Eit bygg blir sprent i ei actionscene frå The Killer Elite 1975.

The Killer Elite (1975)

Kva om Sam Peckinpah laga ein 80s actionfilm om internasjonale leigemordarar som kjempa mot kvarandre med pistolar, kung fu, ninjaer og eksplosjonar? Kva om tittelen var ein klassisk 80s tittel: The KILLER ELITE, men blei laga på syttitalet? Vel, han gjorde det og eg storkoste meg!

Kjemien mellom Caan og Duvall

James Caan og Robert Duvall spelar to partnarar i ein leigesoldat-outfit som tek på seg oppdrag CIA ikkje vil ha. I starten – når Caan og Duvall køddar med kvarandre – Duvall les kjønnssjukdom-diagnosen til ei dame Caan har hatt eit one night stand med, og LER av han. Eg knakk saman. Skulle ønskje heile filmen var berre kødding mellom dei to.

Frå svik til hemn

Caan blir forrådt og skutt av Duvall, fordi ei anna leigesoldatbedrift betalte betre. ¼ av filmen handlar om Caan sin veg mot betring – så han kunne ta hemn (tenkte eg). Og han trenar seg tilbake i form, får eit nytt oppdrag med å beskytte ein japansk politikar. Duvall på den andre sida får oppdrag med å drepe han Caan skal beskytte. Men handlinga er irrelevant, fordi…

Burt Young som sitter i Taxi med Bo Hopkins i actionfilmen The Killer Elite
Burt Young og Bo Hopkins i The Killer Elite

Eit karakterdrive underhaldningsverk

The Killer Elite er karakterdreven så det susar! James Caan er så sjarmerande og gløder av karisma. Eg blei aldri smart på kven karakteren hans var, heller ikkje Duvall sin. Likevel desse to karane er gode, slår dei ikkje Burt «Paulie» Young som her viser korleis ekte skodespel skal vere. Mannen er fantastisk! Og så kjem Bo Hopkins (American Graffiti) som psykopat-skytegalning og eg havna i filmhimmelen. Young og Hopkins blir teamet til Caan som skal beskytte politikaren.

Peckinpah sitt særpreg

Sam Peckinpah køyrer sitt særpreg med saktefilm, rar klipping og korte klipp av grafiske drapsscener som gav meg meirsmak – eg vil ha meir! Og filmen er vakker, med San Francisco som bakteppe. Bo Hopkins blir introdusert på ein fjelltopp ved den kjende brua og skyt leirdue med bukta bak. Ein av mange vakre scener.

James Caan på framsida av det norske VHS coveret til The Killing Elite
Killer Elite – Norsk VHS-cover

Konklusjon

Actionfilm med ninjaer og leigemordarar av sjølvaste Sam Peckinpah og med Burt Young, Duvall, Caan og Hopkins – er svært underhaldande. Filmen har også eit stort hjarte! Utan tvil, ein god filmkveld.

Terminal-pila: ▲

4 Comments

  1. Å ja, så enig! Synes denne fortjener langt større oppmerksomhet. Nevnes aldri blant Peckinpahs beste, men den er blant mine favoritter. Som du nevner: Caan, Duvall, Young, Hopkins, ninjaer… Merker jeg må ha et gjensyn!

    Slenger også inn et forsøk på spontan personlig Peckinpah-topp 5-liste:

    1. The Wild Bunch
    2. Straw Dogs
    3. The Killer Elite
    4. Convoy (fjasefilm jaja, men guilty pleasure og nostalgi)
    5. Junior Bonner

    Pat Garrett… og Bring me the head… er det så lenge siden at jeg må ha gjensyn med for å vurdere og se om de kommer inn på lista (mistenker de fort kan gjøre det).

    1. God liste! Straw Dogs må eg snart ta eit gjensyn med. Det er over 30 år sidan. Junior Bonner er usett. Om eg skulle ha rangert, hadde det blitt på sparken slik:

      1. The Wild Bunch
      2. Cross of Iron (filmen av Sam eg har sett flest gongar)
      3. The Getaway
      4. Killer Elite
      5. Convoy (JEPP!)

      Pat Garret, Bring me the head of, Straw Dogs kan raskt kome på lista etter gjensyn. The Osterman Weekend hugsar eg DIGGA før på 80talet – den også må eg få tatt eit gjensyn med. Og så må eg få sett hans tre første filmer.

  2. Cross of Iron, ja! Hadde skyhøye forventninger til den da jeg skulle se den for første gang for sikkert 20 år siden, men ble skuffet, så må nok ta gjensyn med den og.

    Straw Dogs er gjennomført ubehagelig, og moralsk utydelig, men skikkelig fascinerende og spennende, ikke minst pga den konstante spenningen mellom Dustin Hoffmann og Susan George, og hvordan de reagerer på de ytre truslene.

    Digget The Getaway første gang jeg så den, og Steve McQueen har vel aldri vært tøffere. Ved forrige gjensyn likte jeg den mindre og den er derfor ute av topplista nå, men det kan jo snu seg igjen neste gang jeg ser den.

    Av de tidlige har jeg sett Ride the high country. En god film absolutt, men ikke blant de beste etter min smak.

    Nysgjerrig på Osterman Weekend! Virker jo kul, men så får den jo så mye slakt.

    1. Eg MÅ få tatt gjensyn med Straw Dogs i år! Cross of Iron hadde eg på VHS og den fekk kjørt seg. Men eg tok eit gjensyn i forfjor og fortsatt digga eg den – kanskje med ein dose nostalgi, skal det vere sagt.

      The Getaway er ei stund sidan og! Får legge den med i køa. Det er Walter Hill som står bak manuset, så den får ekstra med kjærleik.

      Osterman Weekend, altså eg var 12-13år, så denne slakta skal ein ikkje sjå vekk i frå.

      Elles må eg få sett Major Dundee.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *