Skrekkfilm The Wicker Man (1973)

SKREKKFILM SESONG

Anslått lesetid: 5 minutter

Spooktober nærmer seg.

Blada fell frå trea, og mørkret smyg seg sakte innpå oss. Når det bles og regnet piskar på vindauga, ligg sesongen for grøss og halloween framfor oss. Oktober månad, halleluja! Eg har venta lenge på deg.

Underteikna elskar skrekkfilm. Mitt første møte med skrekksjangeren var Ondskapens hotell, som eg såg i ein altfor tidleg og ulovleg alder. Eg vart merkt for livet av hotell og grøss, og kva gjorde eg? Eg fekk meg sjølvsagt jobb på eit hotell i tjueåra. Alle hotell har sine eigne spøkelseshistorier som blir fortalde vidare gjennom generasjonar av tilsette. Om hausten jobba eg som nattevakt på eit hotell langt inni dei mørkaste fjordane. «I andre etasje spøker det», vart det sagt. Her måtte eg gå sjekkerunden min kvar natt, om det var gjestar der eller ikkje, og eg var pissredd… Heile tida har Ondskapens hotell loge i underbevisstheita sidan eg såg han som barn.

The Wicker Man (1973)

Er Skrekkfilm bra for oss?

Ein kan spørje seg: Er skrekkfilm eigentleg bra for oss? Og kvifor er det så mange som nektar å sjå det? Fordi ikkje alle er like modige. Det krev mot å sjå skrekkfilm, og motet må byggjast.

Når ein pratar på filmforum, dukkar temaet comfort movies stadig opp. Kva er din trøste-film og trøste-sjanger som får deg til å mjukne opp og leggje frå deg alle problem? Filmar som gjer oss glade, rett og slett. Skrekkfilmar gjer dette for meg, og for mange andre, har eg oppdaga. Eg har merka med meg sjølv at når eg har gått gjennom tunge periodar, så ser eg mykje meir skrekkfilm enn vanleg – heilt ubevisst.

Eit enkelt søk på nettet kastar lys over noko veldig spesielt: At skrekkfilm faktisk er bra for den psykiske helsa. Mange har angst, underteikna òg. Kva triggar angsten? Frykt! Og kva gjer skrekkfilmar? Dei skapar frykt! Forskarar ser at menneske med angst som ser skrekkfilm, bygger ein resistens mot frykt. Ein eksponerer seg sjølv for noko ein er redd for, og gradvis byggjer ein mot til å takle både skrekkfilmar og kvardagssituasjonar. Kvar grøssar blir litt mindre skremmande, og samstundes blir ein litt modigare.

Mike Flanagan

Er du redd for å snakke framfor ei stor folkemengd og er kanskje litt blyg? Ja, du er redd, og di store frykt er rett og slett å snakke framfor mange. Skrekkmeister Mike Flanagan var livredd grøssarar som barn. Seinare i livet byrja han å tvinge seg sjølv til å sjå beint fram skremmande filmar utan å gøyme seg bak puta. Han tvinga seg til å sjå dei mest hårreisande scenene, så mykje at det til slutt vart som i The Matrix. Akkurat som Neo kunne han til slutt sjå dei grøne kodane. Han bygde seg opp eit enormt mot, noko som førte til at han endeleg torde å snakke med jenter og framfor store folkemengder, ifølgje han sjølv.

Den einaste ulempa er at grøssarar kanskje blir mindre skremmande etter kvart. Men då kan ein i staden setje pris på moroa med sjangeren! Skrekkfilm er jo som regel ein artig leik der skodespelarane kosar seg fordi dei utset seg sjølv for heilt galne og absurde situasjonar. Rundt dei står glade sminkespesialistar som lidenskapeleg smører dei inn med klissete blod og falske tarmar, mens ein regissør brøler: MER BLOD, SKRIK HØGARE!

Sjå skrekkfilm!

Så la oss omfamne hausten og oktober med sine regntunge skyer og det herlege mørkret, og feire med skrekkfilmar gjennom heile månaden. Kvifor ikkje pynte romma våre med halloweenpynt tidlegare enn vanleg, byggje litt mot og ha det moro! Dette er den aller beste tida for å setje på den grusomme filmen du har utsett i så mange år. Gjer som Flanagan og sett han på, helst heilt utan pute.

The Wicker Man (1973)

Dette er ein klassikar som kjem til å glede mange. Han handlar om ein politibetjent, sersjant Neil Howie, som leitar etter ei forsvunnen jente. Leitinga fører han til ei skotsk øy der det bur folk som har trekt seg heilt unna den moderne verda. Howie er ein andektig kristen, og samfunnet som møter han dyrkar ein heidensk keltisk religion med sine heilt eigne, rare ritual.

Høyrest det kjent ut? Midsommar (2019), Kill List (2011) og Apostle (2018) vart alle inspirerte av The Wicker Man. Dette er ein type skrekkfilm som har sin heilt eigne sjanger: Folk Horror. Her er vanlege ingrediensar heidensk religion, ofring, isolasjon og natur – for det meste element henta frå folklore.

The Wicker Man er spikra som min første film til årets skrekkmaraton: Spooktober, der målet mitt er å sjå ein skrekkfilm kvar einaste dag gjennom heile månaden. Dette har vorte ein triveleg tradisjon for mange horrorfans. Join us, joooin us!

The Wicker Man (1973)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *