Twin Peaks: The Return

TWIN PEAKS: THE RETURN

SPOLER ALERT

Gjensynet av Twin Peaks: The Return var fantastisk. TERNINGKAST 6

Den beste TV-serien eg har sett sidan 2017, då han òg var den beste TV-serien eg kanskje nokon gong har sett. Men det blir feil å vege han opp mot andre seriar, for dette er – for meg og fleire – ein atten timar lang film.

Twin Peaks: The Return
Gjengen er samla! Twin Peaks: The Return

Tradisjonelle fans av Twin Peaks har mi medkjensle, eg forstår dei godt, og synest nesten litt synd på dei. Ein liten del av meg ønskte seg òg ein sesong 3 med den gamle stilen frå 90-talet, og eg skjønar skuffelsen hos dei som kosa seg med serien då han gjekk på norsk TV. Samstundes skjønar eg at å lage ein sesong 3 i rein fanservice-fasong hadde vore feil og nærast umogleg. Lynch gjorde det rette valet ved å skape noko heilt nytt, ikkje berre gjenskape det gamle.

Blodfansen er strålande nøgd, ut frå det eg har lese. Dei elskar alt som har med Twin Peaks å gjere, og les bøkene Mark Frost har skrive som fortel historiene om folka frå Dale Cooper forsvann i 1989 og fram til 2014. Faktisk verkar desse bøkene såpass interessante at eg må kjøpe dei etter kvart. Eg ser på meg sjølv som ein fan som elskar både Twin Peaks og David Lynch, men sistnemnde kanskje aller høgast. Når det er sagt, var den originale serien den aller første eg binga, rett etter at eg fekk VHS-boksen frå USA. Og ja, eg hadde sjølvsagt NTSC-videospelar.

Twin Peaks: The Return
Boksa eg kjøpte på nittitalet

Mi Meining

Lynch held ein stor «venners venner-fest» der han torturerer fansen med sitcom-komedie og små nostalgiske drypp, samstundes som han dreg ut Dale Coopers ankomst til det maksimale. Twin Peaks: The Return handlar eigentleg ikkje om Twin Peaks, føler eg, men om David Lynch og hans siste, personlege kunstverk. Her brukar han all sin kunnskap og erfaring til å bryte grenser på nytt.

Det skjer så mykje her at det er lett å bli forvirra. Utanfor den narrative hovudvegen tek Lynch mange avstikkarar ut i villmarka der han slepp laus store og små fiskar av idéar – og det er halve moroa. Likevel kjennest det som om alt heng saman til slutt.

Eg har mine eigne tankar og personlege analysar. Eg har ikkje brydd meg særleg om å lese kva andre meiner, for for meg er det dette David Lynch handlar om – å føle seg fram sjølv. Den beste kunsten har ingen fasit. Eg kan lese litt om teoriane som florerer, men eg studerer dei ikkje altfor nøye.

Dale Coopers oppstode er som ein stumfilm-komedie, fordi den gjenfødde Dale er som eit barn som har mista hukommelsen. Scenene hans som ektemann er ofte hysterisk morosame, og Naomi Watts briljerer som sint såpeopera-hustru.

Twin Peaks: The Return
Naomi Watts og Kyle MacLachlan i Twin Peaks: The Return

Komedie og barnesinn

Det verkar som barnet er eit stort tema i sesong tre. Dale Cooper er som eit barn – men eigentleg er det vel David Lynchs eige barne-jeg som manifesterer seg i Cooper. Heile verket kjennest ut som det er laga av eit barnesinn, meir enn noko Lynch har gjort tidlegare.

I ei episode blir eit barn brutalt påkøyrt og drepe. Kvifor det? Eg tolkar det som symbolikk for barnets død – at barnet i oss må døy før eller seinare. Barnet i Dale Cooper måtte døy for at han skulle kunne ta ansvar og redde Laura. Barnet står òg for uskyld, og her kan ein tolke mykje. Alt rundt Lynch har ei aura av eit vaksent barn over seg, slik mange kreative menneske har, dei som slit med å tilpasse seg den vaksne verda.

Slik kan eg halde fram med å prøve å forstå kva Lynch tenkjer, eller kva han vil at eg skal tenkje eller føle. Eg har skrive meir i notatboka mi enn nokon gong før, men eg vil heller oppsummere karakterane kort.

Karakterane frå originale Twin Peaks:

Twin Peaks: The Return
Everett McGill og Peggy Lipton


Ingen av dei var feil brukte. Er det noko eg likar, så er det å sjå skodespelarar eg digga før, bli vaksne. Å sjå dei bli gamle er rett og slett nydeleg.

  • Bobby var ei gledeleg overrasking – karakteren hans har blitt “likandes”.
  • Lucy & Andy er seg sjølve, kanskje endå rarare med tida – eller kanskje ikkje.
  • Hawk strålar som alltid av visdom.
  • Norma og Ed gav meg den største gleda. Og Nadine klarte til slutt å skofle seg ut av skiten ved hjelp av Doktor Jacoby, som her er David Lynchs mogelege irritasjonar i YouTube-kanal-format.
  • Sarah Palmer er oppslukt av mørket, og alle scenene rundt henne er urovekkande skumle. Mysteriet er stort rundt ho, meir enn nokon gong. Er ho Judy?
  • Ben og Jerry Horn gav meg mest Twin Peaks-nostalgi. Det var spesielt å sjå hotellet igjen. Dei er seg sjølve – to morosame brør denne gongen.
  • Audrey Horne Ikkje ei god skjebne, ganske tragisk. Det var godt å sjå Sherilyn Fenn igjen.
  • Margaret – The Log lady. Rørande scener, spesielt når ein veit at hennar scener vart filma berre fire dagar før ho døydde.
  • James Hurley verkar som ein person med evig kjærleikssorg, som lever i fortida.

Av dei nyare karakterar vi blei introdusert til: The Mitchum Brothers digga eg – fantastiske karakterar. Dei nye ungdommane? Helt suverene. Alt i Las Vegas elska eg. Dale Coopers doppelganger er eit kunstverk av ein skurk. Kyle MacLachlan storspelar – eg har aldri sett han betre.

Twin Peaks: The Return
Twin Peaks: The Return (foto: Showtime Networks)

Oppsummering:

Alt kokar ned til at Twin Peaks er ei historie om good vs. evil – den evige kampen. Laura Palmer er engelen som må beskyttast, og Bob er sjølve djevelen. Dale Cooper er ein slags gresk mytologisk helt som får oppgåva å beskytte Laura. Det meste i serien kan eg lese, men part 18 er det største mysteriet. Her seier historia farvel til alle karakterane, musikken forsvinn, og til slutt er Cooper og Laura fanga i ein realistisk verd. Huset til Laura utløyser eit skrik – kor havna dei? Dette er ein nydeleg slutt. Ingenting har ein byrjing eller ein slutt – kanskje det er det 8-talet i part 17 representerer. Eller kanskje ikkje, kanskje er det overnaturlige ein respons på traume. Ein kan aldri vite med David Lynch.


Twin Peaks: The Return
Showtime Networks
Twin Peaks: The Return (Showtime Networks)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *