Bjørn Dennehy Foto: Orion Pictures / Studiocanal.

Spøkelset på Filmloftet: Kven i helvete er Bjørn Dennehy?

Bjørn Dennehy

Filmloftet treng fleire stemmer – for heilt ærleg kan eg bli lei av mi eiga stemme. Ator Dahlstrøm var eit friskt pust for meg, eg elskar dei nedskrivne orda hans om videosjappetida.

Framover vil det dukke opp ei ny stemme her på Filmloftet, ei stemme som bryt gjennom all støyen og med si kraft leverer ei ærleg meining som eit lyn. Han heiter Bjørn Dennehy, og eg har gitt han eit spesielt løyve: Han får siste ord. Han får vere eit spøkjelse som heimsøkjer Filmloftet; ei kraft utanfor min kontroll.

Om Bjørn Dennehy ser noko han er totalt ueinig i, får han lov til å kome med siste ordet i alle filmomtalane mine. Sjå på det som divine intervention, eller som ein kvalitetssjekk – ja, for alle kan ta feil, eg òg! Men Bjørn Dennehy tek aldri feil. Orda hans er den eigentlege og einaste ekte sanninga.

Eg har sendt spørsmål til Bjørn Dennehy, og han har svart:


Litt om deg sjølv?

Småhissig, delvis hyper, tidvis usakleg og bastant, men stort sett ein ganske «grei» gubbe/manchild… håper eg hvertfall… eller? Elles har eg har ein stor ku….. eg meinar… ein stor lidenskap for film og musikk, og graviterer primært mot filmar frå 70, 80 og 90-talet, med hovudfokus på talet 80. Har utvikla ein hissig «allergi» mot det meste av nye filmar/seriar, men… må innrømme… ein veldig sjeldan gong blir det til at eg utforskar denne «hengemyra» også. Når det gjeld musikk så er det beinhard metal, soundtracks og 80-tals pop/rock som har hovudrolla i spelelistene mine, men høyrer også mykje på jazz som t.d. Miles Davis, Chet Baker osv.

Er eg på gymmen og løftar jern, så kan musikken gå frå Cannibal Corpse til John Coltrane til Rocky IV soundtracket. Når det gjeld musikk, må eg ha variasjon, i motsetning til kvardagen elles. Då er det nærast militante rutiner.

The Breakfast Club
The Breakfast Club (1985) Foto: Universal Pictures

Kva fem filmar likar du best?

  • First Blood
  • The Breakfast Club
  • Aliens
  • The Terminator
  • Raiders Of The Lost Ark

Streaming eller videosjappe?

Definitivt videosjappe… om dei fortsatt eksisterte. Men, sidan eg ikkje er så veldig begeistra for dei fleste andre tobeinte skapningar, eller sosialisering, så er streaming eigentleg midt i blinken. Men, saknar dagane på videosjappa, og lukta av frityr.

Kino eller heimekino?

Før mobilen, kino. Etter mobilen, heimekino.

Kva syntest du om filmar som er laga i dag kontra gode gamle dagar?

Nye filmar er stort sett uinteressante sett med mine auge. Varierer også mykje avhengig av sjanger. Horrorfilm t.d. kan sleppe unna med mykje rart, og likevel lande «stødig», men t.d. nye komedier?… det er jo berre total føkkings brainrot! Det same gjeld actionfilmar. Djiiiizes! Dagens «actionstjerner» er jo heilt uinteressante, og INGEN kjem til å hugse dei slik vi hugsar Stallone, Schwarzenegger, Charles Bronson, Chuck Norris, Jackie Chan m.fl. Nostalgi? Maybe, men kom igjen… John Wick? Fuck off! Jævla makkverk! Og han gørre Reacher-duden? Hadde ikkje funne karisma og talent om du stappa det direkte opp i rassen på han! Hjelp jo heller ikkje at filmane desse gutta spelar i er total dogshit!… Rolig no Dennehy… ROLIG!… puste med magen… puste iiiiiiinn… og puste uuuuut. Now, where were we? Nyare kontra eldre ja…

«Ingen av dagens filmar vil i framtida bli rekna som ein klassikar»

Eg trur ein av «bakdelane/fordelane» med å vere fødd på 70-talet, er at ein har eit solid samanlikningsgrunnlag, og alt blir målt opp mot dei gode gamle, og då kjem jo sjølvsagt dagens filmar, på nærast alle måtar dårligare ut. Eldre filmar kan eg sjå om og om igjen, som t.d. Die Hard, min favoritt-julefilm… men… greier ikkje å kome på ein einaste film av nyare dato eg kunne tenkt meg å tatt eit gjensyn med. Tenke tenke… Nope… ikkje ein einaste ein! Ingen av dagens filmar vil i framtida bli rekna som ein klassikar, trur du det? Anywho… gamle grinebitarar seier ofte at alt var betre før, og det stemmer som regel ikkje, men når det kjem til film, og musikk, så meiner eg, reint objektivt, at alt VAR betre før.

Betre kameraføring, betre dialogar, betre historier. Meir truverdige karakterar. Meir estetiske locations. Betre soundtrack, betre casting, betre humor, action, drama… ja, you name it. Eg får meir glede ut av ein middelmådig film frå 80-talet, enn 99% av alle nye filmar eg har vore dum nok til å sjå. Ny film sett idag, gløymt idag.

Bjørn Dennehy
20th Century Studios
Die Hard (1988) Foto: 20th Century Fox

Kva filmar angrar du på at du fullførte?

  • The Wrath Of Becky
  • One Battle After Another
  • Man Of Steel

Fem musikkartistar må alle høyre?

  • Pantera
  • Jerry Goldsmith
  • Cannibal Corpse
  • John Carpenter
  • Miles Davis

Kva tre regissørar bør alle like?

Kun tre? Fuck! Ok… då må det bli Steven Spielberg, James Cameron (før Avatar-driten starta) og John Carpenter.

Kva er ditt beste filmminne?

Dette var på 80-talet. Eg var vel 10 eller 11 år, og var på den årlege sommarferien hjå tante, onkel og mine to søskjenborn. Dagane her blei som regel brukt til å sykle, spele fotball, sjå kor mykje vingummi vi kunne stappe i oss, turar i fjellet/skogen/hytta osv. Men, av og til fekk vi «roa ned reka» nok til å sjå ein film… eller tre. Problemet var berre at den type film vi helst ville sjå… du veit… den med vald og/eller nude ladies, ja dei var jo på den tida i kategorien aldersgrense 18 år… med andre ord, vi var FUCKED!

MEN, der var ein potensiell veg rundt dette problemet, for… hadde du med ein lapp frå foreldra dine, der det stod at pjokken fekk lov å leige seg ein film… eller tre, ja, då kunne det muligens bli ei ordning likevel. Meeeen, uheldigvis/heldigvis hadde vi nokonlunde oppegåande foreldre, som, av erfaring, visste godt kva eit slikt «løyve» mest truleg ville resultere i… you guessed it… VALD og/eller TITS!

«Let’s fake a note!»

Så i fråveret av våre foreldre sitt samarbeid, var vi «tvinga» til sjølve å kome opp med ein genial plan, og det gjorde vi… «Let’s fake a note! «God» gamaldags dokumentforfalskning. Fram med penn og papir. Prøve. Feile. Prøve igjen… og igjen. Etter ei handfull, eller tre forsøk, var vi happy med «kunstverket», hoppa ut døra, satte oss på syklane (sjå føre deg gjengen i The Goonies suse avgårde) og tråkka så fort vi kunne til den lokale videosjappa. Ville eksperimentet funke? Kom vi til å bli avslørt? Patience my friend… patience.

Vi bremseskrensa inn framføre sjappa, kasta frå oss syklane og sprang inn. Bak disken denne dagen, stod det ei ukjend jente. Ho hadde fått sommarjobb der, og eg hugsar eg tenkte «YES!», for ho visste mest truleg ikkje kven foreldra våre var, eller kva ordning vi hadde/ikkje hadde, i motsetning til den gamle gubben som dreiv sjappa, kjende alle, og hadde sett alle «lure» triksa før.

«This is it! Dette er filmen!»

Med denne nyvunne optimismen scanna vi hyllene som rovdyr på jakt, og det tok ikkje lang tid før eit særskild cover nærast «stråla» mot oss! Ein muskelmann med eit stort maskingevær i hendene, panneband, patronbelte over den eine skuldra, omkransa av ein mørk skog mot blå bakgrunn. This is it! Dette er filmen! Alle var enig. Vi studerte det imponerande coveret nøye, og innsåg fort at filmen sjølvsagt hadde aldersgrense 18 år, men det skulle syne seg at akkurat denne dagen, ja då var hellet på vår side. Vi la coveret, saman med det heimesnekra «løyvet» på disken. Jenta såg på oss, smilte, henta filmen frå bakrommet og plasserte den i etuiet med vår nye «soon to be hero» på framsida. For en lykkerus! Vi tråkka oss heim, sneik oss ned i kjellaren, vingummi, potetgull og Coca Cola på bordet. Putta filmen i VHS-spelaren og trykte PLAY.

Den dagen forandra Sylvester Stallone og filmen First Blood livet til ein gutlarv med namnet Bjørn Dennehy.

Brian Dennehy
First Blood (1981) Foto: Orion Pictures / Studiocanal

Siste nye gode filmen du såg?

I Swear.

Siste gamle gode filmen du såg?

Kanskje ikkje den siste, men den eg likte best frå siste veka’ish… Extreme Prejudice (1987) Old school, moderne «western». Ein skikkeleg knakarfilm som fresa frityr heilt i taket! Denne har alt nyare filmar manglar, and then some! Blir garantert meir Walter Hill filmar i næraste framtid.

Schwarzenegger eller Stallone?

Fuckings helvete da mann! Blir som å velge mellom barna sine det. Dei er jo begge i filmar på topp 5 lista mi. Ok… Schwarzenegger… nei… Stallone… nei faen… Schwarzenegger… føkk… Stallone… nei til helvete og litt til. Her blir det ein threesome!

Helge Jordal eller Bjørn Sundquist?

Good old Helge. Orions Belte gjorde godt inntrykk i si tid, i motsetning til dagens norske teater… host hark… eg meinte… dagens norske FILMAR.

Spielberg eller Carpenter?

Igjen, som å velge mellom barna sine, men her trur eg faktisk eg må seie Spielberg. Jaws, Indiana Jones, E.T. Jurassic Park, Poltergeist… ja, eg veit at det står regi av Tobe Hooper, men let’s be real… Aaaaaalle ser at Poltergeist er ein rein Spielberg-film. Anywhoooo… like always, I digress, men… det kjem ofte an på humør/dagsform. Ein dag er Carpenter king, ein annan er det Steven.

Sigourney Weaver eller Linda Hamilton?

Det var då faen til vanskelege «problem» å måtte ta stilling til! Ellen Ripley eller Sarah Connor? Fuck me! Trur eg må gå for Sigourney, mest på grunn av henner meir imponerande katalog med arbeid totalt. Men, få som toppar Linda Hamilton som Sarah Connor. Tøff som faen. Sjarmerande som få, og heilt perfekt i den rolla, men Sigourney har Alien-filmane i beltet, Working Girl, Ghostbusters + +, men diggar begge enormt! Ekte girlpower!

Likar du Ed Lauter?

Ja fy faen! Den som ikkje likar Ed Lauter må gå i seg sjølv og revurdere heile livet sitt!

Death Wish 3
Ed Lauter og Charles Bronson i: Death Wish 3 (1985) Foto: The Cannon Group / MGM

Noko anna du vil få sagt om film?

Nei, no får det faen meg vere nok gnål om føkkings film! Veit du ikkje at det er washday tomorrow… nothing clean, right?


Ei siste åtvaring

Så framover lyt eg (Frankensten) kike meg over skuldra. Eg veit aldri når Bjørn Dennehy vil slå til – men eg veit éin ting: Tikkar det inn ein mail, er det hell to pay! Allereie har Dennehy gått til verks. Som ein slasher frå åttitalet har han hogd inn orda sine med øksa i desse to filmmeldingane: Trash (2026) og One Battle After Another (2025), og han vil slå til igjen, utan frykt og utan nåde.

Ver åtvara, språket er sterkt, det er beinhard PG-18, og eg er sikker på at sensuren hadde teke han på åttitalet. Men Statens filmkontroll tapte kampen, og Bjørn føkkings Dennehy stod att, last man standing. Alle inngrep er merkte med ⚠️DENNEHYS DOM☢️, komplett med åtvaring og biohazard-skilt. Be afraid, be very afraid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *