Send Help (2026)
Er dette Sam Raimi sitt store comeback? Treng han eigentleg eit comeback? I mi bok har han for lengst nådd legendestatus. Dette er den beste filmen hans sidan Drag Me to Hell (2009), som no faktisk er 17 år gammal. I mellomtida har han laga to til, men dei er ikkje å finne i filmsamlinga mi. Send Help skal definitivt inn i samlinga.
Filmen handlar om ei pliktoppfyllande kvinne med ein forferdeleg sjef – ein mann rett frå mannosfæren. Dei reiser til Thailand, flyet styrtar, og saman må dei overleve på ei aude øy. Høyrest det ut som ein klassisk romantisk komedie der to motpolar endar opp som eit par? Å nei… Dette er ein Sam Raimi-film.

Rachel McAdams og Dylan O’Brien
Rachel McAdams sitt namn på plakaten kan lure oss til å tru det, men sjølve plakaten ser ganske skrekkaktig ut. Send Help er ikkje rein skrekk, men meir ei sjangerblanding av ymse slag: overleving, svart komedie, thriller og små dråpar med skrekk ved behov. McAdams spelar den nerdete Linda, ein trufast tilsett som brukar fritida på fuglen sin og ser Survivor som underhaldning.
Dylan O’Brien spelar sjefen hennar, Bradley. Eit skikkeleg rasshøl, rett ut frå serien The IT Crowd. Han er så fæl at vi verkeleg håpar på ein grusom lagnad for han! Når Bradley møter Linda for første gong, har ho tunfiskrestar rundt kjeften. Vi får ein klassisk Sam Raimi-zoom, der det er tydeleg at dette plagar sjefen. Han synest ho er avskyeleg! Som fersk sjef i selskapet ignorerer han McAdams, som står i køen for opprykk, og vil heller nominere den avskyelege golfkameraten sin til jobben.

På flyturen over havet sit sjefen i lag med golfkameraten og to andre dustemannfolk og ser på ein survival-video av Linda medan ho jobbar hardt. Dei ler høgt, ho oppdagar det, og sjefen Bradley snur seg med eit ondt blikk og skjuler det ikkje ein gong. Plutseleg ristar flyet, kaos oppstår – vi får ein feit CGI-flystyrt og «survival of the fittest» langt oppe i lufta.
Linda og Bradley overlever styrten. Dei er fanga i lag på ei aude øy. Ho kan alle survivor-triksa i boka. Han kan ingenting. Eg diggar denne utviklinga.
🌴 Ferie i eigen sofa
Frå før er eg ekstremt glad i aude øy-filmar og strender. Filmar som Cast Away og The Beach har eg sett fleire gongar. Det gir meg ein slags ferie der eg kan sitje komfortabelt i min eigen sofa. Send Help leverer verkeleg varene rundt dette konseptet.
Linda kastar seg rett på overlevinga. Ho byggjer eit skjul med seng. Fiksar vatn og mat. Alt medan Bradley ligg med knekte ribbebein og kjem til hektene. Det tek tid før han forstår alvoret. Når Linda kjem med steikt fisk til han, oppfører han seg som eit trassig barn – BUUUHUU, eg likar ikkje fisk! Men han har berre to val: overleve, eller døy og vere vanskeleg. Hittil har filmen strukturen til ein romantisk komedie.

🔪 Kven er ho eigentleg?
Men vi merkar sterkt at noko er feil, lenge før ting eskalerer. Bradley utstrålar at Linda er verre enn sjølve situasjonen med å vere fanga på ei aude øy. Linda tek livet av eit villsvin i ei hysterisk scene. Ja, det er tydeleg CGI, men eg elska gørra og blodet som sprutar. Og noko skjer i blikket hennar; kven er ho eigentleg?
For instinktivt skal vi falle for denne nerdete jenta vi heiar på. Men noko skurrar. Eg byrja å sanse noko Annie Wilkes i karakteren hennar, der ho (som i Misery) passar på ein skadd mann. Ein annan film kom òg til tankane: The War of the Roses, ein klassikar (i mitt hovud) frå åttitalet der Michael Douglas og Kathleen Turner spelar eit ektepar som hatar kvarandre så intenst at dei er villige til å drepe kvarandre. Eg får litt den viben; at det ikkje er ein sjanse i havet for at desse to fell for kvarandre.

🎬 Pur underhaldning
Eg kosa meg frå start til slutt. Her er nokre knallhysteriske scener. Éi der Linda spyr på Bradley medan ho reddar han. Midt i blinken for ein som likar barnsleg humor. Her er fleire, som eg ikkje kan røpe. Ikkje minst klimakset, som eg digga!
Men kvifor sitje og sjå på to tvilsame karakterar som hatar kvarandre i 113 minutt? Fordi det kjekt og eg blei maks underhalden! Dette er min type humor (ENDELEG EIN FILM MED MIN TYPE HUMOR). Vi får også Sam Raimi sitt virtuose filmfoto. Heile filmen ser nydeleg ut. Dette er ein film laga av ein driven regissør. Eg fekk det same ut av denne som med M. Night Shyamalan sin Trap (2024) – pur underhaldning med kvalitet i kvar einaste scene. McAdams og O’Brien har trass alt god kjemi, og eg likte å følgje desse to, spesielt når ting eskalerte!
Har filmen nokon annan verdi enn å vere rein sjangerfilm? Nei, heldigvis. Dette er ein ærleg film som ikkje prøver å vere smartare enn publikum. Dette er svart komedie – gjort heilt rett.
Terningkast: 5

Foto: 20th Century Studios