Opphavet til Filmloftet
Det har no gått tre år sidan eg blei sjukmeldt på grunn av ei klyse med årsakar eg ikkje skal gå i detalj på, anna enn at det er snakk om psykisk sjukdom. Kva eg snakkar om hos psykologen skal eg ikkje dele her, men eg må skrive litt om denne delen av livet, for det er sjølve opphavet til Filmloftet. Det var psykisk sjukdom som leia meg inn på filmvegen igjen.
Frå cirka 2016 til 2022 var film ein veldig liten del av livet mitt – eg såg rekordlite film! For å finne den førre store epoken der eg kjøpte mykje film og investerte tid i sjåing, må eg heilt tilbake til 2000-talet. På åtti- og nittitalet var eg på mitt aller mest filmfrelste, men vaksenlivet kom og ting går som dei går. Iblant fekk eg eit stort filmbehov, som kom og gjekk i periodar.
Men desse åra før 2023 var statistisk sett den mest filmfattige æraen i livet mitt. Då verda mi rasa saman og eg måtte stille meg på sidelinja av samfunnet, skjedde det noko eg må dele. Eg var langt nede i den mørkaste kjellaren, og eg ringde «Rask psykisk helsehjelp». Eg snakka med ei kvinne og sa: «Eg lyttar ikkje lenger til musikk, og eg ser ikkje film, for eg får inga glede av det.» Men ho svara: «Sjølv om det ikkje gir deg noko no, så MÅ du gjere det, for du er deprimert – gi det tid.» Noko i den duren.

Filmterapi og møtet med frykta
Eg lytta til henne. Takk vere henne byrja eg å sjå film igjen. Dette var ein avgjerande samtale eg har tenkt mykje på i ettertid, og som eg er så takksam for. Så eg sette på filmar. I starten kjende eg stor motstand, men gradvis kom den gamle filmkjensla tilbake. Rundt februar 2023 tok eg plasten av alle John Carpenter-filmane mine på Blu-ray og såg éin kvar dag – det gav meg ein eksplosjon av filmglede. Etter Carpenter gjorde eg det same med Akira Kurosawa. Eg hadde samuraiboksen i samlinga, som stod der og støva ned; eg slengte dei på og fekk nok ei filmfrelse.
Dette var, enkelt og greitt, filmterapi. Eg byrja å grave på nettet rundt denne terapien og kom over nokre artiklar om skrekkfilm som behandling mot angst. På åtti- og nittitalet elska eg skrekk. Men då eg kom i førtiåra fekk eg ei frykt for skrekkfilmar – relatert til psykiske problem – der nervane mine rett og slett ikkje takla skumle saker. Då The Conjuring kom, såg eg han åleine på 1. nyårsdag. Eg blei eit nervevrak utan like og heldt meg langt unna sjangeren vidare. Den filmen sette eit punktum for skrekksjåinga.
Men etter Carpenter og denne granskinga byrja eg forsiktig å sjå skrekk igjen. Det starta med Carpenter sine: Halloween, Prince of Darkness, In the Mouth of Madness, Christine, The Fog – og så gjekk eg vidare til alle skrekkfilmar gitt ut på 2010-talet og framover. Det handla om å møte skrekken! Og det er eigentleg logisk: Om du utset deg for det du fryktar mest, vil du med tida vinne over frykta. Eg er i alle fall ikkje redd for skrekkfilm lenger – eg saknar nesten frykta!!!

Oppturen og krasjlandinga på sosiale medium
I første kvartal av 2023 såg eg film og skreiv filmdagbok – FOR HAND! Slik eg gjorde i gamle dagar. Eg gav karakterar, skreiv litt, og så vidare. Sosiale medium var ute av livet mitt: Facebook var sletta, Instagram var kjedeleg og algoritmestyrt. Twitter? Nei, det testa eg ein liten periode i 2010 og hadde sidan gløymt det. Men eg gjekk heime åleine – kona var på jobb, og eg sat her tungt neddopa på antidepressiva og sovemedisin som ikkje er sovemedisin (Quetiapin). Eg hadde ikkje krefter til å besøkje vener, knapt nok til å ringje nokon.
Til påska 2023 reaktiverte eg min gamle Twitter-konto. Eg var desperat etter å prate om filmopplevingane mine! Men anonymt, der ingen visste kven eg var. Twitter fungerer som ein miniblogg, og om nokon svarer, krevst det ikkje eit augeblikkeleg svar – litt som langdistansesjakk med ei vekes responstid. Dei første månadene delte eg om film og hadde eit avslappa forhold til plattforma. Gradvis blei eg kjend med den eine filmfrelste etter den andre frå rundt om i landet. DET VAR KJEKT.
Diverre var dette perioden då Twitter blei kjøpt opp og omgjort til X. Støynivået gjorde at det blei naturleg å hoppe over til redningsbåten Blåskya, saman med fleire andre filmflyktningar. Sidan har livet på sosiale medium gått sin gong, men det kom til eit punkt no dei siste vekene der eg kjenner på stagnasjon. Eg oppdaga at eg var aktiv overalt: på Blåskya, Letterboxd, Instagram, Threads og her på bloggen. Eg heldt til og med på å planleggje podkast og YouTube-kanal.

Anten eller
Kva skjedde!? Eg gjekk frå å poste små meldingar om film til å starte opp tre filmbloggar, to Letterboxd-kontoar og fullt køyr på sosiale medium. «Anten eller», klassisk meg. Det er sånn med meg: Anten gjer eg det 100 %, eller så gjer eg det ikkje i det heile. Dette er ein del av sjukdomen.
Nokre fordelar har det rett nok hatt. Eg har halde meg oppteken. Før kunne eg knapt skrive – no skriv eg kvar dag, heile tida tankar som må ned. Eg var veldig svak i nynorsk, men no har eg blitt mykje betre, og eg jobbar litt og litt med nynorskbøkene eg har framfor meg her. Å skrive om film har eg lært meg; eg er langt ifrå der eg vil vere, men mykje betre enn då eg starta i 2023. Eg har møtt fantastiske folk på reisa og hatt mange gode samtalar der eg har lært mykje om meg sjølv. Og eg har sett MYKJE bra film, og endå fleire DÅRLEGE, men som sagt: Dårlege filmar har sin verdi dei òg.

Når filmen blir ei unnskyldning for snacks
Men denne stagnasjonen i meg sjølv, og at eg oppdaga at eg var avhengig av sosiale medium, er ikkje bra. Det blei brukt for mykje tid på både film og tvitring. Skal eg sitje sånn kvar dag resten av livet, skrive om film og vere superaktiv? Eg blei deprimert av tanken. Film har vore til god hjelp mentalt, men eg sat fast og klarte ikkje å sjå vegen vidare. Og eg hadde eit stort problem: vekta – som no låg på 105 kg.
I januar 2023 var eg 83 kg. I januar 2026 var eg 105 kg. Kvifor? Fordi eg har ete potetgull, sjokolade, Nugatti, pizza og drukke brus nesten kvar dag i tre år. Hadde eg ikkje gått dei tre turane mine per dag med hundane, hadde eg vore 120 kg. No er det helsa som gjeld, og eg bremsar hardt på filmfronten – det vil seie å slutte med sosiale medium og sjå mindre film!
Frå eg var liten fekk vi snacks til laurdagsfilmen. Den vanen har følgt meg heile livet: Snacks i lag med film er som ketsjup på pølsa, eller sukker på grauten – utenkjeleg å ikkje kombinere. Kona observerte meg: Eg kjøpte potetgull og brus, sette på ein film og åt snacksen. Så snart eg var ferdig å ete, slo eg av filmen. Dette har skjedd fleire gonger, og då kan ein jo lure på om eg ser film berre for å kunne ete godteri, for eg rører ALDRI snacks utanom filmen.

25 dagar utan!
No har eg vore 25 dagar utan potetgull, sjokolade, brus eller snacks. Vekta er 100,3 kg. Eg har sett film, hatt eit enormt sug etter snacks, og kjempa hardt mot ein vane som har vore med meg heile livet. No er eg 50 – om eg fortset slik eg har gjort, hadde det ikkje gått lang tid før realiteten hadde slått meg i trynet i form av eit hjarteinfarkt. Så eg må faktisk kutte POTETGULL resten av livet, for eg er «anten eller».
Dette veit eg av erfaring, for eg hadde det same problemet med alkohol. Eg var hard på flaska og kunne drikke enorme mengder. Det kom til eit punkt i 2014 der eg stod på terskelen: anten stoppe, eller bli fullblods alkis resten av livet. Så eg stoppa, med god hjelp frå kona. Og no må eg gjere det same med snacksen – all denne usunne skiten som eigentleg ikkje smakar godt ein gong, men som blir eten fordi eit eldgammalt program i skallen utfører ei handling av rein vane.

Kaizen: Vegen vidare
Det same gjeld sosiale medium – eg drikk meg full på det, og det er ikkje sunt for meg. No har eg sletta Instagram, Threads og Bluesky – alle saman, bortsett frå Letterboxd, frå telefonen. Eg avvender meg. Eg skal ikkje slette kontoane på Blåskya eller Letterboxd heilt, men eg vil prøve å finne balansen etter at avvenninga er over.
Eitt mål framover er å dra på treningssenter éin gong i veka for å sykle og gå på tredemølla – å aktivere kroppen igjen. Eg gjer det så gradvis at eg knapt merkar at «eg har byrja å trene». Det finst ein japansk filosofi eg likar som heiter Kaizen. Han handlar om å gjere små, 1 %-forandringar i livet, der ein innarbeider sunne livsstilsvanar så gradvis at ein knapt merkar det.
Til dømes: Ta éi armheving, det er alt. I veke to eller tre, ta to armhevingar. Les éi side i ei bok, auk til to sider – eller berre eit avsnitt, og auk sakte. Alle gode ting kan gjerast slik: Teikn i nokre minutt, mål eitt penselstrøk, skriv nokre få ord, spel på pianoet i berre eitt minutt. Litt etter litt, og år etter år, blir denne sunne vanen ein integrert del av livet ditt, og du slepp dette med å «kjøpe treningskort i januar, trene som ein galen og slutte etter ein månad», slik mange gjer – inkludert meg sjølv, gjennom store delar av livet.

Målet vidare
På denne måten kjenner eg at eg får null motstand mot å gjere det! Vi finn ut av ting etter kvart, på våre eigne måtar. Dette fungerer for meg. Målet mitt framover er å bli sunn; helsa über alles! Eg skal framleis skrive om film, men sjå mindre film. Det er mykje som skal på plass, og ting som skal avklarast hos psykolog og legar. Men film kan eg skrive om sjølv om eg ikkje ser han akkurat no, rett og slett fordi eg har brukt så mykje av livet mitt på det.
Filmloftet er ein god plass for meg, ein heim på internettet der eg kan vere resten av livet.
