The Philadelphia Experiment (1984) Jakta på filmmagi
Eg jaktar alltid på ei heilt spesiell kjensle når eg tek gjensyn med filmar eg hadde eit sterkt forhold til i VHS-tida. Nokre gongar kjenner eg ingenting – magien er borte. Men her, i The Philadelphia Experiment, kjenner eg ei høgfrekvent VHS-ånd. Det handlar ikkje berre om nostalgi. Det handlar om korleis filmen ser ut: kornstrukturen, estetikken, det tekniske handverket og måten forteljinga flyt på.

Dei formative åra og definisjonen på magi
Filmane vi såg i dei formative åra – lat oss seie det første tiåret der film betydde alt – blir med oss resten av livet. Det er då smakssansen blir kalibrert. Det er då vi lærer oss måten å sjå film på.
Og kva er eigentleg det? Eg ser film med kjenslene og mageinstinktet først. Intellektet koplar eg berre inn når det krevst. Eg kjenner folk som ser film med eit reint, kaldt intellekt som einaste prisme. Då krasjar smaken vår fullstendig – med mindre eg medvite skrur på analyse-knappen. Men det er det som er fint med Letterboxd; det viser kor ulike vi er.
David Bordwell og andre tunge filmteoretikarar kan insistere på at alt handlar om regissørens intensjonar og tekniske grep for å oppnå spesifikke effektar. Ja, det er sanninga, men det er matematikk. Det eg snakkar om, er filmmagi. Det er metafysikk, noko overnaturleg som resonnerer i sinnet, noko som ikkje kan forklarast rasjonelt. Det er kunst.
Filmar med 100 % filmmagi er dei som definerte meg: Big Trouble in Little China, The Terminator og Raiders of the Lost Ark. The Philadelphia Experiment når ikkje heilt opp dit, men han ligg på solide 40–50 % filmmagi. Og det er meir enn nok.
Tidsparadoks og 80-talskjærleik
Dette er snop for Stranger Things-fansen. Det er tungt på 80-talsvibbar, analog spenning og science fiction. Året er 1943. Krigen herjar, og ein oppfinnar skal teste ut ny teknologi: eit usynlegheitsskjold for krigsskip. Men noko går gale. To sjømenn blir kasta fram i tid, rett inn i 1984.
Her møter dei Nancy Allen og rare 80-talstrendar som sikkert hadde sjokkert dagens gjennomsnittsmenneske like mykje som det sjokkerte dei. Men medan dei fartar rundt i USA med militæret i helane, dukkar det verkelege problemet opp: Om ikkje det som kom frå fortida blir levert tilbake til fortida, vil verda kollapse i eit tidsparadoks. Stormen kjem, og fortida kallar. Det er «creepy», og det fungerer.

Meir enn berre plott
Filmen har sine problem. At militæret jaktar på Michael Paré og skyt etter han berre for å tvinge inn litt action, kjennest tåpeleg. Men eg ser forbi det. Eg veg andre ting tyngre enn plottfeil og logiske bristar. Det verdifulle her er ein tiltrekkjande sci-fi om tidsreiser, paradoks og umogleg kjærleik mellom ein mann frå fortida og ei kvinne frå framtida. Kjemien mellom den alltid dyktige Nancy Allen og ein heilt grei Michael Paré lyftar filmen.
Det er spesielt éi scene som sit i: Paré ser eit fotografi av far sin og får vite at han døydde for nokre år sidan. Han gret. Det er ei rørande og eksistensiell scene som treffer hardt: Vi har berre ei tilmålt tid på denne planeten. Eit lite hopp fram i tid, og alle vi kjenner og er glade i, er mest sannsynleg borte.
Med ein vidunderleg slutt, scener som minner om Nærkontakt av tredje grad i ørkenen, og ei historie som engasjerer trass i feila sine, er dette eit herleg gjensyn.
TERNINGKAST 4

Andre åttitalsperler? Hurtigkurs i 80s actionfilm