finne den og den. Nei, no må eg sleppe ut litt irritasjon:

Linda Hamilton har oppfunne ein «jammer» som set ein stoppar for El sine krefter. Desse er monterte på bilar og diverse, og vi får inga forklaring på korleis dei plutseleg har fått dette apparatet utan å teste det på El. Uansett er dette frykteleg irriterande. Og spesialstyrkane er meir interesserte i å fange El, og set ikkje spørsmålsteikn ved DEMOGORGONEN som angreip og drap ein haug med soldatar – heile to gonger! Nei, det er ikkje viktig, kun El betyr noko. Dermed er Lindas soldatar ein hjernedaud gjeng som kun eksisterer for å stikke kjeppar i hjula for Goonies-gjengen når dei er ute etter hovudskurk A: Vecna.
Kali er tilbake (Kvifor?)
KALI er tilbake. Jim var villig til å sprengje seg sjølv då han gjekk inn i eit rom i trua på at Vecna skulle vere halden fanga der. Nei, det var Kali. Kvifor er ho tilbake når historia hennar var den svakaste og minst populære i sesong 2? Ho er ein overflødig og dårleg skriven karakter, og det einaste ho gjer, er å overtale El til å vere med henne og kome seg vekk frå menneska. Eg mistenkjer endå at ho er vond og er ein slags Saruman som tek sida til Vecna. Ein kan jo håpe.
Alle har blitt kranglefantar: Nancy og Jonathan kranglar og syter; same gjer El og Jim, og Steve og Dustin (som endar med å slåst). Ein blir sliten av slikt! Jim, som endeleg blei vaksen i sesong 4, er no tilbake som mannebaby. Men dei kranglar nok slik at vi skal få dei endelause «unnskyld, du er verdas beste»-bli venner igjen-scenene.
Overambisiøst!
Ein annan ting som irriterer, er hoppinga fram og tilbake mellom alle mikrohistoriene; fem minutt her, fem minutt der. Her er for mange historier og for lite tid med kvar karakter, som eigentleg står ovanfor same motstand som førre sesong. Resirkulering, som sagt, og altfor overambisiøst.
Duffers prøver heile tida å kome med store avsløringar: Ein stor vegg som avgrensar Oppsida-ned-Hawkins (som Stephen Kings Under the Dome). Så får vi vite at dette er eksotisk materie og at Opp-ned ikkje er ein annan dimensjon, men ei lomme ved eit ormehol. Det blir laga eit hol som syg ut bygningar i éin episode, men gløymt i den neste. Så får vi vite at Kali blir tømd for blod (sprøyter det inn i spedbarn), og at HENRY blei det tidlegare, og at alle – inkludert El – er ein variant av han. Duffers har grubla hardt dei siste åra, MEN dette er ikkje nok. Dette er småtteri i forhold til førre sesong, som var «peak» – umogleg å toppe.
Referansar og idioti
Filmreferansar er det flust av. Men eg har slutta å bry meg; det er ikkje artig lenger – FOR EG VIL SJÅ SLUTTEN AV SERIEN. Holly vandrar rundt i The Matrix og har på seg klede som Alice in Wonderland. Ikkje berre det; ei gul kappe som tydeleg kjem frå Shyamalans The Village, for Henry seier: «Ikkje gå ut i skogen». Alle barna som er samla hos Henry, blir Village of the Damned-barn òg. Og Goonies-gjengen lagar Home Alone-feller for å fange ein Demogorgon som er ute etter å ta barn. Denne planen er så idiotisk og tidkrevjande at eg blei oppgitt.
Éin episode avsluttar med at WILL HAR KREFTER; han er verjeleg ein trollmann. Men i starten av neste episode viser det seg at han berre snyltar på Vecna sine krefter og har ikkje sine eigne. Og plutseleg er han den svake Will igjen som nok ein gong blir teken til fange av Vecna og blir brukt som spion osv… tolmodet mitt tek slutt.
Max tek seg tid!
Så klarer MAX og HOLLY å finne ei opning tilbake til Hawkins. Dei ser opninga, og har Max lært? Nei, ho fortel då ENDELEG Holly at KUN MAX kan gå gjennom holet (noko ho visste HEILE TIDA), og Duffers prøver å gjere dette til ei rørande scene der Max seier ho må finne eit godt minne – som ho gjer, tilfeldig og med flaks (men uflaks i flaks). Max vaknar i Hawkins, men Holly, som er oppkopla i The Matrix, vaknar i THE ABYSS (Avgrunnen) der ho sjølvsagt blir teken til fange etter å ha falle som Gandalf i eit ormehol og sporenstreks blitt kopla opp att i The Matrix.

Eg føler dei sentimentale triksa Duffers har brukt tidlegare, ikkje fungerer lenger. Og det blir laga så mange planar og sidehistorier at vegen til det ekte klimakset er like seig som stoffet (The Stuff) Nancy og Jonathan blir fanga i når veggane smeltar i Hawkins Lab. Det meste kjennest som filler-episodar, og momentumet frå sesong 4 er øydelagt. Eg merkar at interessa for karakterane byrjar å forsvinne. El er meir anonym, blir kun brukt som «søkar», men finn aldri nokon lenger, og alle er blitt vaksne – kids-sjarmen er vekke. Linda Hamilton er underbrukt. Det eg likte i førre sesongar, var interessante, morosame karakterar. «Elementary/High School»-biten var frykteleg viktig; alt dramaet i det verjelege livet i Hawkins. Alt det er ikkje til stades her i Stranger Things sesong 5.
Konklusjon hittil
Action, effektar og visse eventyrdelar er framleis bra; eg heng med. Men hittil må eg lande på eit TERNINGKAST 3 – for dette er svakt. Duffer-brørne har gått tomme for idear, og når dei kjem på ein god éin, øydelegg dei han i neste episode (som f.eks. Will). Eg har jo håp om at noko stort kan skje i finalen som vi får på nyåret. Men der er ingen håp for sesong 5 som ei god heilheit.
Min spådom
Eg tippar nokon viktige skal døy, kanskje Jim – for Duffers rører ikkje ungane (GOONIES NEVER SAY DIE). Men eg har ein annan tanke:
Eg trur, sidan vi har med pseudovitskap, tidsreiser og slikt, at noko stort kjem til å skje med ORMEHOLET. At det kollapsar saman med tid og sender Hawkins og våre kjære karakterar tilbake til 1983. At vi får ein «reset»; at ingenting fælt skjedde. Jo, vi må ha eit vitne. Vi kan seie El, som møter Goonies-gjengen som små igjen, og alt er fint og normalt. Forbanninga er broten. Barb, Billy, Eddie, alle lever. Dette spår eg!
Stranger Things Sesong 5 (Wikipedia)
Anmeldelse av sesong 4