Martin Sheen går med hagla rundt nakken med månen i bakgrunn frå filmen Badlands (1973)

Badlands (1973): Eit knall gjensyn!

Korleis kan ein lage noko så stygt, så vakkert? Badlands (1973) handlar om ein ung mann som forfører ei tenåringsjente, drep faren hennar, for så å stikke av i lag på ein killing spree tvers over landet. Filmen er basert på det notoriske paret Charles Starkweather og Caril Ann Fugate som herja og drap folk i Nebraska (som Bruce Springsteen seinare laga eit fabelaktig album om). Men i røynda var mordarane mykje meir kaldblodige og lite barmhjertige enn på lerretet.

Martin Sheen sin karakter sparte nokre liv i filmen, men han drep mange her utan å nøle. Ved første augekast verkar filmen kanskje som ein Bonnie and Clyde v.2. Men kjensla mi gjekk mykje meir i retning av Stanley Kubrick sin A Clockwork Orange. Det er denne likegyldigheita og nihilismen hos yngre folk som fører til massemord. Dei vil øydelegge verda, heilt utan å bry seg. Det er nettopp dette som gjer filmen så ganske så interessant.

Å øydelegge sivilisasjonen for å leve primitivt

Etter at karakteren til Martin Sheen drep faren (spelt av Warren Oates), brukar Terrence Malick god tid i barndomsheimen til Sissy Spacek sin karakter. Faren ligg død på golvet – likevel går dei fredeleg rundt i huset, set seg ved pianoet og småpratar, før Sheen tenner på heile huset og tek med seg dottera for å bu «fritt» i naturen. Denne biten er fascinerande; dei øydelegg sivilisasjonen for så å trekkje seg tilbake til det primitive.

Ut i skauen lagar dei seg ein leir, med høns og ei enkel hytte oppe i eit tre. Sheen leikar Rambo, set opp feller og spring rundt som ein galning. Spacek er like fråverande i blikket.

Martin Sheen og Sissy Spacek sitt i bilen frå filmen Badlands (1973)
Martin Sheen og Sissy Spacek i filmen Badlands

Kontrasten mellom vald og vakker natur

Men heile vegen, gjennom heile filmen, får vi servert vakker musikk (det same stykket –Gassenhauer nach Hans Neusiedler – blei seinare gjenbrukt og tilpassa av Hans Zimmer i True Romance) og eit ufatteleg vakkert filmfoto av den amerikanske midtvesten og dei opne slettene. Terrence Malick finn alltid noko vakkert i det fæle. Eit anna døme på dette er krigsfilmen hans The Thin Red Line, der krigskampen pågår for fullt, men regissøren i staden vel å fokusere på insekta i graset som er totalt likegyldige til menneskeheita sin galskap.

Det var då dette sosiopat-paret kom til rikmansshuset at eg verkeleg tenkte på A Clockwork Orange. Dei er ikkje interesserte i rikdom – dei bryr seg ikkje om noko som helst. Russell Crowe sin nynazist-gjeng inntok også eit rikmanshus i filmen Romper Stomper, men i Badlands er det basert på ekte hendingar, og det gjekk ikkje særleg bra for dei som budde der. Eg likte at Malick trass alt dempa valden litt i filmatiseringa, i det minste til ei mindre grad.

Eit norsk VHS-cover av filmen Badlands
Det norske VHS-cover

eit knall Gjensyn

Dette var eit knall gjensyn! Sist gong eg såg filmen var i Kristiansand på midten av nittitalet (eg gløymer aldri slike filmopplevingar). Sissy Spacek storspelar her! Det gjer også Martin Sheen, ein skodespelar eg alltid har digga. Det artige er å sjå, spesielt her, korleis gutane hans, Emilio Estevez og Charlie Sheen, har imitert faren sin i sine eigne karrierar. Eg trur dei nesten må ha sett Badlands på repeat i oppveksten.

Stor film dette! Poetisk, valdeleg og medrivande – alt klaffar 100%, endatil Sissy Spacek si monotone forteljarstemme under delar av filmen. Av alle filmar av denne sorten; Natural Born Killers, Bonnie and Clyde, Kalifornia – synst eg Badlands troner heilt på topp.

Terminal-pila: ◀◁ 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *