Planet Terror (2007) Ein fest av ein film!
Planet Terror…wow… Eg har vore inne i ein fæl og lat filmperiode no i februar. Dei fleste vala har vore fryktelege, og det er nesten som om eg ber om bråk (dårlege filmar). Men så i kveld sat eg som vanleg og kika på Michael Biehn sin podcast. Eg er så frelst på den mannen; det er absolutt min type podcast der Biehn bablar i veg om film og erfaringane sine.
Hugsar du Freddy Rodriguez!?
Så snakka Biehn varmt om Freddy Rodriguez. Kven hugsar han? På 2000-talet var han stor, eller i alle fall på veg til å bli det – mest hugsa i dag for ein av tidenes beste seriar: Six Feet Under. Så spelte han i tre store kinofilmar: Lady in the Water (2006), Poseidon (2006) og Planet Terror (2007), før han forsvann. Då tenkte eg: Shit, det er på tide å ta eit gjensyn med PLANET TERROR.
Det er eg glad for! No trong eg sårt ein boost! Først og fremst: filmen er framleis MORO. Eg såg han første gong med godt lag i 2008, og det var som å vere på fest – og filmen er framleis ein fest!

Smittsam glede!
For ei samling av skodespelarar: Michael Biehn (!), Josh Brolin, Jeff Fahey, Rose McGowan, Freddy, Bruce Willis, Nicky Katt, Tom Savini, Michael Parks – alle berre storkosar seg, og det er smittsamt! Når Brolin tygg på den fordømte febermålaren… det er så knall! Og McGowan og beinet hennar – så rått!
Her skjer det så mykje kult heile tida! Ein favoritt er Marley Shelton, som er dottera til Parks i filmen og får verkeleg gjennomgå: ho skal opne ei bildør, fell og knekk handa. Så gir ho pistolen til den vesle sonen sin i bilen, seier «ver forsiktig, ikkje veiv med den», går ut og sakte vekk frå bilen, og vi høyrer eit smell! Sjølvsagt veiva han med pistolen og skaut seg sjølv i hovudet. Dette er makaber, herleg humor; sikkert ein inspirert Rodriguez som tok litt ideen frå Assault on Precinct 13.
Så har vi brørne-i-filmen Jeff Fahey og Michael Biehn, og begge strålar. Jeff masar heile tida om smaken på Texas-grillsausen sin, og Michael er ute etter oppskrifta. Dette blir brukt gjennom HEILE filmen – diggar det!

«I Gotta Be Quick»
Planet Terror er ein zombieapokalypse. Freddy og McGowan er heltane. Rodriguez tek oss med til sjukehuset, politistasjonen, gatene, motorvegen og militærbasen. Beste location er restauranten til Jeff Fahey. Plassen ser nydeleg ut! Gav meg gode minne om baren i From Dusk Till Dawn. Og kva var greia med han testikkelgalningen!? Og når Tarantino skal valdta, får eit trebein i auget og seier «I’m gonna give you real wood», knepper opp buksa, så fell utstyret hans slimete ned på golvet… «I gotta be quick» – eg knakk saman!
Sinnsjukt digg utsjånad!
Eg hugsar at filmen hadde Grindhouse-look. På Sony-TV-en har filmen aldri sett betre ut. Eg digga, DIGGA SEIER EG, looken, dette filteret Rodriguez brukar for å få gammalfilmeffekt på det digitale fotoet (han var pioner i digital filming). Og når filmen smeltar under ei sexscene, kjem ei orsaking på vegne av kinoen, og filmen hoppar tjue minutt fram i tid, midt i eit kaos der Michael Biehn har blitt treft og masse har skjedd. Genialt.

Musikken er fantastisk. Hugsa den tvert! Rå saksofon, rånerock og mykje synth-bruk. Rodriguez ville eigentleg bruke John Carpenter til å lage scoret, men hadde angiveleg ikkje råd – Carpenter blei skuffa, fortalde han i seinare tid. Lyden er også konge: deilige lydeffektar, og eg elskar knitringa som om lyden kjem frå ei gammal vinylplate.
Dei praktiske effektane av Greg Nicotero tek kaka – blodet sprutar i alle retningar, hovud blir kløyvde, kroppar blir sprengde under påkøyrsler – total galskap, og så nydeleg laga. Ein skikkeleg hyllest til George A. Romero sine zombiefilmar, der Nicotero starta karrieren sin med Day of the Dead.

Rodriguez sin beste!
Eg digga dette gjensynet så mykje at Planet Terror automatisk toppar lista over Rodriguez sine beste, og i alle fall den beste sidan 2007. Ein annan ting filmen gjorde for meg, var å bryte ut av 70/80-talsfokuset eg snakka høgt om for nokre veker sidan. Så FUCK THE RULES – når ein slik ein kjem og gir meg stor moral, ja, då må eg skrive om han, utan tvil. Så frå no av skriv eg om kva svarte eg vil – her er ingen sjefar, berre meg, fanga i mitt eige filmsinn.

Eg kastar terningen… JESS DÅ, det blei ein seksar! Fordi moroa var enorm. Det er ein lett film å avfeie fordi han kan verke for tøysete, men dæven – i rett humør og til rett tid er filmen knall. Eg kan ikkje tenkje meg ein betre film å sjå i lag med kompisar på ein laurdagskveld, med øl og potetgull (sjølv om eg ikkje drikk lenger). Men då eg såg han første gongen, var det med vener og akkurat øl og potetgull. Steik, så vi kosa oss. Og eg kosa meg no, utan noko av dei tinga!
Death Proof neste!
Min anmeldelse av THE TERMINATOR (1984)