HEIMELAGA FILM: Just Do It
Hadde eg vore tjue år i dag, hadde eg ikkje vore i tvil om at eg skulle ha satsa på filmskaping 100 %. Framgangsmåten min hadde vore slik: Lag film med det du har og med dei du kjenner. Eg personleg ville ikkje ha gått på filmskule, verken innanlands eller utanlands – berre laga film etter film, eitt prosjekt så det neste, alltid i sving med noko nytt.
Og eg hadde satsa på norsk film – alt på norsk. Kompromisslaust. Eg ville aldri tenkt i dei baner om å slå gjennom i Hollywood og ein dag vinne ein Oscar. Nei, gevinsten ligg i premieredagen, og gleda over prosessen. Om berre 10 personar ser filmen, og om nokon likar han berre litt, er det lønna. Neste film, kanskje 15 vil like han. Bygg sakte, med full glede.
Nokon å sjå opp til
Tommy Wirkola og Stig Frode Henriksen sette standarden med Kill Buljo. Dei jobba hardt for å samle inn pengar til produksjonen, og turnerte rundt med ein artig vri på Karius & Baktus. Wirkola studerte rett nok film på Bond University, fekk seg eit nettverk og kom heim for å lage Kill Buljo – så ikkje utelukk filmskulen heilt.
Kevin Smith brukte venner og familie, maksa ut ti kredittkort, lånte pengar av foreldra og selde kjære teikneseriar frå samlinga si – alt for å realisere Clerks.
På 14 dagar og med eit budsjett på 7000 dollar laga Robert Rodriguez sin første film, El Mariachi. Han skaffa pengane ved å vere prøvekanin for medisinske eksperiment. Han var så kreativ det var mogleg med lågt budsjett: Han laga squibs av kondom, brukte rullevogn i staden for dolly, og han filma, klippa, produserte og skreiv manuset sjølv.

Carpenter starta på skulen
John Carpenter studerte også film. Dark Star blei laga medan han gjekk på skulen, saman med partnaren Dan O’Bannon. Budsjettet var på 60 000 dollar. Det tok fem år før filmen var ferdig i 1975. Halloween hadde eit budsjett på 300 000 dollar, og med sine 70 millionar inntente dollar er han ein av dei mest innbringande filmane i forhold til kostnadene.
Ein annan «hands-on»-regissør, Peter Jackson, laga Bad Taste for 25 000 dollar, saman med venene sine.
Sam Raimi starta med 8mm-film og kamera, og laga film med kompisen Bruce Campbell. Så laga dei Evil Dead saman med venner. Dei gjekk til alle kjende for å samle inn pengar, og til slutt hadde dei 375 000 dollar. Raimi skvisa kvar einaste krone ut av budsjettet med kreative løysingar. Filmen tente inn 29,4 millionar dollar.

Sjølvlærte Spielberg
Firelight var Spielberg sin første spelefilm vist på kino (han leigde kinoen sjølv). Han kosta 500 dollar, og Steven var 17 år. Han tente 501 dollar – éin dollar i overskot! Som Tarantino var Spielberg sjølvlært (han kom ikkje inn på filmskulen). Lærarane hans var favorittregissørane Hitchcock, Kurosawa, Kubrick, William Wyler, Billy Wilder osv. Så laga Steven Amblin’ for 35 000 dollar, ein kortfilm skoten på 35mm. Han spydde kvar dag før filminga starta, men filmen overbeviste Universal om at Spielberg «got the goods».
Med sitt briljante sinn på 24 år laga David Lynch Eraserhead for 100 000 dollar, og det tok han fem år å få filmen ferdig.
Werner Herzog hadde ikkje anna val; å lage film var alt som betydde noko for han. Han gjekk ikkje filmskule, men stal eit 35mm-kamera frå München filmskule, ei handling han kalla ei «nødvendigheit». Etter vidaregåande jobba han nattskift som sveisar på ein jernfabrikk for å få pengar til dei første filmane sine. Av alle regissørane her, er Herzog den mest inspirerande. Filosofien hans om å «just do it», lage film, bruke alt og alle, er ei kjelde til stor inspirasjon.

FEARBANK og gode gamle dagar
Frå 1984 til 1999 laga eg film med venar. Bror min var regissør og klippar. Selskapet heitte FEARBANK. Kvart år i femten år laga vi ein film. Eg var skodespelar, effektmakar, og hadde diverse andre oppgåver rundt filmproduksjon. Denne tida skal eg skrive om i ein eigen serie – for eg vil bruke Filmloftet til å snakke mykje om heimelaga film.
Min største anger her i livet er at eg ikkje gjekk vidare og blei filmskapar, at eg ikkje våga å gå all in utan ein backup. Så hadde eg vore tjue i dag (eller 30 for den saks skuld), så hadde eg akkurat no sett på kva ressursar eg har: Kjenner eg nokon som kan gi meg locations, som ein fabrikk, ein butikk, eller til dømes ein nedlagt skule? Eg ville bygd ei historie rundt plassane, brukt skauen om så. Eg hadde skapt karakterar eg veit venene mine hadde klart å framføre. Mest sannsynleg hadde eg skote filmen med eit speilreflekskamera og dei beste Nikon/Canon-linsene (eller leigd eit kamera). Eller eit billeg HD-kamera som var dyrt på 2000-talet, men rimeleg brukt no. Eg hadde skaffa lys, skikkeleg lys i lågbudsjettsfæren. Ein starterpack!

Slik startar du
Så var det historia. Skriv ned alle idear, på telefonen eller i notatboka. Vel ein sjanger – gjer det enkelt: skrekk. Kvifor skrekk? Fordi det er kjekt, og eg likar sjangeren. Det er ikkje tilfeldig at dei fleste unge og ambisiøse satsar på skrekk i starten. Det er ein fin plass å finjustere ferdigheitene sine, samstundes som skrekk er underhaldande om ein til dømes lagar bra nok effektar i form av gørr og blod. Eg lærte mange triks til heimelaga skrekk, og eg skal dele alt. Tilbake til historia: Kom på kule scener på plassar du kjenner. Bruk vener som passar til den og den rolla.
I starten er det ikkje viktig at alt skal vere bra. Ta med kamera og venar, gå ut i skauen og film, utan manus. Improviser. Ha det kjekt, skyt i veg med mobilen eller eit billeg kamera. Gjer redigeringa med det enklaste redigeringsprogrammet du finn. Lag ein YouTube-kanal, men husk å ALDRI bruke musikk frå andre filmar, for YouTube gir deg ikkje lov til å laste opp innhald utan lisens. Men der finst masse musikk ein kan laste ned lovleg. Endå betre: Det er enkelt å lage atmosfærisk musikk på GarageBand. Kanskje blir ein glad i å lage musikk i same slengen, slik som John Carpenter. Bruk alt som er enkelt og kjapt i starten. Få inn ein vane med å lage film med venar kvar påskeferie, sommarferie eller når det måtte passe.

Den store premieren!
Så hald premiere. Dette er det kjekkaste: å samle alle som var med på filmen, saman med familie og venner, og sjå han på storskjerm – enten det er ein leigd framvisar eller ein kino ein kan leige.
Kvart år kan ein auke ambisjonsnivået. Alle venner som er med, finn si naturlege rolle og blir spesialistar i sine oppgåver. Då vi starta å lage film, brukte vi ketchup som blod – ein klassikar. Vi veit korleis smaken er, og korleis det kjennest å ha det på huda og få det i augo. Ketchup blei brukt i sju år før ein modifisert solbærsirup blei erstatninga.
Dei første åra laga vi korte filmar utan dialog, berre action og vald på tre minutt. Så kom det meir dialog, men på engelsk, fordi på den tida var engelsk å føretrekkje. Dei siste filmane blei laga med norsk dialog. Det var eit gjennombrot, og vi spelte oss sjølve for å verke naturlege.
Lyst til å lage film? I dag er det enkelt, du held alt du treng i handa di med mobilen. Då vi starta, hadde bror min eit 8mm-kamera, kjøpte dyr og ekte film, og sat og redigerte med ei ekte klippemaskin med spleising, old school. I dag kan alt gjerast på telefonen. Ikkje nøl. Gå ut, lag film!

Meir lesestoff? Les om den norske filmskaparen Edvard Stein.