Januar Rapport American Gothic Foto: © 1987 Vidmark Entertainment / Hemdale

Januar-filmrapport 2026: 60 filmar og nesten utbrend

Opphavleg var planen å ta eit gjensyn med filmar av favorittregissørane mine som eg har kjøpt på fysisk format. Av ein eller annan grunn starta eg heller eit stordykk i åttitalsfilmar, sett for det meste på Plex og Prime, som har mykje gull gravlagd djupt i katalogen.

Eg såg 60 filmar – utan at det var planlagt. Og eg gjekk «bananas» med Filmloftet; eg laga fleire kontoar på sosiale medium og Letterboxd, noko som medførte mykje ekstraarbeid. Er usikker om det var nødvendig av meg å lage ein eiga konto til FILMLOFTET på Letterboxd – det var ei impulsiv handling. Får sjå om korleis det endar. Gjerne sleng ein kommentar om det her (i kommentarfeltet).

Så eg måtte ta tak i meg sjølv, ta ein filmpause og slette desse kontoane (bortsett frå Letterboxd). Slikt tek mykje tid! Men no byrjar eg å finne balansen igjen.

Januar Filmrapport

Kva var høgdepunkta blant desse 60 filmane? Dei fleste filmane var usette perler frå 70- og 80-talet. Her er mi topp 10-liste:

10. Trancers (1984)

The Terminator kom ut same år som Trancers. Charles Band lagar film i eit forrykande tempo og fekk ut Trancers ganske kjapt etterpå. Filmen er ein miks av Terminator og Blade Runner, der Jack Deth (haha!) er ein framtidspoliti som køyrer Sam Spade-stilen. Han blir sendt tilbake i tid for å stoppe ein galning som vil drepe forfedrane til viktige personar i Jack si tid. Dei reiser i tid ved å ta over kroppane til slektningane sine i 1984.

Tim Thomerson har hovudrolla. Han er morosam, og får god hjelp av ei strålande Helen Hunt. Det er jul i LA, faktisk! Ei morosam scene er når Jack Deth blir slått ut av eit kung fu-spark og sperra inne i eit solarium. Men den beste scena er når Helen Hunt dreg med seg Tim på julekonsert for pønkarar, der dei dansar til «Jingle Balls»! Det er herleg humor.

Trancers: © 1984 Empire Pictures

9. American Gothic (1987)

Filmen handlar om ein gjeng i tjueåra som reiser med eit lite fly. Dei får motorproblem og må nødlande på ei øy, der dei oppdagar eit hus med ein… uvanleg familie. Dette er enkel oppskriftskrekk og litt tøysete, men filmen har mykje kvalitet i både skodespel og foto. I tillegg er det digg å sjå Rod Steiger i ei slik rolle. Eg tippar Ti West har blitt inspirert her, for eg fekk litt kjensla av både Pearl og X. Karakteren gjekk opp ei halv stjerne på grunn av ei dritbra sisteakt!

American Gothic: © 1987 Vidmark Entertainment / Hemdale

8. Motel Hell (1980)

Artig kryssing av Psycho og The Texas Chain Saw Massacre. Litt sånn Rob Zombie-type humor med sære galningar. Denne passar fint som ein «double feature» med Thanksgiving (2023). Bra laga er han òg!

Motel Hell © 1980 United Artists / MGM

7. The Quiet Earth (1985)

Ein mann vaknar, og alle er borte. Han har jobba på eit internasjonalt prosjekt, «Flashlight», eit vellukka eksperiment som gjekk gale. Så han gjer som Will Smith i I Am Legend: kva han vil. Han flyttar inn i eit herskapshus og lever som keisar, men isolasjonen får han til å klikke. Slike sci-fi-konsept er kule. Filmen er nydeleg laga med flott filmfoto, og fekk meg til å tenkje på Tarkovskij sin Stalker. Det er ein type roleg sci-fi eg set pris på.

The Quiet Earth © 1985 Mirage Films / Skouras Pictures

6. Pieces (1982)

No snakkar vi sjuke saker! Ein gut held på med eit puslespel av ei naken dame, men mora klikkar. Guten tek øksa og høgg ned mora. Guten veks opp til å bli mann, får seg ei svær motorsag og går rundt i giallo-drakt. Han fiskar ei jente opp frå bassenget med ein HÅV og kappar henne opp (mordaren er glad i å lage puslespel av kvinner). Filmen har spansk/italiensk sjarm, både i musikken og dubbinga. Kryssinga av italiensk giallo og amerikansk slasher/splatter gir eit morosamt og annleis resultat.

Pieces 1982 Almena Films / Film Ventures International

5. Rabid (1977)

Denne digga eg! Det er ein miks av zombie- og vampyrfilm som fungerer utmerka saman, måla ut med Cronenberg sin unike pensel og skaparkraft. Eg likte vinterstemninga så godt: det flate, berre landskapet og motorvegane. Her er mange flotte scener: snuskekinoen, liket i frysaren og julenissen som blir skoten på kjøpesenteret. Plakaten er heilt fantastisk; dette var eit cover som verkeleg stakk seg ut i videosjappa!

Rabid © 1977 Cinepix / New World Pictures

4. Suburbia (1983)

Lågbudsjett, rå og minimalistisk – denne slo meg hardt i trynet. Skreiv om den her.

Suburbia © 1983 New World Pictures

3. Ms .45 (1981)

Ein stum syar, Thana, blir valdteken to gonger på éin dag. Andre gongen drep ho mannen med eit strykejern, kappar han opp og legg han i kjøleskapet. Så går Thana amok på byen og bles alle kåte mannfolk rett til helvete med sin .45-kaliber. Zoë Tamerlis Lund spelar henne perfekt. Filmen har klasse, nettopp fordi Zoë og regissør Abel Ferrara gir han det. Kanskje den beste «rape/revenge»-filmen eg har sett!

Ms .45 © 1981 Rochelle Films / Navaron Films

2. The Final Terror (1983)

Andrew Davis laga ei lita slasherperle med The Final Terror. Eg elska naturbruken og den uortodokse mordaren. Den «grøne» slasheren kan du lese om her.

The Final Terror © 1983 Comworld Pictures

1. Straight Time (1978)

Denne har eg skrive om tidlegare. Eg fanga opp tittelen i Michael Biehn sin podcast og stussa over at eg ikkje hadde høyrt om han. Fantastisk film med Dustin Hoffman som hardbarka tjuv. Eit must! Har også skrevet om den her.

Straight Time © 1978 Warner Bros.

Beste gjensyn

Det blei gjensyn nummer 30 (eller 40) med The Terminator. Eg veit ikkje, den er berre ein av mine største favorittar, betre enn T2.

Miracle Mile (1988) er framleis ei stor perle alle må sjå. Verdas undergang – PÅ ÅTTITALET.

Elles var eg innom John Woo, og det er LENGE sidan! Eg får stor nostalgi frå nittitalet med filmane hans. Det var med han (og Jackie Chan) eg byrja å utforske Hong Kong-filmar. The Killer synest eg framleis er den mest komplette, Hard Boiled har galen og vakker action, og A Better Tomorrow er så kul. Chow Yun-fat er kongen av kul.

The Killer (1989) Chow Yun-fat like kul som Steve McQueen

Såg ein ganske så bra film med Burt Reynolds frå 1985, Heat – knallfilm med manus av William Goldman!

OG JA, Violent Cop (1989) av Takeshi Kitano – burde eg ha lagt på topplista? Den var rå og valdeleg, ein film du må sjå!

Utmatting

Når eg ser så mykje film og skriv så mykje om film, kan det gå gale: Eg var nær ved å slette alle sosiale medium og sabotere meg sjølv for å få fred i sinnet! Men eg tok til vit og tok nokre steg tilbake.

Film er hobby, den beste hobbyen. Blir det jobb heller enn glede, går det gale – så ver forsiktig alle som held på med gamet. Eg har sett nokre brenne seg ut til tider fordi på-knappen er konstant… på. Dette skal vere ein givande og morosam ting å gjere, ikkje eit alvorleg arbeidsjag! I starten av kvar månad skal eg levere ein rapport.

Rapport for januar 2026 over...

Enig eller uenig, noko som MÅ bli sagt? SLENG EIN KOMMENTAR UNDER 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *