Death Proof Foto: Dimension Films

Death Proof (2007) Anmeldelse

Nokon sa ein gong: «Ta filmen for det han er, ikkje for det du vil han skal vere.» Det gjeld absolutt for meg og Tarantinos Death Proof. Sist gong skreiv eg om Planet Terror og sa at filmen er ein fest. Vel, Tarantino kom dessverre og krasja heile Grindhouse-festen med egoet sitt. Men i dette verket, som er Tarantinos svakaste, finst det ting som også er blant hans beste.

Han startar heilt rått! Vi følgjer nokre hotte jenter som stikk på bar, med Tarantino sjølv som bartender. Ein skummel, rå bil har følgt etter dei. Inne på baren går praten i kule dialogar medan dei høyrer på jukeboxen. I baren sit ein figur med eit stort arr og et nachos; det er Stuntman Mike, spelt knallbra av Kurt Russell. Han følgjer godt med på selskapet.

Death Proof Foto: Dimension Films

Telefon – Miles to go

Pam (Rose McGowan) sit ved sidan av Mike. Ho er blond og spør om haik. Men først vil Mike ha ein lapdance av Butterfly (spelt av Vanessa Ferlito), og for å få den må han seie eit dikt: «The woods are lovely, dark and deep, But I have promises to keep, And miles to go before I sleep» av Robert Frost.

Eg har sett Telefon (1977) med Charles Bronson, regissert av Don Siegel, og i den filmen blir diktet brukt for å aktivere sovande russiske agentar i USA. Eg er sikker på at det var den Tarantino refererte til. Kurt Russell får ein lapdance med eit stort glis – nesten litt usikker! Shots blir drukke, musikk blir spelt – så skal alle dra.

Meisterleg sekvens

Pam set seg i bilen til Mike, ein stuntbil rigga for å vere «death proof» – dødssikker! Med éi ulempe: passasjersida er ikkje sikra, og Pam må sitje på ein jernstol. Dei andre jentene tek laust i sin eigen bil. Hold Tight! blir spelt på lydsporet. SEKVENSEN ER KNALL, det byggjer seg opp. Pam oppdagar at Mike er ein steike galen psykopat; han mishandlar og torturerer henne ved å svinge brått, og drep ho ved å bråbremse. Så køyrer han etter jentene, finn dei, køyrer forbi, snur bilen og køyrer rett inn i dei, front mot front. Det er ei eksplosiv, brutal scene, og det er fantastisk – noko av det beste Tarantino har laga.

Foto: Dimension Films

Opp til no ser filmen betre ut enn Planet Terror, for Tarantino brukar ekte 35mm-film som blei skrapa opp og gjort gammal. Det ser nydeleg ut, fargane er utrulege – alt ser skikkeleg Grindhouse ut. Eg er i filmhimmelen! Så ser vi Mike på sjukehuset, der den same sheriffen med dottera frå Planet Terror dukkar opp, og vi får ein «same univers»-samanheng.

Dette er midtvegs i filmen. På ein eller annan måte får Tarantino panikk. Plutseleg er vi på ein annan stad, med nye jenter som Stuntman Mike forfølgjer. Biletet blir svart-kvitt i ti minutt medan vi heng utanfor ein kiosk (eg tenkte Clerks). Så puttar ei av jentene ein mynt i ei maskin og vi får fargane tilbake – men vent, Grindhouse-utsjånaden er VEKKE!

Reint filmfoto midtvegs! Foto: Dimension Films

Tarantino trykk hardt på bremsa!

No er alt skinnande reint – ingen skraper eller skitt på filmen. Og frå den fantastiske drapsscena til Kurt Russell sender Tarantino oss inn på ein kafé der han sirklar rundt jentene med kameraet medan dei fôrar oss med Tarantino-dialogar. Han drep og krasjar heile Grindhouse-moroa med eit reint foto og sjølvnytande, sjølvskriven dialog – berre fordi Tarantino må vere Tarantino, og med sitt ego lage ein «Tarantino-film» frå midtvegs.

Filmen går frå YES! til kjedeleg. Jo, eg likar jentene her, og det er kult at stuntkvinna Zoe Bell får ei rolle og slikt – men her dreit Tarantino på draget. Dette er mest sannsynleg årsaka til at Grindhouse aldri fekk oppfølgjarar. Kva fekk han til å forandre alt så drastisk, plutseleg, midt i filmen???

Klimakset er knall!

Når det er sagt, så startar moroa igjen til slutt. Zoe Bell og dei to andre «chicksa» finn seg ein veteranbil og køyrer som galningar med Zoe ute på taket og ned på panseret i fart! Dette er moro. Så kjem Stuntman Mike og krasjar inn i dei, prøver å vippe Zoe av bilen – og dei siste tjue minutta er ein herleg intens biljakt der Kurt Russell beviser kvifor han er så god: han går frå å vere livsfarleg til ein livredd tulling som får som fortent.

I det minste forlet eg filmen med ein opptur og positiv vibe. Men det er vanskeleg å tilgi. Eg reagerer på same måte kvar gong eg ser han – MIDTVEGS BLIR FILMEN DREPEN AV EGOET TIL TARANTINO. Då Inglourious Basterds kom, gledde eg meg stort! Ein andre verdskrig-film i retning The Dirty Dozen (som eg elska), men sjølv om eg likte filmen, blei eg litt skuffa. For som her, blei filmen «tarantifisert» med uvanleg narrativ, lange scener med smartass-dialog osv. Samstundes er den rekna som hans beste av fleire eg kjenner, men for meg er han ikkje det.

Foto: Dimension Films

Planet Terror vs Death Proof

Planet Terror er utan tvil den overlegne filmen, den som er mest tru mot temaet dei to regissørane sette seg fore å lage. Synd at filmane ikkje blei ein stor suksess. Eg skulle gjerne ha sett ein slik film kome kvart tredje år. Av både Tarantino og Rodriguez. Samarbeidet deira er unikt – vi får kanskje ikkje noko liknande igjen, som desse to og From Dusk Till Dawn.

Til slutt: Kva er det med Tarantino og føter? Eg er så lei av å lese kommentarar om regissørens fascinasjon for kvinneføter – det er jo ikkje noko spesielt!? Det er simpelthen ein ting Tarantino brukar for å signere filmane sine! Her er ingen symbolikk eller djupare meining. Oi, no høyres eg ut som ein hater av Tarantino, langt ifrå! Eg elskar filmane hans, nesten alle. Death Proof er kanskje hans svakaste, men her er mykje gull i han, så eg kastar terningen og den hamnar på ein STERK FIRAR. (KUNNE HA VORE SEKS OM HAN HELDT SEG TIL PROGRAMMET).

Kva syns DU er best av Planet Terror og Death Proof? Sleng ein kommentar under

Death Proof – Foto: Dimension Films

Min anmeldelse av PLANET TERROR

4 Comments

  1. Om eg hadde gått inn hardt med denne haldninga: Ta filmen for det han er, ikkje for det eg vil han skal vere, så hadde så hadde både Basterds og Death Proof vore mykje betre for meg – men eg ønska så inderleg (dessverre) at dei skulle vere noko anna. Men ja, unekteleg at filmane er kul og vanskeleg å mislike. Mange yngre som diggar Death Proof, det likar eg!

  2. Enig i at det er Tarantinos svakeste sammen med Four Rooms, men den er milevis over Planet Terror i kvalitet på alle plan. Tarantino vet hva exploitation er. Rodriguez er en middelmådig filmskaper som tror at det er riper på filmen som gjør at en film havner i exploitation-sjangeren.
    På Basterds hadde jeg de samme forventningene som deg, at det skulle være en Dirty Dozen-film, så jeg var skuffet første gang jeg så den. Men da jeg aksepterte at Tarantino ikke var interessert i å lage en Dirty Dozen-ripoff, har den steget høyere og høyere ved hvert gjensyn i min rangering av filmene hans.

    1. Uenig angåande Rodriguez – men det visste du kanskje frå før. Ja, han har ikkje hatt same strålande filmkarriere som Tarantino, det er eg enig i, men han har sin greie, sin stil som i alle fall eg diggar. Basterds har eg sett to gongar. Har hatt ein plan om å ta eit gjensyn med Tarantinos siste fire som eg har sett kun 1 og 2 gonger. Det blir interessant. Veldig spent på Django og The Hateful Eight. Once Upon a Time in Hollywood var kjempebra, blir godt å sjå den og sjølv om den er fortsatt fersk i minnet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *