Filmloftet tek ferie: Tankar om nynorsk, KI-kvalar og ei digital tilbaketrekking
Det har vore mange tankar siste tida, om Filmloftet og kor eg vil hen. No har eg teke ferie frå bloggen, men det har ikkje hindra meg i å sjå masse film likevel. Eg skal i alle fall prøve å trappe ned endå meir. Går eg ein dag utan film, så blir eg rastlaus – det bekymrar meg.
Tilbake til røtene: Eit hjarte som slår på nynorsk
Filmloftet skal vere på nynorsk. Det er no sikkert. Å skrive på engelsk var eit innfall eg fekk ut av grådigheit, med håp om å nå filmnerdar frå kvart eit hjørne av planeten. Det stressa meg… ikkje bra.
Utsjånaden til bloggen skal eg òg sjå på. No har eg testa moglegheiter med bilete skapt av KI – som gjev ei atmosfære eg jaktar etter – men som òg gjer meg veldig ukomfortabel. Eg har studert teikning og måling, samt laga mange heimelaga VHS-filmcover med utklipp frå Topp og filmblad back in the days, som eg kan vekkje til live igjen. Ja, det hadde vore kjekt å stå bak kvart eit ledd på bloggen.
Jakta på estetikken: Neonlys, retrofuturisme og sjølvkritikk
Eg har sett heimesida til filmbloggaren Outlaw Vern, og eg likte den stilen. Det eg har prøvd med desse KI-bileta er å skape ei viss 80-talsstemning, med neonlys og CRT-TV-sjarm. Eg likar veldig godt cyberpunk og kassett-/retrofuturisme frå filmar à la Alien og Outland – noko slikt kunne eg ha tenkt meg.
Eller den 100 % heimelaga stilen, der eg som sagt teiknar sjølv eller brukar eigne fotografi. Problemet her er den sjølvkritiske hjernen min – som aldri er nøgd med det eg lagar (to år på kunstfagskule lærte meg det om meg sjølv) og vil nok irritere meg kvar gong eg går inn på bloggen.
Å bruke illustrasjonar frå andre kan eg ikkje, for eg har ikkje råd til slikt. Ergo vart KI den kjappe løysinga. Det er då snakk om nokre illustrasjonar i artiklar og bakgrunnsbilete oppe på kvar meny. Men dette er òg som sagt ukomfortabelt, for eg veit der er så mange som får avsmak – og det vil eg helst ikkje!



Farvel til den sosiale støyen
Eg har òg bremsa på Bluesky. Sosiale medium er ikkje bra for meg, psykisk. På Letterboxd skriv eg no på engelsk for å teste det, men sanninga er at eg er lei av Letterboxd også. Draumen min er faktisk å sleppe alt og la Filmloftet vere den einaste staden der eg er tilkopla det vide nettet. Eg treng eigentleg ikkje meir enn det, og kjentfolk kan nytte prateveggen der (om saknet blir for stort, hehe).
Så no er eg inne i ein viktig prosess, og ei pause slik at eg klarar å tenkje klart. Det hjelper å ta pausar. Eg skal klare å trappe ned på film òg. Då tenkjer eg at forma vil kome tilbake, saman med gleda og lidenskapen.
Inntil då, ha ein knall sommar! Skriv gjerne i kommentarfeltet 🙂
Sosiale medier er noe herk. Du har helt rett der! Støtter denne avgjørelsen du har tatt. Jeg kommer til å følge med på bloggen. Er veldig fan av det du skriver.
God sommer!
Takk, kjekt å høyre. Er fan av det du skriver også, og skal følge godt med på din blogg! Sosiale medier, det er noko herk ja, i alle fall for meg. Eg vil blogge om livet utan Letterboxd, for her er mange tankar som må ut etter kvart. God sommar! 🙂