Lars von Triers Riget: Sesong 1 og 2
Eg hugsar tv-serien var enormt populær på nittitalet, men eg såg han aldri. Dei som ikkje var gamle nok og gjekk glipp av Twin Peaks, som alle norske heimar fekk dilla på i 1990, fekk ei moglegheit til å oppleve den same magien. For Lars Von Trier er ein enorm Twin Peaks-fan, og det er enkelt å sjå her i Riget.
Sepiatonar på sylskarp skjerm
Korleis er Riget 30 år etter for ein som aldri såg serien? Eg likte han godt! Ikkje på heilt same nivå som Twin Peaks, men dette er heilt klart ein av dei store tv-seriane.
Filmfotoet er skikkeleg videokamera med sepiatonar som skapar ei uhyggeleg stemning. Kanskje dette biletet hadde passa betre på ein mindre TV, og ikkje på min 83-tommars Sony. Uansett var det «rigtig deiligt» foto, no når alt i desse dagar skal sjå sylskarpt ut og gjerne har ein keisam fargepalett.
Svensk overlege og galskap
Min favorittkarakter var Stig Helmer, den svenske overlegen som hatar danskar intenst. Det artige er at han faktisk var den einaste «oppegåande», til trass for sin motbydelege veremåte – og som til slutt blei dregen ned til resten av sjukehusets standard.
Her var det ein fin balanse i sjangermiksen: skrekk, komedie, drama og klassisk såpeopera. Mest av alt var dette ein komedie for meg.
Einar Moesgaard var min neste favoritt, sjefen for sjukehuset. Fullstendig clueless. Det som er så sprøtt, er at det finst Moesgaard-typar på ekte overalt. Skal tru om det var Einar som var inspirasjonen til alle galningane i Torsk på Tallinn og Nissene på låven? Dette er ein slik morosam karakterstudie av personar alle kjenner igjen.

Ein synsk dame og ein ropande baby
Eg hadde aldri førestilt meg at serien skulle bli så galen som han var. Eg såg for meg meir skrekk og drama, ikkje all galskapen som skulle utvikle seg. Tidvis var det ikkje alt som fungerte. Den svakaste karakteren her var overraskande nok levert av Udo Kier, som spelar monsterbabyen som ligg og ropar etter «mor». Det var morosamt i starten, men det var altfor mange scenar med denne galne karakteren.
Elles likte eg veldig godt Drusse, den synske gamle dama. Og dei to oppvaskarane, som hadde ein nydeleg intro-filmmusikk til scenane sine! Krogshøj var ein knallkarakter, spelt så utruleg bra av Søren Pilmark. Losjen til Riget var blant det artigaste, for ikkje å gløyme han sjuke legen som opererte inn ei lever med kreft på seg sjølv – alt for vitskapen! Og medisinstudenten som sprang rundt med eit hovud som han kappa av nede på likhuset. Så herleg!
Konklusjon: Salutt for Lars von Trier
Sjukehuset «Riget» er jo hovudkarakteren. Trier sytte for at eg blei godt kjend med bygget. Eg elska gangane, den eviglange kjellaren, heisen og alle krinklar og krokar. Sjukehusseriar er populære, men eg har verken sett E.R. eller Chicago Hope, så endeleg fekk eg ei slik oppleving.
Jepp, ein knallserie. Hadde eg sett han på nittitalets gylne tid, hadde eg garantert vore ein endå større fan. Her var det så mange gode karakterar, og akkurat min type komedie. Dette er ei oppleving eg aldri vil gløyme, så eg gjev ein salutt til Lars von Trier – LOSJESTIL – og gjer ei rar handrørsle mot nasen. Bravo! (no skal eg vente ei stund før eg ser siste og tredje sesong)
