Videosjappa
Memoirs of an Invisible Man (1992): Anmeldelse
Dette var eit nervepirrande gjensyn. Som eit friskt – og kanskje litt frykta – pust i den store John Carpenter-månaden vår, stod Memoirs of an Invisible Man frå 1992 for…
Starman (1984): Anmeldelse
Som ein naturleg del av vår store John Carpenter-månad, kjem vi no til ein film med stor filmmagi: Starman (1984) er John Carpenters aller mest positive film! Eg har alltid…
El Diablo (1990): Carpenters gløymde western-komedie
Kva med ein valdeleg komediewestern produsert og skriven av John Carpenter (i lag med Tommy Lee Wallace og Bill Phillips) som i dag kan sjåast på HBO? Som ein del…
Eyes of Laura Mars (1978): Anmeldelse
Vår store John Carpenter-månad held fram, og no skal vi sjå på ein film som er SKRIVE av John Carpenter, men regissert av Irvin Kershner. Det er eit must å…
Someone’s Watching Me! (1978): John Carpenter heidrar Hitchcock
Vår store Carpenter-hyllest held fram! Eg klarte å finne Someone’s Watching Me! på Tubi, heilt utan problem. I desse dagar har vi gode verktøy som JustWatch som viser oss innan…
The Odessa File (1974) – Knall VHS-ånd
The Odessa File (1974) – eller Varulv som han heitte på norsk – har ei god historie. Det heile handlar om ein journalist, spelt av Jon Voight, som heilt tilfeldig…
The Night of the Generals (1967): Eit episk mordmysterium
Kor eg kosa meg! Dette er ikkje ein standard krigsfilm, men ein film som miksar historiske hendingar kring andre verdskrig med eit mordmysterium, kjærleik og krim. The Night of the…
Badlands (1973): Eit knall gjensyn!
Korleis kan ein lage noko så stygt, så vakkert? Badlands (1973) handlar om ein ung mann som forfører ei tenåringsjente, drep faren hennar, for så å stikke av i lag…
The Killer Elite (1975)
Kva om Sam Peckinpah laga ein 80s actionfilm om internasjonale leigemordarar som kjempa mot kvarandre med pistolar, kung fu, ninjaer og eksplosjonar? Kva om tittelen var ein klassisk 80s tittel:…
8 Million Ways to Die (1986): Anmeldelse
8 Million Ways To Die med sexy Jeff Bridges, har vore på radaren min dei siste åra. Det var Tarantino som sytte for det, etter at eg las at denne…
The Bridge at Remagen (1969) – Eit ekte krigseventyr
Det er ikkje ofte eg oppdagar gode, gamle krigsfilmar lenger. Dette er ein sjanger eg var veldig glad i før, men som nådde toppen sin med Band of Brothers. Saving…
Wake in Fright (1971): Anmeldelse
Før eg skriv om filmen må eg skrive litt om meg sjølv. Eg slutta å drikke alkohol – fullstendig – i 2014, av grunnar eg ikkje skal kjede den som…
Videosjappa
Videosjappa heime: ei bakdør inn til den lokale matbutikken. Der det vart servert burger med pommes frites og pølse med stappe over disken. I hjørnet stod det store skap med glasdører. Viss vi ville kikke nærare på dei freistande omslaga, måtte damene som jobba der kome bort og låse opp for oss. Den tunge lukta av frityr og støv hang i den tjukke plasten. Sjølv i dag kan eg framleis kjenne lukta av eit video-omslag frå om lag 1982. Å stå der framfor hyllene og plukke ut underhaldninga for kvelden, var rein magi.
Det er akkurat denne kjensla – lukta av videosjappa og magien frå 80-talet – som gjorde meg til fast gjest på nettsida NorskVHS i over eit tiår. Der hadde eldsjela Alf Harald bygd opp eit heilt rått arkiv av skanna omslag frå gullalderen til videomarknaden. Han delte lidenskapen sin for skrekk, sci-fi og galne B-filmar med oss alle, og la ned ein enorm innsats i å ta vare på denne biten av kulturarven vår.

VHS-ARKIVET
Her på Filmloftet, inne i VHS-arkivet, kjem eg framover til å dele eit handplukka utval av dei tøffaste og mest stemningsfulle VHS-omslaga frå samlinga hans – dei som verkeleg snakkar til meg. Dette er ei hyllest til Alf Harald, til Videovest (videosjappa eg voks opp med), og eit forsøk på å halde videodraumen i live. Med meg i sjappa, og på plass som fast gjesteskribent, har eg barndomskompisen min Thor «Ator» Dahlstrøm.
Videoselskap
Esselte, Mayco, Hem Video, Novio, Walthers Video, Cinehollywood. In Video, Fram Film (FF), Kommunenes, Filmcentral (KF). OVC. CP Entertainment, Intervideo, CCV (Club Consult Video), Techno Film – Frekvensia, Warner – Polygram. Nord Video. VCM (Video Cassette Marketing), Juno, Videohuset.











