Ein filmposter av Christine frå 1983

To Stephen King-klassikarar frå 1983: Christine og The Dead Zone

No har eg sett opp att The Dead Zone. For nokre år tilbake tok eg også eit gjensyn med Christine. Begge filmar blei laga i 1983 av to av mine favorittregissørar:  David Cronenberg og John Carpenter. Det mest interessante? Begge er Stephen King-adaptasjonar.

Stephen King sjølv synst at dei beste filmatiseringane av hans eigne verk er The Shawshank Redemption, Stand by Me og Misery. Dei fleste er einige i det, spesielt førstnemnde. Men sett vekk ifrå Misery, synst eg personleg det blir feil å hylle Shawshank og Stand by Me som dei aller beste – sjølv om eg elskar dei. For meg er det meir korrekt å velje ein ekte skrekkfilm, for King er skrekk.

Eg kunne sjølvsagt ha sagt The Shining. Men det er eigentleg ikkje ein Stephen King-film, det er meir ein Kubrick-film enn ein King-film. Nei, eg må gå for to filmar frå same år: 1983-utgåvene av The Dead Zone og Christine er mine favoritt-adaptasjonar av King. Både Carpenter og Cronenberg kom inn, gjorde jobben, sette sine eigne tydelege avtrykk, men var likevel bortimot lojale til bøkene.

Det norske VHS-cover av The Dead Zone 1983
Thorn EMI sitt norske VHS-cover

The Dead Zone: Cronenberg kuttar daukjøtet

Her var det ikkje eit einaste kjedeleg minutt! Cronenberg går verkeleg rett på sak. Christopher Walken spelar ein lærar (som er glad i Sleepy Hollow!) og er stormforelska i ein kollega. Dei skal gifte seg. Men etter ein tur på ein rollercoaster-date får Walken ein kraftig hovudverk. Etter å ha køyrt kjærasten heim, krasjar han bilen sin i ein mjølkelastebil. Er kanskje denne kvite mjølka eit symbol for gjenføding? Mjølka er der for ein grunn!

Læraren vaknar seinare på eit sjukehus, med ein utmerka Herbert Lom som legen hans. Noko er feil, det sansar vi raskt. Det har gått heile fem år! Han har lege i koma. Kjærasten er for lengst gift, jobben hans er vekke, og han er framleis hardt skadd i det eine beinet. Enda verre: Når eks-kjærasten kjem på besøk, er ho sjokkerande nok utru med sin gamle flamme (medan dottera ligg i eit anna rom) – vel, det var kanskje slik det var i gamle dagar.

Christopher Walken får visjonar i filmen The Dead Zone
Hårreisande visjonar i Cronenberg-stil

Hårreisande visjonar i eit iskaldt landskap

Når ei sjukepleiar skal stelle han, tek han eit grep om handa hennar. Her skapar Cronenberg ein intens, hårreisande atmosfære! Walken, med sine velkjende oppsperra augo, bøyer seg opp av senga og ser visjonar. Han ser ei jente fanga i eit rom som brenn. «Amy, RUN AND HELP AMY!» ropar han. Sjukepleiaren kjem seg akkurat tidsnok heim og reddar dottera si.

Første akt handla om livet før denne overnaturlege gåva. Andre akt tek for seg episodar der Walken bistår både politi og rike folk med gåva si som han ser på som ein forbannelse. Dette er noko av grunnen til at filmen er så underhaldande; det skjer noko heile tida, og denne episode-formelen fungerer kjempegodt! Når Walken får visjonane sine, er det heile effektivt sett saman av Cronenberg. Akkompagnert av musikken til Michael Kamen gir det meg rett og slett frysningar.

The Dead Zone er også ein ekte vinterfilm. Det er snø og slafs i gatene, og Walken går rundt med frakk og stokk medan han haltar. Etter å ha avslørt ein mordar i Castle Rock, trekkjer han seg vekk frå samfunnet og prøver å livnære seg som heimelærar.

Dette er framleis andre akt. Så kjem Martin Sheen inn i biletet. Han skal bli senator og har enorme ambisjonar. Det er for lengst etablert at Walken er ekte synsk, og når han tilfeldig tek i handa til den komande senatoren: akt 3 er frykteleg spennande!

Dommen over The Dead Zone

David Cronenberg sin The Dead Zone er ulikt alt anna han har laga. Det kan nesten samanliknast litt med korleis Quentin Tarantino laga Jackie Brown basert på ei bok. Det er fascinerande å sjå slike autørar skape film ut av andre sine verk. Her er det lite klassisk «body horror», mest avgrensa til når hender møtest og den fysiske omforminga med haltinga frå ulykka. Men resultatet er fantastisk! OG Walken storspelar! Eg elskar filmen, og har sett den fleire gongar gjennom livet. Det er ein uhyre gjensynsbar film. 

Vurdering The Dead Zone: Spol tilbake!

Terminal-pila: ◀◁ 

Christine: Ein djevelsk Plymouth Fury

Kort og greitt handlar Christine om Arnie, spelt av Keith Gordon. Han er ein ung og usikker ungdom, alt anna enn populær blant jentene, og han blir plaga av ein gjeng mobbarar. På kveldstid jobbar han som mekanikar, og ein dag ser han ein sliten, raud 1958 Plymouth Fury. Han kjøper bilen og fiksar henne opp (bilen heiter Christine). Det viser seg at bilen lever, og har ei bekmørk, djevelsk sjel.

Arnie, med sin nye bil Christine, blir tøff i trynet, men også heilt Jack Nicholson-steikande-gal. No skal han hemne seg på alle som har gjort han urett. Her blir vi servert feite effektar der bilen regenererer seg sjølv. Scenene der Christine stalkar offra sine, akkompagnert av John Carpenter sitt fantastiske filmscore, er rett og slett legendariske.

Den demoniske bilen forfølger sine offer i John Carpenters Christine frå 1983
Legendariske stalker-scener!

Eit solid persongalleri og ei personleg VHS-reise

Keith Gordon (Dressed to Kill) spelar knallgodt i rolla som Arnie (seinare blei han faktisk regissør sjølv). Alexandra Paul (8 Million Ways to Die) er ei av hovudrollene. John Stockwell, som spelar venen til Arnie, er eit velkjent 80-talsfjes frå filmar som Top Gun, My Science Project og miniserien Nord og Sør. Sist, men ikkje minst, har vi fantastiske Harry Dean Stanton som Detective Rudolph Junkins. Eit svært solid cast!

Christine var i 1984 ein av dei aller første John Carpenter-filmane eg såg. Nokre venar på nabogarden hadde leigd han på VHS (Video Trade!), og eg sprang dit for å sjå den. Sidan den gong har eg sett filmen jamt og trutt. Eg blir alltid litt lei meg, for eg likar eigentleg Arnie så godt før han kjøper bilen og blir djevelsk besett.

Dette er ein skrekkfilm i same gate som The Dead Zone, ved at eg føler det finst kun éin av sitt slag. Det er to unike skrekkfilmar frå to unike regissørar. Eg dreg fram full pott til Christine også, for lang og tru teneste. Dette er mine favorittar av Stephen King på film!

Vurdering Christine: Spol tilbake!

Terminal-pila: ◀◁ 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *