Michael Myers i Halloween

HALLOWEEN (1978): Ein indie-skrekkfilm klassiker!

I Haddonfield bur det vanlege folk som er trygge på naboane sine; ingen vits i å låse dørene. Gatene er reine, overalt veks det fine planter og tre. Ein koselig og typisk liten by i Midtvesten. Midt i dette vakre strøket står Michael Myers som nyleg har flukta frå asylumet. Han vil kun ein ting: å øydelegge, å drepe. På sjølvaste Halloween, og mest av alle: Jamie Lee Curtis. John Carpenter sin Halloween er fortsatt ein stor skrekkfilm!

Rein Ondskap – dei svarte augo

Kvifor myrda han søstera si? Var det fordi foreldra var borte, og borna klikka som i Lord of the Flies? Eller noko Freudiansk? Det har blitt skrive mange teoriar sidan 1978. Det er frykteleg enkelt, og godt forklart av Michael Myers sin komande psykiater, Dr. Loomis: «Han har svarte auge, djevelens auge – rein ondskap».


Scream Queens: Jamie Lee Curtis og mora


Har filmen tolt tidas tann? Det eg reagerer mest på, er skodespelet mellom dei relativt ferske skodespelarane (Jamie Lee Curtis sin debut), og det kan tenkjast at andre gjer det òg. Men det har sin sjarm, og slasherfilmar blir ikkje sett på grunn av store prestasjonar i skodespelet, heller prestasjonen i kor høgt dei kan skrike. Jamie Lee Curtis er blant dei fremste «Scream Queen» saman med mor si, Janet Leigh, som er legendarisk i Psycho.

Halloween er ein indiefilm

Halloween er laga med eit lite budsjett og hundrevis av kreative løysingar for å få han til å verke dyrare enn han er, noko han gjer. Halloween-filmane som har kome dei siste tiåra, har til forskjell meir å rutte med i budsjett, men dermed mister dei denne punka sjarmen og kan samanliknast med eit heavy metal-album produsert av Bob Rock; dei ser fantastiske ut, og eg likar dei, men ikkje i nærleiken av så mykje som eg likar originalen med sin røffe, minimalistiske stil.

Det må leggjast merke til at John Carpenter sin Halloween byggjer spenning (sakte, ja) og unngår splatter og billige «jumpscares». Dette gjer han så effektivt ved å ha god djupn i foto, så framgrunnen er tydeleg nok til å sjå den skumle skikkelsen som stalkar Laurie Strode nesten heilt frå start.

Musikken og filmfotograf Cundey

Det byggjer spenning, men det er ikkje nok; det mest kritiske laget er musikken. Utan akkurat denne musikken hadde filmen vore noko heilt anna. John Carpenter brukte ikkje lang tid på å komponere, og om filmen ein gong ikkje lenger skulle vere aktuell, vil Halloween Theme leve evig, for det er eit stykke kunst for seg sjølv. Filmfotograf Dean Cundey utnyttar også mørket – ein av skrekkfilmens største augneblink er når Laurie Strode står ved sidan av eit mørkt skap, og vi gradvis kan sjå maska til Michael Myers kome sakte inn i biletet. Det er så utruleg bra laga.

Den formlause maska…

Her er ein funfact: Produksjonsdesignar Tommy Lee Wallace kjøpte maska for under to dollar inne på ein kostymebutikk, og denne maska heitte: Captain Kirk. William Shatner er Michael Myers! Wallace modifiserte henne, og sidan har ho blitt brukt. Dette er det fantastiske med lågt budsjett og kreative løysingar: Aldri undervurder tilfeldigheiter.

Ein hyllest av filmheltar

Halloween er forstadskrekk med promiskiøse ungdommar, forlatne av foreldra sine for kvelden, og som i hovudsak er «slasher-fodder» for ondskapens rovdyr. Filmen tek seg god tid før konfrontasjonen, og gir oss tid til å dvele ved forstadssjarmen – noko eg elskar i Halloween, er barnevaktscenene der ungane ser på film. Ikkje ein tilfeldig film, men Howard Hawks sin The Thing (eit lite hint om framtida), og det er ingen hemmelegheit at Carpenter sin favorittregissør var Hawks.

Å bruke fjernsynet til å hylle sine heltar blei populært og blir brukt som verkemiddel i fleire filmar på åttitalet, slik som i Joe Dante sin Gremlins og Richard Donner sin The Goonies. Dette førte til at underteikna måtte få tak i It’s a Wonderful Life og Invasion of the Body Snatchers, berre fordi Joe Dante plasserte dei der i Gremlins – og sjølvsagt blei dei favorittfilmar, og er det framleis i dag.

The Final Girl

«The Final Girl»-teorien er om at den som står igjen til slutt og konfronterer mordaren, er jenta som er jomfru, medan dei andre jentene som tek dop og har sex, døyr tidleg. Carpenter og Debra Hill insisterer på at dei ikkje tenkte på dette då dei skreiv manus og sa «kids being kids», men kanskje låg det i underbevisstheita. For den som er interessert, har det blitt skrive ei bok: Men, Women, and Chainsaws av Carol J. Clover. Den tek for seg kjønnsrollene i slasherfilmen.

Halloween er eit indie-meisterverk

Eg elskar kor minimalistisk Halloween er, og alle smarte grepa til John Carpenter. Og i kombinasjon med den «heimelaga» filmmusikken og Jamie Lee Curtis som strålar i ei legendarisk rolle er Halloween eit av mange meisterverk frå John Carpenter. Han satte ein skrekkstandard som skapte eg bølgje av kopiar. Ein film treng ikkje å koste mykje om ein har knallgod kreativitet. Halloween er ein av dei største skrekk-klassikere!

Terminal-pila: ◀◁ 


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *