Har filmfansen blitt som fotballsupporterar?
I herrens år 2008 byrja eg å følgje med på fotball, etter å ha vore ivrig ANTI i så mange år. Det var fordi så mange i arbeidsmiljøet snakka om fotball døgnet rundt, og eg forstod ikkje bæra. Så eg var litt nysgjerrig på kva dette maset handla om. Eg valde eit lag i Premier League, Spurs, fordi ein kompis frå ungdomsskulen hadde prøvt å frelse meg på Spurs i alle dei åra til inga nytte. Han blei glad, og vi såg mange kampar i lag i ein periode på ti år.
Ekspertise frå buffeen
Men ja, eg såg no kampar og kasta meg djupt ned i det. Eg spelte endåtil Football Manager på pc-en, og blei ganske besett. Eg prøvde å forstå sporten, prøvde å skjøne korleis det hadde seg at alle arbeidskollegaane mine var så dyktige på taktikk. Kva trenaren gjorde feil, kva spelarar som var feil val og alt mogleg; kollegaane mine var fotballekspertar, og dei var ikkje få! Og eg følte meg kanskje litt dum.
Ein vakker dag, fleire år seinare, var også eg med på praten, og eg òg bidrog i desse samtalane kring Premier League. Etter å ha sett massivt med fotball og følgt Tottenham med sine opp- og nedturar, var eg i 2016 blitt dyktig nok til å forstå kva alt dette handla om. Og eg oppdaga ein viktig ting: alle ekspertane var slett ikkje ekspertar! Ikkje noko meir ekspert enn det eg var!
Fasiten er enkel: fotballfans siterer mykje, veldig mykje. Dei les mykje om sport i nyheitene, og høyrer på studioekspertar. Så står dei på jobb og tek opp att det dei las. For eg forstod rett og slett ikkje korleis alle venane og kollegaane mine hadde så bastante meiningar, fulle av visdom og ekspertise. Men dette var berre sitering av dei eigentlege fotballekspertane på internett og tv. Det var som ein stor ekspertisebuffé der det berre var å forsyne seg av meiningar. Då eg endeleg forstod det, fann eg nøkkelen til fotballdiskusjonane.

Eit nytt språk i filmpraten
Filmdiskusjonar og filmprat har forandra seg med åra. Før når vi prata film, etter ein tur på kino eller seinare, snakka vi om spesifikke scenar eller om ein skodespelar som stakk seg ut. Kva som var morosamt eller kva som var skrap. Om sjølve kvaliteten på filmen sa vi enkelt: «Eg likte han», eller «Eg likte han ikkje» – eller endå meir vanleg: «Han var elendig». Om filmen var midt på treet, sa vi fint lite. Då var det ikkje mykje å snakke om.
Men slik er det ikkje lenger. Med internett, YouTube, podkastar og sosiale medium har det kome like mange ekspertar innan film som i fotball. Har filmfansen, slik som fotballfansen, byrja å sitere favorittekspertane sine!? Det er fullt mogleg. Eg ser stor skilnad på kva som blir sagt i dag kontra før. Men kven veit, ikkje eg! Kanskje har folk stor kompetanse no som det er så mykje informasjon tilgjengeleg.
Dette er ikkje kritikk. Klart folk kan snakke film og fotball akkurat slik dei vil. Det er uansett prat-i-farta for å halde i gang ein liten og hyggeleg samtale. Dette er berre ein observasjon, og slikt fjasprat eg likar å prate om, her i mitt kvasifilosofiske filmhjørne. Og det er også klart at mange av mine fotball/film-vennar har mykje kunnskap og kan hugse kampar og spelarar førti år tilbake i tid, slik eg hugsar skodespelerar og filmar frå gamle dagar.

Kven er eigentleg ekspert?
Kva med ekspertane då? Det er eit anna kapittel. Når blir ein kvalifisert til å vere ekspert? Må ein ta den klassiske utdanninga «bachelor i filmvitskap»? Må ein sjølv vere filmskapar (med litt suksess) for å kunne gje ei ekspertmeining? Kva med å berre sjå ein drøss med filmar?
Dette vil eg skrive om neste gong, eller gongen etter der igjen – kanskje aldri.
