Trash (2026)

THRASH (2026)

Plutseleg dukka Thrash opp på Netflix i dag. Thrash – det var eit merkeleg namn på ein film. Men her var det mykje eg likte! Tommy Wirkola har laga ein film med tre tropar og sjangrar eg verkeleg likar: 1. Katastrofe 2. Hai og 3. Folk i ei knipe. Lukkast Wirkola med å balansere denne blendermiksen? Det synest eg absolutt. (Takk å vere Marius Genser, oppdaga eg, at eg, har skreve TRASH – når han heiter THRASH – som i rive sønder – jepp mysteriet er løyst – THRASH!)

If the flood doesn’t kill you…

🌪️ Orkan, blod og fosterforeldre

Vi blir introduserte for alt rimeleg kjapt. Ein orkan er på veg. Og vi blir kjende med tre partar: Jenta som sit heime med angst fordi ho har mista mor si. Ei gravid kvinne som berre køyre ein tur for å handle mat like før orkanen slår inn. Og så har vi tre ungar med to heilt forferdelege fosterforeldre. Innan tjue minutt har Wirkola klart å presentere kva som er i vente, og etablert kven vi skal heie på. Samstundes har han skapt karakterar eg faktisk bryr meg om. Det er ikkje enkelt i desse dagar!

Den desidert beste delen av filmen er når orkanen slår inn. Dika brest, og havet fossar inn i den elles fredelege småbyen. Det er CGI på sitt aller beste; slikt som berre dei dyraste katastrofefilmane brukar å klare å mekke saman!

Før eg går vidare: Oppskrifta har eg sjølvsagt sett hundre gongar før (som med alt anna). Dette er ein type film eg er van med at rett-på-video- og VOD-selskap brukar å sleppe, der haiar og vêrelement blir blanda saman, ofte i reine C-filmar. Men dette er ein A-film i C-filmdrakt. Han minner meg sterkt om Crawl (2019), som brukte uvêr, men med alligatorar i staden for hai. Crawl er nok betre, men når det er sagt: Thrash er slett ikkje verst.

Trash (2026)
Foto: Netflix
Thrash (2026) Foto: Netflix

🦈 Ikkje berre hjernedaude CGI-haiar

Wirkola klarer å skrive eit manus fylt med gode idear – som er ein av grunnane til at eg diggar han. Her har vi til dømes ein semitrailer som har tankane fulle av blod. Når sjøen slår inn i gatene, slår vatnet hol på traileren, og blodet renn heilt ut i havet. Ein sånn liten ting betyr uhorveleg mykje. I staden for hjernedaude CGI-haiar som berre kjem ut av det blå og et folk, er ein gigantisk tankbil med blod ei heilt glimrande og logisk løysing.

Den gravide kvinna sit i bilen når sjøbølgja kjem. Ho blir skvist fast i køyretøyet når ei stor tregrein med Y-form kilar seg fast rett over magen hennar. Jenta som mista mor si, bur i same gata og står i vindauget og ropar «Hai!». Filmen held seg dermed konsentrert til to stader, pluss onkelen hennar (som tilfeldigvis er haiekspert) som er på veg for å redde henne.

Trash (2026)
Foto: Netflix
Thrash (2026) Foto: Netflix

🩸 Genuin spenning eller schlock-trash?

Eg sat spent i sofaen og venta på kva Wirkola skulle servere oss vidare. Blir det rein galskap, slik som i dei andre filmane hans? Dette er faktisk ikkje ein av dei; den norske regissøren er uvanleg disiplinert denne gongen. Her finst det små spor av «gode, gamle Wirkola» i dialog og kreativ action, men han satsar no primært på seriøs spenning og tonar ned humoren han er så kjend for.

Han balanserer schlock-trash med genuin spenning. Det er ein knalltøff ting å balansere. Vi har eit tøysete konsept, men med eit mellommenneskeleg plot der han satsar knallhardt på at vi skal bli oppriktig redde for hovudpersonane. Frå start av klarte han å gi oss karakterar som er verdt å bry seg om, og han lukkast delvis med spenninga – men personleg likar eg aller best ein heilt uavgrensa og omsynslaus Wirkola, og eg saknar littegrann meir galskap.

Haiane er skikkeleg godt laga. Oksehaiar er ikkje spesielt svære, og det er herleg med nokre rovfiskar som ikkje er overdrive gigantiske – dog kjem det naturlegvis ein svær kvithai på besøk seinare i filmen. Dei bit av lemmar og riv kroppar i filler – ikkje alltid i grafisk detalj, men eg likar det. Sjølve orkanen, med alle effektane rundt, tok meg faktisk heilt opp til Twister-kvalitet.

Etter ei knallgod opning og heftig katastrofe og hai i første akt, roar filmen seg ned, og alt handlar berre om å overleve. Midtpartiet er velkjent, men effektane og dei digitale kulissane er så bra laga at berre det å sjå vatnet stige i byen medan karakterane kjempar for livet, er spennande nok i seg sjølv.

Trash (2026)
Foto: Netflix
Kill Bill fargar? Foto: Netflix

🎬 Blod, baby og Sam Raimi-klipp

Klimakset er godt. Her har vi ei intenst artig scene der den gravide kvinna føder medan ho er i vatnet. Vi ser blodet flyte rundt henne, med eit nyfødt spedbarn i armane og haiar som sym rundt… ja, då steig pulsen på klokka, for å seie det slik! I ei anna scene sym jenta og frys heilt til is i skrekk når ho merkar at noko er under henne: Vi får sjå kvithaien symje sakte forbi medan haifinnen glir rett mellom beina hennar.

Konklusjon

Tommy Wirkola har blitt teknisk bunnsolid! Alt er så ufatteleg godt laga og sett saman. Filmfotoet er vakkert og leikent. CGI og praktiske effektar smeltar saumlaust saman med resten, og filmen leverer hundre prosent på premisssen sin. Regissøren brukar sjølvsagt referansar frå sine eigne favorittfilmar, som vanleg. Denne gongen får vi til dømes ei dynamitt-agn-scene som er klipt nøyaktig i same stil som Sam Raimi sin Evil Dead 2.

Men så var det denne balansen mellom B-film-søppel og det emosjonelle. Han klarar det akkurat, mykje takk vere solide skodespelarar. Eg føretrekkjer helst rein, beinhard galskap frå Wirkola, spesielt i ein hai-katastrofefilm, men eg forstår at han kanskje vil bryte ut av Kill Buljo– og Død snø-æraen for å tone ned grotesk humor og nordnorsk galskap. Han har trass alt vore i gamet lenge no, og han får lage film etter film i Hollywood.

Her er det låg bodycount og ikkje så altfor mykje gørr (sjølv om litt sjølvsagt er med!), men det hindrar meg ikkje i å gi filmen ein solid karakter:

TERNINGKAST 4

Bjørn Dennehy var ikkje samd – det betyr Dennehy har siste ordet i filmomtala ⬇️

⚠️ DENNEHYS DOM ☢️


Hugsar ein gong eg gjekk tur med bikkja.

Det var eit jævla drittver… dvs. sol frå skyfri blå himmel og null vind. Det gjekk som vanleg i snusing, pissing og driting, samt forsøket på å unngå andre tobeinte.

Trass møkkaveret, så var stemninga ok, men det varte desverre ikkje lenge. For kven av oss trur du tråkkar rett i ein solid fuckings kabel på storleik med fuckfingeren til the late and great, Andre The Giant? Jau, yours truly… Bjørn føkkings Dennehy!

 Eg ropte spontant «Faens jævla kammarhelvete!», som tilfeldigvis også var akkurat det eg gjorde etter å ha sett Thrash… eller TRASH (søppel)… som i mine blodsprengde auge er ei mykje betre beskriving av denne «katastrofefilmen».

Katastrofe indeed! Eg innser no at eg sikkert er større «fan» av skihopparen Bjørn Wirkola, enn filmskaparen Tommy Wirkola… og det til tross for at eg, av ukjend årsak, hatar skihopp… også.

T(h)rash, med si knippe uinteressante karakterar, tidstypiske, gørre dialogar og underpresterande horror, var nesten like «tiltalande» som ein ronk med piggtråd! Dette er for film det MGP er for musikk!

Terningkast 2 minus 1,5

Yours truly Bjørn Dennehy

Dukka plutseleg opp på Netflix i dag. Foto: Netflix

Sett på NETFLIX . Filmen på LETTERBOXD

4 Comments

  1. Ser du likte denne en god del mer enn meg, den faller i kategorien helt grei for meg. Men det jeg syntes var veldig merkelig var hvordan de to historiene ikke hadde noe som helst med hverandre å gjøre. Som om 2 katastrofekortfilmer var puttet i en blender. Pleier ikke historiene å krysse hverandre på en eller annen måte i slike filmer?

    1. Når du sei det! Jenta og den gravide kvinna møter aldri på dei tre kidsa – syntes å hugse eg venta på det, at kanskje far til jenta skulle kome innom dei på ein eller annan måte. Filmen blei avslutta med ein cliffhanger, så tippa Wirkola såg for seg ein sequel der deira vegar kryssast seinare. Men absolutt eit veldig viktig poeng: To separate historier er merkeleg!

      Eg var mest opptatt av enkelte scener og såg ikkje filmen objektivt – «as a whole.» Og eg prøvde å sjå vekk frå plotthol, som for eksempel: vatnet steig med cm i huset til kidsa, medan vatnet steig med meter rundt huset til jenta – snart heile huset. Men greitt, eg tilgir Wirkola – eg var mest fokusert på alle grepa hans, dialogane, ideane i manuset, korleis kamera bevega seg osv.

      Ser ikkje ut til at filmen blir universalt elska, haha. Hadde ikkje forventa noko anna!

      1. Virker som de hadde 2 manus som ikke var lange nok til å bli en spillefilm og i stedet for å skrive om til et manus filmet de bare begge to hver for seg. Byttet bare mellom historiene annen hver scene når de redigerte filmen.

        Wirkola så nok på Lille Lørdag back in the day og er en stor fan av sketsjene deres om kryssklipping.

        1. Ja, eg begynte å tenke på Robert Altman, og ikkje minst Tarantino – som Wirkola er veldig glad i. Måtte grave litt, googla: filmar der hovudkarakterer ikkje møter kvarandre – eller knapt. Og då kom eg over noko som heiter Hyperlink Cinema: https://en.wikipedia.org/wiki/Hyperlink_cinema

          Men om det var intensjonen!? Kanskje var det Lille Lørdag! Eg tippar historia var mykje større i manusform, nok til to filmar – men her møtes desse to partane ikkje, mest sannsynleg i ein nummer to (som aldri kjem). Men mest, trur eg hovudet til Wirkola var i Tarantino-mode her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *