The Final Terror (1983) Den grøne slasheren
Kva farge tenkjer eg på? Eg burde tenkje raudt, for dette er ein slasher frå åttitalet. Men eg tenkjer grønt – ein herleg, deilig grønfarge i utallige nyansar. Dette er ein usedvanleg film, med minst 80 % filmmagi, om ikkje 100 %. Eg har aldri sett han før, men hugsar coveret frå videosjappa som om det var i går.
Det må nemnast at versjonen eg såg, er ein restaurert utgåve frå Scream Factory. Han opnar med informasjonen: «Filmnegativa var forsvunne, og denne versjonen er sett saman av seks forskjellige filmrullar eigd av private samlarar». Eit stort hurra til Scream Factory – slikt arbeid er fantastisk!
Ein falsk start og ekte skog
Filmen startar litt svakt: Eit par køyrer motorsykkel i skogen og veltar. Mannen er skada, og dama spring etter hjelp. Då ho kjem tilbake, er han borte, og ho går rett i ei felle laga av skarpe hermetikkbokslok. «Ein standard slasher-opning», tenkte eg. Eg las seinare at det var klipparen og produsenten som skaut denne scena – UTAN løyve frå regissør Andrew Davis!
Eg gjekk skeptisk vidare inn i filmen. Ein gjeng unge skogvaktarar får ein ubehageleg start på dagen då den ustabile Eggar (Joe Pantoliano) brasande inn på morgonkvisten med ei baseballkølle for å vekke den kjekke gjengen. Han blir kasta ut – no respect!
Leiaren deira (Mark Metcalf) samlar troppane: Dei skal på oppdrag djupt inne i den svære skogen. Med buss – og ein framleis ustabil Pantoliano som sjåfør – plukkar dei opp ein gjeng unge damer og reiser inn i villmarka. Dei lagar ein leir, jobbar i elva med å fjerne tømmerstokkar, og fortel skumle historier rundt bålet. Ti unge folk med heile livet framfor seg. Men dei er ikkje åleine…
Dette har eg sett før. Dette er så basic slasher som det går an. Likevel er filmen så annleis og filmatisk rik at eg blei superfan på flekken. Ergo: Her må det skrivast!
Mannen bak kamera
Regissøren er Andrew Davis, mannen bak kanskje den aller beste thrilleren på nittitalet (eg er storfan!): The Fugitive (1993) med Harrison Ford og Tommy Lee Jones. Her i The Final Terror tok han med seg skodespelarane og filmcrewet ut i den enorme Redwood-skogen i Nord-California, og han filma mykje sjølv!
Med på laget er Ronald Shusett, kjend for å ha skrive historia til Alien saman med Dan O’Bannon, samt fleire knallfilmar som Total Recall, Above the Law (diskuterbart!) og Dead & Buried.
Eg snakka innleiingsvis om fargen grøn. Davis fangar atmosfæren i skogen heilt perfekt; faktisk så bra at naturen blir hovudkarakteren i opplevinga mi. Det skin gjennom at skodespelarane har late seg fange av omgivnadene – dei blir skitne og fulle av grønske. Måten Davis lysset skogen og skodespelarane på, er rett og slett episk i mine auge.
Meir Rambo enn Jason
Filmen blir ofte samanlikna med Deliverance og Friday the 13th – ein slags hybrid, og ein vellukka sådan. Han minte meg òg om Walter Hills Southern Comfort (1981), der Lewis Smith òg hadde ei rolle. The Final Terror blei gitt ut i 1983, men filma i 1981 – året før First Blood. Eg nemner det, for «slasheren» her er verken ein cajun frå Louisiana-sumpen eller Jason Voorhees frå Camp Crystal Lake. Her er skurken ein slags mystisk John Rambo, og til tider minte han meg faktisk om Predator.
Skurken snik seg rundt og er eitt med skogen.
I ei scene vaknar Rachel Ward i leiren og kjenner at mordaren klappar henne på håret – før han PLUTSELEG ER VEKKE. Antagonisten er ein del av skogen i så stor grad at eg fekk kjensla av den australske Long Weekend, der naturen sjølv er fienden.
Ungdommane blir jakta på, men dei blir ikkje slakta ned ein etter ein på klassisk vis, og her er ikkje stort fokus på gore. Andrew Davis fokuserer meir på overleving enn laussloppen slakting. Dei veit ikkje kva som jaktar på dei, men som i Predator: «If it bleeds, we can kill it». Så dei tek opp kampen. Ein av dei er militær og foreslår geriljataktikk: angrep heller enn forsvar.
Dei finn ei lita hytte med høns og eit primitivt oppsett. I ei sterk scene går dei til angrep, og inn i hytta finn dei lekamsrestar på eit svært bord – dei leitar etter vennene sine som har forsvunne. Gjennom plankane i golvet ser vi mordaren halde ei fanga kvinne tett inntil seg, med ein svær kniv. Ei effektiv scene blant mange knallscener.
Klimakset kjem, og mysteriet blir løyst. Eg blei så imponert. Eg skal ikkje røpe noko, men for den som ser filmen: Kva minner klimakset om? Digg!
Konklusjon
For å dempe forventningane: Handlinga er ikkje noko stort, ho er frykteleg enkel. Det som imponerte meg, var atmosfæren og måten skogen blei fanga på. Og at Davis braut med tradisjonen: Han let mordaren vere mystisk og usynleg, ein som leika seg med gjengen i staden for å høgge dei opp scene for scene. At filmen er sett saman av forskjellige rullar, gav ein merkeleg tekstur eg sette stor pris på.
