8 Million Ways to Die (1986): Anmeldelse
8 Million Ways To Die med sexy Jeff Bridges, har vore på radaren min dei siste åra. Det var Tarantino som sytte for det, etter at eg las at denne neo-noiren av Hal Ashby er ein av dei store åttitalsfavorittane hans. Og at han diggar han, er enkelt å sjå.
Filmen handlar om Matt Scudder (Jeff Bridges), som er politimann og alkoholikar. Etter ei alvorleg hending mister han både kona og jobben. Han går i AA, og ting ser ut til å gå bra. Som i ein detektivfilm med Humphrey Bogart, blir han kontakta av Sunny (spelt av Alexandra Paul), ei ung, prostituert kvinne som treng hjelp til å kome seg unna, for livet hennar er i fare.
Åttitalets mest sexy mann? (litt spoilarar vidare)
Før Jeff Bridges blei ei legende som The Dude i The Big Lebowski, og før han tok ein u-sving i rolla som radiovert i The Fisher King, hugsar eg Bridges som den hottaste stjerna det tiåret. Han stilte alltid opp solbrun, småskjeggete og med oppknept skjorte. Slik som i Against All Odds, som òg var ein svett, sexy neo-noir-thriller.
Men det er eit falskt minne. For Bridges var ein allsidig kar, og spelte datanerd i datanerdfilmen Tron, romvesen i Starman og bilbyggjar i Tucker.
Eg nemner dette fordi Bridges ikkje er redd for å vere rar i rollene sine, sjølv som sexy hovudkarakter i ein neo-noir-thriller. Sunny, som han skulle redde, blir teken og drepen (dette skjer tidleg), og nokre hysteriske scener følgjer: Matt står på ei bru og ser ned på liket av Sunny, ropar «noooo!» og kollapsar.
I neste scene ligg han på eit labert sjukehus. Vi forstår med éin gong at han har falle av vassvogna. Han reiser seg frå senga, gapar med kjeften, sleva og gjer rare grimasar – medan eg lurte på kvifor han reagerte så sterkt om ei dame han knapt kjende. Denne sexy stjerna er ikkje redd for å sjå ut som ein dass! Heile scenen er komisk, og får meg til å lure på om filmen er bra i det heile teke.
Her er det knapt action. Historia verkar altfor tøysete til tider. Men eg heldt fram med å sjå, og filmen blei berre betre og betre. Kvifor?

Ei rå og dialogdriven oppleving
Han er annleis! Og rå, veldig direkte i å vise oss ekte menneskeleg samhandling utan filter, i måten ein alkoholisert purk snakkar til prostituerte og til narkobaronar på. Sunny står på baderommet til Matt og snakkar om korleis kjønnshåra hennar ser ut i månelys. Her er det scenar med reint skitsnakk mellom Jeff Bridges og Rosanna Arquette etter at ho spydde i fanget hans natta før.
Heile filmen er karakter og DIALOGDRIVEN, og det er ikkje anna å vente enn at Tarantino diggar han.
Eg elska til dømes ein scene der Andy Garcia med sitt Scarface-entourage og Jeff Bridges møtest utanfor eit kjøpesenter for å lufte tankar. Garcia tilbyr Bridges is med smak, som han har i bagasjerommet. Alle et på denne isen medan helten konfronterer skurken, og regissør Hal Ashby lèt berre kameraet rulle, lenge.
Altså, antihelten i filmen vil berre finne ut kven som drap Sunny. Han er arbeidslaus, ein alkis som kjempar mot flaska. Og det er alt. På papiret skulle ikkje dette fungere. Men det gjer det.
Eit eksplosivt klimaks
Klimakset kjem, og eg forstår verkeleg kvifor Tarantino skryter av denne filmen: Eit stort varehus der alle partane møtest. Med hard dialog blir det bygt opp, og eg kjende spenninga skjelve i sofaen. Det eksploderer! Men ikkje slik at «no kjem 30 minutt med actionscenar», nei, her er alt i balanse. Tarantino blei utan tvil inspirert, og sat nok med notatblokka klar.
Eg elska òg finalen, men den vil eg ikkje røpe.
Nei, dette var andre bollar! Eg kan tenkje meg at eit moderne publikum kanskje vil reagere litt på det harde språket, eller kanskje det berre er noko eg innbiller meg. Men slikt blir ikkje laga lenger. Filmen er langt ifrå slik coveret gjev inntrykk av. Men det er kanskje ikkje så rart når ein les at det er regissør Hal Ashby som står bak det heile. Dette kunne ikkje bli ein typisk thriller. Og sleng på Oliver Stone som manusforfattar – han som òg skreiv Year of the Dragon og Scarface – så får du hardt språk i store doser.

Konklusjon
Men er filmen bra!? Eg elska filmen. På grunn av dei mange knallsekvensane, dialogen, skodespelarane og eit formidabelt filmmusikkspor av James Newton Howard. Regissør Hal Ashby fokuserer på karakterane, i ei enkel forteljing. Klimakset var fantastisk. Samstundes er filmen rar og ulogisk på mange område. Noko som eigentleg ikkje er viktig, fordi eg blei UNDERHALDEN.

Høres bra ut, håper den dukker opp som #mandagsfilmen en gang i fremtiden. (mangler i fysisk samling)
Eg kjøpte den på salg, 49kr på Apple for lenge sida. Skulle gjerne hatt filmen fysisk.