The Last House (2026): Gi meg styrke
Korleis kome på ein film som The Last House? Eg ser for meg ein manusforfattar som ser på A Quiet Place og sonen som spelar «Who’ll Stop the Rain» i bakgrunnen og ei lyspære som lysar opp rommet.
Eit latterleg utgangspunkt
Plottet er heilt forferdeleg! Handlar om ei familie som ein fridag skal ut på tur og kjøpe juletrær. Det regnar, OG DEI KJEM SEG IKKJE UT! Dei prøvar alle dører og vindauge utan hell. Det er som om regnet har superlima alle hus i verda!
Eg måtte le av premisset i starten, fekk nesten håp at dette kunne bli søppelmoro. Denne familien er nonchalant, nesten glad for å vere stengt inne så dei slepp samfunnspliktane. Dei ser Annie og Air Force One på repeat og dansar til The Cure. Ikkje eit sekund grublar dei på den overnaturlege krafta som låser dei inne.
Dyra betaler prisen
Dyr skal få lide gjennom filmen. Først døyr familiehunden som blir skutt av familiefaren (pga sjukdom og alderdom) – greitt, men faren høggar hunden opp, puttar delane i ein pose og sender dei opp pipa gjennom ein sprekk med eit heimelaga Petter Smart-apparat for å mate ein hund på utsida. Skrekkeleg!
Spoilers videre
Og faren får då ideen med å fiske dyr gjennom pipa og mekkar feller i garasjen som fangar rev, grevling, ekorn og alt på utsida for å så steike og ete dei. Korleis faren fekk til dette er større mysterium enn superlimdøra. Det blei grusomt å vere vitne til dyreslakta på denne måten.
Fem år i fangenskap
5 år går! Dei overlever ved pipefisking og dyrking av grønsaker (inne i huset!). Den største galskapen er at ei familie må vere innsperra i eit hus i fem heile år i lag! For ei skjebne! Samstundes har det regna alle åra, og dette dyreslakthuset er ein mini-Noas ark.
Monstera og kollapsen
Så kjem monstera (monstere eller monstera på nynorsk!?) i regnet, litt Signs-aktig og Spielbergs War of the Worlds i revers (regnet). Det blir tydeleg at alle menneska er fanga av ein grunn: mat for nokre andre. Monstera oppdagar grønsaksdyrkinga og forureina dei så dei døyr og gjer vatnet salt.
Familien kollapsar til slutt av stresset. Eit psykologisk drama utspelar seg. Dattera blir bitt av ein røyskatt og såret blir infisert så ho treng antibiotika. Far blir sint og køyrer bilen i garasjedøra. Så oppdagar dei ein sprekk i golvet. Og så, og så – åh gi meg styrke.
Ei pinleg avslutning
Til slutt kjem det tidenes mest pinlege dialog om framtida, håp og kjærleik – heal the world!
Konklusjon
Netflix er ikkje noko flink på å lage film. The Last House er nok eit bevis på det. Dei kan ikkje forventa at vi skal kjøpe at regn kan stenge av hus utan vidare forklaring. Eller at det går an å fiske dyr på utsida. Eller at ei familie overlever isolasjon i lag i fem år utan å fullstendig klikke.
Filmfotoet av Pål Ulvik Rokseth var bra, men elles er dette ein hjernedaud film som passar best dagen derpå med pizza og potetgull. Men er du frisk og sunn, styr unna!
