Min James Bond – og alle favorittene
James Bond er hot om dagen! Kvifor? Fordi Netflix slapp alle filmane tidlegare i år. Og det merkast, for på Letterboxd ser eg stadig Bond-filmar på «activity», og det er bra, for eg diggar Bond. Før kunne eg ramse opp alle James Bond-filmane på rekke og rad frå den første, med årstalet den kom, kven regissøren var, kven som laga songen og så vidare. Eg var dedikert. Med litt pugging av Daniel Craig sine siste, skal eg få den skillsen tilbake.
Sånn, då har eg klappa meg sjølv på skuldra. Det er artig å sjå kva forhold til James Bond alle saman har. Det er 100 % umogleg å bli samde om kven som er den BESTE James Bond, og kva filmar som er best. Alle rangeringar eg ser er heilt forskjellige, og slik vil det alltid vere. No skal eg lage litt lister. Første liste er ei objektiv vurdering om kva James Bond-film som er best av dei 27 – ei topp sju, der eg kynisk legg frå meg nostalgi og kjensler og ser objektivt på handverket. Så kjem mi personlege favorittliste av dei 10 beste – som er fasit! Til slutt ei rangering av kven som er den beste skodespelaren.
Topp 007 James Bond (NULL NOSTALGI – så godt eg klarer!)
1. On Her Majesty’s Secret Service (1969)
George Lazenby har fått mykje pes, men med åra har det roa seg. Han er faktisk ein glimrande James Bond fordi han er tøff OG sårbar. Historia rundt James og Tracy er det mest rørande i franchisen si historie, og Diana Rigg er Bond-jente nummer éin. Filmen har 69-vibbar, actionscenene er fantastiske, og han har kanskje den beste filmmusikken av dei alle, signert John Barry. Denne er unik, og mange har argumentert for at her var den mest naturlege plassen å stoppe filmserien.

2. From Russia With Love (1963)
Fordi dette er James Bond på sitt reinaste – ein kald krig-thriller utan laserklokker og store basar med henchmen, som seinare skulle bli typisk. Filmen skriker: DETTE ER JAMES BOND. Robert Shaw spelar skurk; japp, berre det er grunn nok til å gi han plass nummer to.

3. Goldfinger (1964)
Min personlege favoritt. Den la grunnlaget for korleis ein Bond-film skulle vere, og alle filmar sidan har følgt meir eller mindre denne oppskrifta. Filmen har alt! Og dette er den einaste Bond-filmen på Roger Ebert si liste over «Great Movies»!

4. Licence to Kill (1989)
Her blir James Bond BRUTAL – han går rogue! Filmen viser retninga dei ville ta med Daniel Craig seinare. Filmen er nydeleg regissert av John Glen, som er ein av tidenes beste actionregissørar. Actionen her er på sitt beste, og Timothy Dalton, slik han spelar her, leverer den beste James Bond-prestasjonen av dei alle – HAN ER EIN PERFEKT JAMES BOND. Musikken av Michael Kamen forandra Bond til noko unikt – i retning Die Hard.

5. GoldenEye (1995)
Tanks som køyrer i gatene og knuser alt på sin veg! Ein Pierce Brosnan endeleg i sitt ess! Dette er den beste James Bond i den nye æraen, med minneverdige skurkar og Berlinmurens fall – den kalde krigen tok slutt, og kven er James Bond i det scenarioet?

6. Casino Royale (2006)
Eg såg denne på kino i Trondheim og blei blåst av banen! Kjærleikshistoria rundt Bond og Vesper er den beste sidan Diana Rigg og Lazenby – og filmen tek ein reset og droppar James Bond-temaet for å starte med blanke ark. Dette er den einaste av Daniel Craig sine James Bond-filmar eg diggar. Filmane som kom etter skuffa meg stort og tok franchisen i ei retning eg ikkje er fan av. Eg skulle heller ønske at dei starta på nytt med bøkene som utgangspunkt, for Casino Royale er den einaste av Craig sine som har ei Fleming-bok som fundament.

7. The Spy Who Loved Me (1977)
Roger Moore har i denne blitt godt oppvarma som Bond, og før han blir altfor gammal, er han i sitt ess med sjarmen skrudd opp til 11. Moore sine filmar er vanskelegast å halde seg nøytral til – hans filmar er mine mest nostalgiske. Eg kunne ha plassert For Your Eyes Only her, men Spionen som elsket meg er Moore sin Goldfinger, synest eg.

James Bond – min topp 10 favorittliste (DÅ KØYRER VI!)
1. Goldfinger (1964)
Min første film, første Bond, første frelsing – vil for alltid vere ein av dei beste filmane eg har sett.
2. For Your Eyes Only (1981)
Min første kjøpte og eigde James Bond – tipp kor mange gonger eg såg den i 1990? Meir enn 007 på eitt år! Videokassetten fekk køyrt seg. «Keep your hair on!» Digga bilen, Citroën 2CV-en som køyrer nedover fjellsida, undervasscenene og skijaktene – John Glen er ein MAESTRO når det gjeld action.
3. The Spy Who Loved Me (1977)
Jepp, vi elskar denne, «my precious».
4. On Her Majesty’s Secret Service (1969)
Heilt sidan nittitalet har eg digga han!
5. Octopussy (1983)
Den mest nostalgiske av alle James Bond. Alle gjekk på kino og såg han. Eg måtte sitte heime og lese teikneseriane som Samvirkelaget selde på same tid, før eg endeleg fekk sett han året etterpå, i 1984! Når eg ser denne, blir eg 9 år gammal. Fytti for eit eventyr denne filmen er! Nesten ein Indiana Jones-Bond-type galskap!
6. The Living Daylights (1987)
Kvifor? Det skal eg fortelje! EG SÅG HAN PÅ KINO! Ho mor tok meg med og fekk meg inn i salen som 11-åring – på MIN FØRSTE JAMES BOND PÅ KINO, og eg digga han hardt, steike hardt. a-ha sin tittelsong – frelst! John Barry, ahhh! Og Timothy Dalton var den perfekte nye James Bond. Dette er kanskje min største James Bond-oppleving!
7. Licence to Kill (1989)
Kvifor? Det skal eg igjen fortelje! Ho mor tok meg (og ein kompis) IGJEN på kino – denne gongen på ferie i Hamar på sommaren. Eg hugsar vakta var skeptisk, men ho kjempa og fekk oss inn på den mest VALDELEGE James Bond-filmen av dei alle. FRELST!
8. GoldenEye (1995)
Ventetida på denne var lang, seks heile år. Men den tok meg og verda med storm, godt hjelpt av Nintendo-spelet som er legendarisk. Pierce Brosnan – skulle gjerne ha sett han som Bond igjen, ein gammal pensjonert Bond på eit siste eventyr (eller!?).
9. Moonraker (1979)
Bond in space! Kanskje her dei skulle ha stoppa å lage Bond? Peak Bond! Eg synest dette er den artigaste James Bond av dei alle: Jaws (Richard Kiel) når han flaksar med hendene for å nå sirkusteltet langt oppe i lufta utan fallskjerm – og når han forelskar seg! Elskar den!
10. Live and Let Die (1973)
VHS-magi. Musikken – wow, og tittelsongen, kanskje den beste. Her er voodoo, krokodillar og New Orleans.
Bonus: 11. A View to a Kill (1985)
Moore er gamal, men steike tid kor morosam denne òg er! Grace Jones er konge! Og Christopher Walken er den mest PSYKOPATISKE SKURKEN, som skyt alle sine arbeidarar i Silicon Valley. Kanskje derfor eg tenkjer på Musk? Hmm, nei det var Moonraker.
Dette er mine favoritt-Bonds som aldri feilar. Ja, her er null Daniel Craig, og Roger Moore dominerer. Berre vent til DU blir ein gammal gubbe og mimrar over Daniel Craig sine musklar og blå auge, berre vent!!!!

Kven er min favoritt James Bond-skodespelar?
Det varierer år for år. No skal eg følgje min gut feeling, her er rangeringa!
- Timothy Dalton
- Sean Connery
- Roger Moore
- Pierce Brosnan
- George Lazenby
- David Niven (HAHA)
- Daniel Craig

Kven er dokkar favorittar? Sleng gjerne ein kommentar under her!
Meir ACTION? Her er eit hurtigkurs i 80s Action
Har det siste året jobbet meg igjennom alle Bond filmene. Vi har veldig ulike meninger rundt Craig filmene (han er min favoritt, og mine 3 favoritt Bond filmer er med Craig. Jeg digger at de valgte å gå en litt annen retning enn tidligere), men utenom det har vi mange av de samme favorittene. Elsker kjærligheten til Moonraker. Det er også en av mine favoritter.
Skjønner godt hva du mener. Jeg er enig i at det ikke er helt det samme som gode gamle 60-80 talls Bond. Og jeg elsker de filmene også. Jeg bare mener at vi lever i en tid hvor filmteknologien og dramaturgien har kommet til et punkt hvor filmer som Goldfinger ikke hadde fungert like godt i dagens kontekst, og derfor trengte Bond filmene og utvikle seg også. Personlig så likte jeg at de har et overordnet narrativ, men skjønner godt at det gjør at man mister litt av den Bond sjarmen man hadde i de gamle filmene som lett kan sees uten noen tidligere forståelse. Men ingen hate til de gamle filmene. Connery er min andre favoritt Bond, og Dalton og Moore er tett deretter.
Gode poeng! Eg synst det er så kult at så mange generasjonar har eit forhold til Bond-filmene – det er så unikt! Spent på kva retning Amazon tek skuta, stor grunn til å vere skeptisk, men veit jo aldri. Har du nokre ønske om kven som skal ta over for Daniel Craig? I mange år ønska eg at Clive Owen skulle bli Bond, men no er han for gamal.
Clive Owen for noen år siden hadde faktisk vært perfekt! Den har jeg ikke hørt før faktisk, men good call. Jeg har lenge trodd at Damson Idris kan gjøre en utmerket jobb i rollen. Spørsmålet er bare om de tør å gjøre en så drastisk endring i Bond stereotypen. Og jeg vet ikke helt hva jeg synes om det heller for å være ærlig. Hørt mange som mener Aaron Taylor Johnson er et godt valg, og jeg skal ikke si meg uenig i det. Utenom det har jeg lenge hatt et ønske om at Nikloaj Coster-Waldau skal spille en Bond skurk. Det tror jeg er en rolle han hadde briljert i. Blir spennende å se hva Amazon gjør. Jeg er skeptisk, men jeg utelukker ikke at det kan bli bra. Spesielt med Villeneuve som regissør og Steven Knight som manusforfatter.
Villeneuve er riktig regissør til å sende Bond til ei heilt ny retning – hadde nesten gløymt det inntil du skreiv det her. Det blir spennande! Aaron Taylor Johnson har nokre gode prestasjonar eg likar han i. Coster-Waldau likar eg godt! Sidan Denis skal regissere, spørs det om Dave Bautista får ei skurkerolle! Men då han vel bygge musklar igjen. Steven Knight har skrevet mykje bra, spesielt «Eastern Promises» og eg diggar «Locke» frå 2013! «Taboo» var ei serie som var knall – synd vi ikkje fekk meir! Apropos Tom Hardy, han skulle ha fått vore skurk og!
«Locke» er faktisk skikkelig undervurdert! Tom Hardy er uten tvil en av favorittskuespillerne mine, så han vil jeg absolutt se som skurk. Jeg hadde faktisk ikke sagt nei til Bautista som skurk heller. Jeg har egentlig bare sett han i MCU og Dune, men han gjør en god jobb syntes jeg. «Taboo» har ligget på lista mi lenge, så kanskje det er nå jeg faktisk skal få krysset den av. Blir gøy med Peaky Blinders filmen som kommer nå snart også. Jeg gleder meg til å se hvilken retning de tar det universet etter serieavslutninga. Følte den egentlig avslutta helt perfekt, men jeg sier aldri nei til mer Thomas Shelby.
Takk for kommentar! Problemet mitt med Craig-filmene er at eg ikkje får Bond-feel, som er kritisk for at eg skal få eit forhold til dei filmane. Får det knapt i Casino Royale, men filmen er ein solid actionfilm. Så det er så enkelt, for min del! 🙂 Eg kan sei det er alderen, men eg kjenner mange på min alder og eldre, som elskar Craig-Bond fordi dei filmane har kvalitetsaction. Det blir litt for Jason Bourne for meg, og for stort fokus på franchise-bygging.