Alt var betre før Paris, Texas (1984) © 1984 Road Movies Filmproduktion / Argos Films

Alt var betre før – Del 1

Gammal gubbe

Eg er ein gammal gubbe. Det er lov å vere ein gammal gubbe; det er heilt naturleg. For ALT var betre før. Ja, eg kan henge med og sjå nye filmar, og det kjem gode nye filmar kvart år. Men meir og meir tenkjer eg: «Dei lagar dei ikkje som før.» Det blir slitsamt å henge med, å vere oppdatert på alt det nye. Ofte så slitsamt at det slår tilbake på meg sjølv, der eg blir HYPERKRITISK.

Det siste halvåret har eg halde litt igjen på meiningane mine om nye filmar, for eg vil ikkje vere den personen som slengjer drit døgnet rundt og klagar på kor grusomt det har blitt i Hollywood det siste tiåret. Det finst nok av dei på YouTube og elles i filmmiljøet på den mørke sida av internettet.

Alt var betre før! Kathy Bates i Misery (1990) © 1990 Castle Rock Entertainment / Columbia Pictures

I staden for å vere ei HARD og kritisk røyst mot moderne film, tenkte eg: Kva med å granske meg sjølv? KVIFOR slit eg meir enn før med nye filmar? Ikkje eit lite tema… Er det meg og alderen? Dei fleste er jo einige i at Hollywood slit – Hollywood som er Mekka for den gjennomsnittlege nordmann, og som har vore hovudleverandør av underhaldning sidan vi utvikla høyrsel og syn som bittesmå her til lands.

Lat meg granske meg sjølv: 

KVIFOR EG SLIT MED MODERNE FILMAR FRÅ AMERIKA.

Den mest kritiske og avgjerande faktoren er: SKODESPELARANE. Heltane mine forsvinn kvart år, ein etter ein. Slik er det å bli gammal. Og det er INGEN som tek over – svært få, i så fall. Skodespelarar eg vaks opp med, heilt fram til, lat oss seie, 2010, er og var ENORME aktørar.

Kven skal ta over stafettpinnen etter Jodie Foster, Harry Dean Stanton, Sigourney Weaver, M. Emmet Walsh, Sidney Poitier, Gene Hackman, Jamie Lee Curtis, Brian Dennehy, Meryl Streep, Jack Nicholson, Ed Lauter, Diane Wiest, Paul Newman, Yaphet Kotto, Harrison Ford, Frances McDormand, Willem Dafoe, Schwarzenegger og Stallone? Dette er berre 1 % av favorittane mine.

Det som skil seg stort ut i skodespelarverda FØR og NO, er korleis dei ser ut. Før, på 70-, 80- og 90-talet, kunne vi sitje og sjå på storskjermen folk av alle moglege slag, med forskjellige kroppsformer, skalla eller på veg til å bli skalla. Mange såg ut som tanta mi eller onkelen min – dei såg ut som folk!

I dag ser dei ikkje ut som folk lenger: Dei ser ut som supermodellar med kvite tenner, perfekt hår, perfekt hud, ofte med unormalt store musklar og null sjarm eller særpreg. Dette har kome med sosiale medium, og dette veit vi alle.

Skal eg kike på dei hottaste stjernene frå Amerika i dag? Lat meg sjå: Timothée Chalamet, Sydney Sweeney, Austin Butler, Ariana Grande, Zendaya, Glen Powell.

Austin Butler i CAUGHT STEALING © Sony Pictures Entertainment

The Brat Pack

Desse er hotte hos ungdommen! Og eg kan forstå dei, for dette opplevde eg sjølv då eg var ung. Eg elskar The Brat Pack, og gjer det framleis. Medlemmene i denne klubben er Emilio Estevez, Demi Moore, Rob Lowe, Molly Ringwald og Judd Nelson (for å nemne den harde kjernen). Men Robert Downey Jr., Tom Cruise, Sean Penn, Julia Roberts og Nicolas Cage er òg ofte nemnde som assosiasjonar til supergruppa.

Kanskje er det håp for Chalamet & Co. Kanskje treng dei òg eit gruppenamn? Kva med Klikk-gjengen? Generasjonen av Z-skodespelarar som er avhengige av sosiale medium?

Zendaya i Euphoria (ei knall TV-serie btw) © HBO / A24

Arr og preg

Eg saknar ekte karakterskodespelarar – skodespelarar som hadde levd eit ekte liv, kriga i andre verdskrigen eller jobba som tømmerhoggar i Alaska, med eit ansikt fullt av arr og preg. I dag blir birolleskodespelaren (som regel vakker) sminka for å sjå slik ut. Nesten ingen kjennest som eit ekte menneske lenger i kinofilmar frå Hollywood.

Til forsvar for dagens generasjon skodespelarar: Dei blir tvungne til å vere perfekte. Dei må ha korrekte politiske meiningar, kvite tenner, hud og musklar – alt som følgjer med eit moderne stjerneliv. Stakkars folk. Jack Nicholson, Richard Burton & Co. slapp dette, sjølv om dei blei forfølgde av paparazzi og var harde på flaska.

Og det er dei på toppen av filmselskapa som styrer alt, basert på marknadsanalysar. Dei har øydelagt Hollywood fordi ingen tek sjansar lenger. Dette er reglane deira, basert på kva «folket» vil ha. Kanskje er det «folket» og vala deira som har øydelagt mitt kjære Hollywood?

Vil dagens ungfolk mimre over denne tida om førti år? Mest sannsynleg. Kanskje har filmane i framtida blitt som eg opplevde dei i min ungdom, og framtidas gubber vil klage på at «dagens skodespelarar ser ut som folk flest – dei er ikkje vakre lenger!».

Eg saknar karakter. Eg saknar folk med skeive naser og dårlege tenner. Ja, eg er lei av iPhone-filter-fjes. Eg saknar Gene Hackman.

GENE HACKMAN! Mississippi Burning (1988) © 1988 Orion Pictures

Dette er del 1 av serien: Alt var betre før.

Meir filmprat rundt temaet: Er 2020-tallet det verste tiåret?

FULLSTENDING UEINIG? ELLER KANSKJE SAMD? sleng ein kommentar under.

2 Comments

  1. Veldig enig! Chalomet har for eksempel frem til nå vært en uforståelig filmstjerne for meg. Helt intetsigende og kjedelig. Marty Supreme gjorde at jeg for første gang skjønte at han kan være noe spesielt, men det har jo også veldig mye med rollen å gjøre. Der har Safdie også fylt opp med interessante ansikter og snodige typer. Men umulig ikke å lengte til gamle dager. Hadde nylig gjensyn med Cool hand Luke, og der har du folk som Dennis Hopper, Harry Dean Stanton og Strother Martin i birollene. Med sånne folk i alle scener kan en film aldri bli skikkelig dårlig eller kjedelig.

  2. Cool hand Luke, det er slik type filmar eg tenkjer: film! Det er filmar frå ei heilt annan verd, rett og slett. Vil jo tru og håpe at ting kan forandre seg, at vi får litt meir variasjon på birolle og hovudrolleskodespelarar – og alt det andre, i ei forhåpentligvis nær framtid. Såg nettopp Bugonia, av Lanthimos – DER var det håp. Men ingenting vil slå desse gamle filmane, ala Cool Hand Luke med folk som Stanton eller George Kennedy.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *