Crawlspace (1986) Foto: Empire Pictures

CrawlSpace (1986)

Handling

Klaus Kinski spelar ein ond psykopat ved namn Dr. Gunther. Faren hans var sjølvsagt nazist. Som ung mann jobba han som lege i Buenos Aires, der han tok livet av fleire.

Dr. Gunther flytta til USA og starta eit nytt liv. Han eig eit svært bygg med fleire leilegheiter der berre kvinner får lov å leige. Mellom veggane er det eit ventilasjonssystem som Dr. Gunther kryp i for å studere leigebuarane sine. Med ein sprettkniv lagar han ein irriterande lyd som plagar kvinnene.

Og han fører dagbok på loftet, der ei stakkars kvinne er fanga i eit lite bur. Tunga hennar er skoren ut, og Dr. Gunther likar å prate med henne medan han skriv i dagboka om dei sadistiske tankane sine.

På eit anna rom står eit bord og ein stol. På bordet ligg ein revolver med éi kule i trommelen. Kvar gong Dr. Gunther drep nokon, set han seg her og spelar russisk rulett. Det er opp til gudane om han sluttar med drepinga. Så flyttar hovudpersonen Talia Balsam inn. Vil ho overleve?

Crawlspace (1986)
Foto: Empire Pictures
Talia Balsam som lurar på kva lyd som kjem frå ventilasjonen! – Crawlspace (1986) Foto: Empire Pictures

Filmomtale

Crawl Space er ein sjuk film, og eg digga han. Det er veldig få filmar frå Empire Pictures og Charles Band eg ikkje likar. Dette er nok ein godt laga og underhaldande film frå selskapet.

Som i Troll skjer alt inne i eit bygg med leilegheiter, der heile historia utspelar seg. Klaus Kinski er på sitt beste her: sjenert og forsiktig – men livsfarleg. Han jaktar på kvinnene som bur hos han, og det er så creepy korleis han ligg og studerer offera sine gjennom ventilasjonskanalane. Og alle fellene og dei rare oppfinningane han testar på prøvekaninane sine!

Det er kvalitet i alt frå skodespel til filmfoto – og eg likar verkeleg slike enkle skrekkfilmar der alt skjer inne i eit bygg kor fleire bur i lag (her må det lagast lister!).

Slaktebenken

Eg har sett Kinski i mykje rart i det siste, men her var han skikkeleg god. Talia Balsam (dotter til Martin) fekk sympatien min. Eg berre DIGGA når Dr. Gunther laga lyd med kniven sin for å lokke til seg offer. Jo meir eg tenkjer på dette sjuke konseptet, og ikkje minst klimakset – jo meir diggar eg filmen. Her er ikkje så mykje blod, men det er måten det er gjort på; den psykologiske effekten av PSYCHO-SHIT-GALSKAP som totalt sjarmerte meg.

Terningkast 5

Baksida av VHS-coveret

  • Regissør: David Schmoeller
  • Produsent: Charles Band
  • Manus: David Schmoeller
  • Rolleliste: Klaus Kinski, Talia Balsam, Barbara Whinnery, Carole Lane
  • Filmlengd: 80 minutt
  • Årstal: 1986
  • Sett på Prime (USA/CAN)
  • Crawlspace på LETTERBOXD

Kjekke fakta for filmnerdar

  • Klaus Kinski var så notorisk vanskeleg og aggressiv under innspelinga at det blei eit reint mareritt for staben. Kinski hamna i fleire slåsskampar dei første dagane. Det gjekk faktisk så langt at produsentane visstnok spurde regissør David Schmoeller om dei i staden berre skulle ta livet av Kinski i ei ulykke, slik at dei kunne heve forsikringspengane for produksjonen! Schmoeller laga seinare ein eigen liten dokumentarfilm om heile den absurde opplevinga, treffande døypt Please Kill Mr. Kinski (1999).
  • David Schmoeller er òg mannen bak Charles Band-kulthittar som Tourist Trap (1979) og den aller første Puppet Master (1989).
  • For å spare pengar blei filmen spelt inn i eit studio i Italia (sjølv om handlinga er lagt til USA). Charles Band lét dei faktisk bruke fleire av dei same kulissane som nett hadde vorte bygde til fantasy-filmen Troll (1986).
Crawlspace (1986)
Foto: Empire Pictures
Crawlspace (1986)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *