Old Henry (2021): Anmeldelse
Alert, alert, dette er ein special bulletin! Dette var saker! Old Henry er frå 2021, og det er ei stor glede å oppdage slike små perler frå nyare tid. Sett på Netflix US, med VPN. Eg måtte berre skrive ei filmomtale!
Old Henry er ein knall og gritty western, som passar godt å stå i lag med Hostiles (2017) – den undervurderte westernfilmen med Wes Studi, Christian Bale og Ben Foster.
Handling
Tim Blake Nelson spelar ein gamal bonde ved namn Henry. Han bur på garden med sonen sin. Kona ligg gravlagd på bakken ved huset.
Ein dag kjem ein ryttarlaus hest vandrande til huset. Gamle Henry følgjer spora og finn ein halvdaud ryttar, og ved sida av han: ei veske stappa med pengar. Henry pleier han, og ikkje lenge etter dukkar det opp tre ryttarar, tre tilsynelatande sheriffar. Vi skjønar teikninga! Men lest minst mogleg om Old Henry, for her skjer det ting.

Stephen Dorff og Tim Blake Nelson
Stephen Dorff spelar skurken. Eg har overraskande nok fått sansen for Dorff dei siste åra. Han køyrer sitt eige løp utanfor Hollywood og vel roller der han får stråle. Her storpratar han så mykje at dei andre til slutt seier «get to the point», så gleda var ekstra stor då ei kule gjekk gjennom kjeften hans (ingen død eller spoiler!).
Det som er heilt enormt med filmen, er Tim Blake Nelson. Ein spinkel, eldre mann som verkar harmlaus, men vi veit ganske tidleg at han er like farleg som Clint Eastwood i Unforgiven. Eg har lest det er typisk at skodespelerane veljer den kulaste cowboyhatten før innspelinga; her så veljer Nelson den mest ukule cowboyhatt eg har sett i ein western, det er knall! Og det er så godt å sjå eit skikkeleg andlet, med særpreg og ein tynn, naturleg kropp som ikkje er pumpa opp for ein eller annan superheltfilm. Nelson storspelar og bærer filmen noko grossalt – dette er hans film!
Konklusjon
Old Henry er ein liten, minimalistisk western, der mesteparten går føre seg på garden til Henry. Det skal mykje til å lage god film med så enkle kår, men her er alt på stell, frå filmmusikk til filmfoto. Klimakset er knallgodt, og dette er absolutt ein av dei betre westernfilmane frå seinare tid.

Oi, denne har gått meg hus forbi! Den skal sees snarest. Kommer tilbake med min dom deretter.
Spent på å høyre meininga di! Tim Blake Nelson imponerte meg stort.
Kopierer det jeg skrev på Letterboxd:
Dette var en knallbra skjult perle! Den virker enkel og grei i historiefortellinga, men her er det så mye å tygge på og uforventede vendinger som jeg virkelig ikke så komme. Handlingen utspiller seg hovedsaklig på Henry sin gård, men det er noe ved denne enkle settingen som gjør at filmen klarer å holde fokuset på å fortelle en god historie.
Tim Blake Nelson overrasket meg stort. Han spiller så utrolig bra her og bærer filmen. Stephen Dorff som skurk var også god på alle mulige måter.
Filmfotoet, musikken og klippingen imponerte meg kraftig. Og hele den skuddvekslingen er en av de beste jeg har sett i western-sjangeren. Spesielt måten den var klippet på.
Denne scorer sterkt blandt western-favorittene mine!
Legger til litt ekstra her:
En av mine største drømmer er å lage en western-film. Jeg har hatt en idé for en western-kortfilm en god stund nå, men jeg har ikke klart å fastslå historien. Det er vanskelig å få western-tropene til å passe inn med den norske kulturen. Fordi ja, jeg vil lage en norsk «western.» Jeg savner norske periodefilmer som ikke er 2. verdenskrig. Denne filmen er heller ikke noe som ville fungert svært godt om den utspilte seg i Norge på starten av 1900 tallet (eller tidligere for den saks skyld.) Og denne historien er langt ifra det ideen min baserer seg på. Likevel hjalp denne meg veldig med å få en bedre idé på hvordan det faktisk kan løses. Nå ble jeg gira på å få spikra på plass historien og skrevet et manus!
Tusen takk for denne anbefalingen Frank. Jeg storkoste meg med den! En virkelig skjult perle.
Takk for tilbakemelding! Så kjekt å lese! Ah, slutten då teksta kom, filmmusikken som kom – då tenkte eg: kjøpast på vinyl! Alt klaffa her, knallfilm! Eg lurer på om det var Stig Nygård som anbefalte filmen for tre år sidan (om du følger han, sjekk karakter 😀 )
Den aller første filmen eg var med på å lage, der bror var regissør og eg cowboy, var ein western, i 1985. 3 minutt lang, på 8mm. Eg var ni-ti år.
Norsk western er ein god ide! Høyres knall og interessant ut – kjør på!
Tips: Av skandinavisk «western», er eg veldig glad i Nybyggarna og Utvandrarna frå tidlig syttital, av Jan Troell. Terningkast 6 begge filmane.
Jepp dette var en knallfilm! Og som du sier var musikken overraskende bra. Stig Nygård hadde denne på 5 stjerner ja. Ga den 4,5 selv.
Hjemmesnekra filmer er noe av det beste jeg vet. Digga Butcher Bob. Hadde vært veldig gøy å sett hva mer dere har holdt på med igjennom årene!
Tenker å se Nybyggarna og Utvandrarna veldig snart. De har ligget på lista mi altfor lenge. Kanskje de gir meg enda mer inspirasjon!
Nice! Eg har god hukommelse når det kjem til kva folk likar, men utanom film – nope 😀
Kjekt å høyre! Får sjå om vi klarar å få ut meir. Kunne tenkt meg å fått ut «Killing Immortals» som har nokre kjekke actionscener. Og «Hostile Takeover» som er ein Die Hard-kopi, filma på Fosnavåg Rådhus. Om sjefen finn ut korleis å unngå copyright-problemet (filmane har filmmusikk frå Hollywoodfilmar og Youtube er nådelaus så vi får ikkje lagt det ut). Heimelaga film er artig!