Sam Neill i Maskinrommet - Event Horizon

Statusrapport frå maskinrommet

Filmblogging er meir enn berre skriving! Mykje av tida går no med til å mekke på Filmloftet inne på WordPress. Slik som Sam Neill i Event Horizon (framsidebildet) Med ein gong eg gjer det, skrur eg av «skrivinga» og går fullstendig inn i teknisk modus. Eg klarer rett og slett ikkje å gjere begge delar. Det klassiske mannfolkproblemet, som dei seier.

Det er mykje som skal gjerast. Eg fjernar til dømes alle AI-illustrasjonar. Inne i gjesteboka der alle «Film-Noreg Rundt!»-artiklane ligg, har eg no gjeve ALLE gjestane eit eige framsidebilete frå favorittfilmen deira (håpa eg!). Alle sidene har fått eigne framsidebilete, og dette synest eg er knall!

Terminal-nostalgi og Ator i kjellaren

Alle som brukar pc, kan no sjå at eg har mekka ein sidemeny med namnet «System» som får grøn alien-skrift når ein triggar sidepanelet. På mobil køyrer eg framleis den nydelege, rosa sidemenyen. Ja, eg elskar rosa, gult og grønt, terminalskjermar frå åttitalet, neonlys og Esselte-gul.

Ator, som flytta inn tidlegare i år og no skriv så det susar, har fått sin heilt eigen plass i KJELLAREN. Alt han skriv, vil framover bli lagt i «Ators kjellar», der han får herje fritt og filmnerde i sitt heilt eige tempo. Og han Bjørn Dennehy lagar kanskje meir lyd av seg, eller kanskje ikkje. Her er det aldri stress!

The Wraith (1986)
Mitt mentale bilde av ATOR! (The Wraith, 1986)

Fire piler og ei virtuell videosjappe

Eg er òg veldig nøgd med systemloggen der eg skriv om alle filmar som om det var på Letterboxd. Berre ei rein og enkel logging utan bilete eller lenkjer. Reint for mi eiga skuld. Eg saknar ikkje Letterboxd i det heile teke! Sist gong snakka eg om tommel opp og ned (for å heidre min «mentor» Roger Ebert) – STRYK DET. No køyrer eg Terminal-piler opp og ned! Borte på Blåskya snakka herr Skogestad om dei to andre trekantpilene, noko som inspirerte meg til å køyre på med FIRE PILER! Det er forklart her:

SYSTEMINFO:
[ ▲ Anbefalt ]
[ ▶ Midt på treet ]
[ ▼ Styr unna ]

[ ◀ Spol tilbake (Meisterverk) ]

Eg ser for meg ein del teknisk arbeid i nokre veker til. Å rydde opp i databasane. Å slette bilete (halve harddisken er brukt, og eg må bremse!), for det tek mest plass av alt. Til slutt skal eg justere på detaljar, og kome på nye, kjekke ting – som til dømes mi virtuelle videosjappe: ein plass der eg legg ut filmtips med cover og det heile, av filmar som berre var å finne på VHS.

Framtida for Cine-HAL og Filmloftet

Cine-HAL – min eigen tipsrobot med Alien-estetikk – må eg omprogrammere og fornye konseptet til. Roboten pratar no engelsk og gjev filmtips med lenkjer til Letterboxd ut ifrå humøret ditt. Eller kanskje eg berre dreg ut kontakten for alltid, om eg ikkje kjem på noko kult!

Når eg er ferdig med alt dette, blir det å kaste meg over filmsjåinga igjen, skrive, og skrive endå meir. Og lære meg nynorsk skikkeleg! Eg kikkar i bøkene eg kjøpte, og eg står på. Dette filmstyret blir eit livsprosjekt. Ja, eg skal skrive om film til min siste dag.

Og heilt til slutt må eg seie at eg er enormt nøgd med Dedia, som leverer webhotellet mitt. Utmerkt service, og dei svarar lynkjapt på alle problema mine.

Statusrapport over…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *