Ei kåring av beste komediar – Topp 10
Mitt første kriterium for vurderinga av kvar komedie er heilt enkelt: latter. Mitt andre kriterium er gjensynsverdien gjennom åra og fram til i dag.
Her er mine absolutte favorittar!
10. Dumb and Dumber (1994)
Nittitalets morosamaste film. Knallgod kjemi mellom Jim Carrey og Jeff Daniels er det som gjer at filmen fungerer så utruleg godt. Farrelly-brørne er Zucker/Abrahams sine naturlege arvtakarar. Elskar soundtracket! «Suck me sideways!»

9. Raising Arizona (1987)
Ein VHS-klassikar! Nicolas Cage, Holly Hunter, William Forsythe og John Goodman syter for knallunderhaldning og god latter. Leonard Smalls!

8. MASH (1970)
Robert Altman skapar ein leiken stil der Donald Sutherland, Tom Skerritt og Elliott Gould sine rampete karakterar blir sette opp mot stivbeinte og alvorlege Sally Kellerman og Robert Duvall. Eit satirisk meisterverk om krig. «Suicide is painless!»

7. Høyt Skum I Hollywood (The Party, 1968)
Eg lo kanskje endå meir av The Pink Panther Strikes Again (1976) – men eg elskar å vere på dette Hollywood-selskapet der Peter Sellers spelar ein indisk skodespelar som verkeleg er som ein fisk på land. «Birdie num num!»

6. A Fish Called Wanda (1989)
Her finn du alt frå komedie, romantikk og action til drama – ikkje eit einaste kjedeleg sekund. Jamie Lee Curtis, Kevin Kline (vann Oscar!), John Cleese (i si beste rolle) og Michael Palin er heilsprø, og kjemien sit 100%. Otto!

5. Animal House (1978)
Delta-gjengen er ikkje som andre! Dei festar, og det er det einaste dei bryr seg om. Av filmane på lista er dette kanskje den eg har sett aller flest gongar. Bluto!

4. Life of Brian (1979)
Kvar var du då Statens filmtilsyn bannlyste dette blasfemiske verket av Monty Python!? Filmen er vakker og komedien er heilt på topp. Her er det inga mangel på legendariske scenar! «Biggus Dickus!»

3. Planes, Trains and Automobiles (1987)
Nok ein roadmovie! Men den absolutt beste av dei, der Steve Martin høfleg lèt John Candy få vere med han på reisa heim. Artig og veldig rørande. «THOSE AREN’T PILLOWS!»

2. Young Frankenstein / Blazing Saddles (1974)
Her hadde eg ikkje noko val, eg måtte ty til dobbelkortet mitt! Mel Brooks, Gene Wilder, Madeline Kahn, Teri Garr – dei tronar på toppen av mine favorittkomikarar! Den beste Frankenstein-filmen er sjølvsagt Young Frankenstein, med svart-kvitt-foto og klassiske, praktiske effektar. Blazing Saddles er ein av dei villaste komediane i historia – Harvey Korman tek komedieprisen: «Froggy loves daddy?»

1. Hjelp, vi flyr! (Airplane!, 1980)
Filmen er ein heilt spinnvill parodi på syttitalets katastrofefilmar, og spesielt filmserien Airport. Det er den same gjengen som står bak Top Secret! og Mannen med den nakne pistol, som òg er legendariske i mi bok. Eg såg Hjelp, vi flyr! for første gong rundt 1983–84, og den dagen lo eg mest i heile mitt liv. «You ever seen a grown man naked?»

Heiderleg omtale
Hjelp, vi er på ferie (National Lampoon’s Vacation, 1983)
Tips til sommarfilm? Denne! Chevy Chase på sitt aller beste (her og i Fletch). Familien Griswold reiser på tvers gjennom USA med Walley World som destinasjon. Familiefar Clark er sjukeleg oppteken av kvalitetstid med familien og av at alt skal vere perfekt – men det endar alltid med katastrofe. Eg får aldri nok av søskenbarnet Eddie og Catherine sin familie.
Undervurderte og skjulte komedieperler
Her er nokre undervurderte og kanskje litt mindre kjende komediar som eg lo skikkeleg godt av:
- Fatal Instinct (1993)
- Captain Ron (1992)
- A Haunted House 2 (2014)
- The Dead Don’t Die (2019)
- The Woman in Red (1984)
- Delirious (1991)
- Skin Deep (1989)
- Deadstream (2022, skrekkkomedie)
- Beerfest (2006)
- Wood Job! (2014)
- Piranha 3D (2010, skrekkkomedie)
Kva er dine favorittkomediar? Sleng gjerne inn ein kommentar nedanfor!
Meir Komedie?
80-tallet: En hyllest til komediene
Fuzz (1972)
What’s New Pussycat? (1965)
Deler begeistringen for MASH, Life of Brian og a Fish Called Wanda, og savner Some Like it Hot. En film som klarer å være genuint morsom, uten å falle i de vanlige fellene hva gjelder tema: «menn som prøver å være kvinner».
Sluttreplikken er humor gull.
I tillegg mener jeg Dr Strangelove er vanvittig morsom, samtidig som den skremmer vettet av oss.
Hei Ine!
«Some Like it Hot» hadde kome fram om lista var lenger. Det er lenge sidan sist no, men hugsar latteren og kvaliteten. Er veldig glad i Billy Wilder og Jack Lemmon. The Apartment tok eg eit gjensyn med for litt sida, og eg elskar den filmen også.
Er ganske begeistra for Dr Strangelove. Har ofte plassert den høgast i Kubrick-katalogen. Definitivt i min topp 20.
Går for 80 talls undervurderte hints pluss et par frå 90 tallet.
Stir Crazy (1980)
See no evil hear no evil (1988)
Rutless People (1986)
Spaceballs (1987)
License to Drive (1987)
Don’t tell mom the Babysitter is Dead (1991)
Trading Places(1985)
Dazed and Confused (1993)
Police Academy 2: Their First Assignment
(1985)
War of the Roses (1989)
Her var det mykje gull, Ator! License to Drive, a blast from the past!