AvP Requiem anmeldelse

Aliens vs. Predator: Requiem (2007): Anmeldelse

Då har eg sett Aliens vs. Predator: Requiem. Her går vi frå eventyr og escape-room i einaren til ein klassisk småby-monsterfilm, slik som i The Blob og Gremlins. Filmen startar der AvP 1 avsluttar: ein Predator har blitt befrukta og gjev liv til ein Predalien, som drep alle dei andre Predatorane. Romskipet styrtar deretter i ein skog, rett ved sidan av småbyen.

Karakterane

Eg snakka om karakterane i førre film. Her er det ikkje ein einaste likande karakter som stikk seg ut. Og vi får heller ikkje tid til å bli kjende med dei, fordi filmen pressar altfor mykje inn i handlinga. Menneska her er som henta rett frå ein Friday the 13th-film, kanskje ein grunn til at eg oversåg nettopp det i førre runde. Eg likar klare-til-slakt-karakterar.

Diggar når Wolf; Predatoren som sit i sofaen sin heime på Predator-planeten og får beskjed om at venane hans har styrta på jordkloten. Han tek med seg utstyret sitt og reiser av garde. Eg likar òg Predalien, som trass alt er ei tøff krysning.

Sterke scener og franske ekstremgrøssarar

Nokre scenar er verkeleg grusame. Ein far og ein son blir tekne og befrukta. Små aliens bryt seg ut av brystkassane deira. Modig å gjere slikt med ein 12-åring. Endå drøyare er scenen på sjukehuset der Predalien stikk innom fødeavdelinga for å befrukte alle dei gravide kvinnene der. Han brukar ein heilt ny teknikk: eit slimete røyr frå kjeften til monsteret går ned i gapet til kvinnene og pumpar dei fulle av Alien-egg. Dette er sterke saker, som rett frå franske ekstremgrøssarar.

AVP2
Prealien på besøk i fødeavdelinga – filmens beste scene

Ei offentleg unnskyldning til Pønkefjes

Men no… må eg leggje meg flat, for Pønkefjes har rett i analysen sin av AvP 2. Her er det veldig mykje svakt. Så eg nyttar høvet til å seie unnskyld for at eg sende deg ut på eit slikt fælt oppdrag: å sjå ein film du avskydde, for så å skrive ein nådelaus analyse. Ein salutt med Predator-kanonen for arbeidet!

Kva i alle dagar tenkte regissøren på? Filmen er bekmørk. Eg prøvde å forsvare dette tidlegare, men her òg legg eg meg flat: Det øydelegg heile filmen. Sist gong såg eg han på hausten, midt på natta. DET HJELPER, for filmen verka ikkje fullt så mørk då som han gjorde no, i skarpt sommarlys. Berre litt lys i rommet er nok til å øydeleggje alt. For første gong måtte eg skru lysstyrken opp til 40 (brukar vanlegvis 15), og eg trekte for gardinene der eg kunne, men det hjelpte lite. Filmen er sjukleg mørk!

Eit kaos

Manuset, altså sjølve forteljinga, er eit salig kaos. Vi hoppar frå karakter til karakter. Effektar frå Tom Savini og ei massiv innsprøyting av gørr kunne kanskje ha bøtt på mykje av dette, men her er det rett og slett ikkje nok. Hadde filmen i staden fokusert på Wolf, «the cleaner», og gjeve oss nok lys til at vi faktisk såg kva som skjedde, så kanskje.

Men dette… Eg måtte ha vore i ein tung rus av antidepressiva sist gong eg såg han, for eg gav han terningkast 5-ish, sjokkerte alle venar på det vide nettet, og skapte ei forstyrring i Krafta som framleis gjev ekko i all æve.

Men no er det nok, nok AvP: Requiem. Eg digga AvP 1, men toaren får:

Terminal-pila: ▲

SYSTEMINFO: [ ▲ Anbefalt ] [ ▶ Midt på treet ]
[ ▼ Styr unna ] [ ◀ Spol tilbake (Mesterverk) ]

2 Comments

  1. Trist utfall frå et brødre par som he våre med på effekt sida med filmar som
    The Day After Tomorrow, Into the Storm, Titanic, Avatar, Poseidon, Avengers, The Predator.
    Dei he ikkje laga film sia 2010 då dei var bak Skyline.
    Den floppa også så dei e mulig bedre som effekt crew enn regissører?.
    Uansett så kjørte dei mystiken, spenninga og det vi elska med Aliens og xenomorph på grunn som Titanic med isfjellet.
    virka som mulig et bra konsept på papir men enkelte ting bør ikkje filmatiserast.

    1. Skyline…. Vagt minne at ej ikkje likte den. Ja dei prøvde å gå the James Cameron-path, men feila. «Thats the Hollywood-way» (med Connery stemme)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *