Sam Neill

Sam Neill 1947–2026

Hjartet mitt sakk då eg vakna til nyheita om Sam Neill sin død. Eg trudde han var på betringens veg etter kampen mot kreften. Dette er frykteleg trist.

Sam Neill har vore med meg sidan åttitalet. Først i Omen III: The Final Conflict. I filmen Dead Calm var det eg verkeleg la merke til han, saman med Billy Zane og Nicole Kidman – ein stor favoritt frå denne tida. Så var eg på kino og såg han i lag med Sean Connery, Alec Baldwin, James Earl Jones, Scott Glenn og andre store skodespelarar i The Hunt for Red October.

Men då han var stjerna i Jurassic Park, mogleg nittitalets beste film, fall eg pladask slik eg fall pladask for Harrison Ford som Indiana Jones. Akkurat no er det John Williams sin filmmusikk frå filmen eg høyrer på medan eg skriv, for eg måtte berre skrive nokre ord om godaste Sam Neill.

Sam Neill
In the Mouth of Madness (1994)

Galskap og utspekulerte prestar

For å sjå kor allsidig Sam Neill er i skodespelet sitt, sjå In the Mouth of Madness (1994). Her jobba han med favorittregissøren min, John Carpenter. Eg elskar filmen på grunn av Neill, og måten han går ned i galskapen på. Her kan eg like gjerne nemne ein annan film som eg først såg dei siste åra: Possession (1981), der han spelar ENDÅ MEIR galen. I lag med Isabelle Adjani har han ein glitrande, heilsprø kjemi i den galnaste skrekkfilmen eg har sett – eit lite meisterverk av ein film!

The Piano frå 1993 var eg òg stor fan av. Så dukka han opp i endå ein skrekkfilm: Event Horizon frå 1997. Den dag i dag elskar eg filmen, med alle sine svakheiter. Men dette er sci-fi-grøss på sitt beste, og filmen hadde ikkje fungert utan Sam Neill, som gjev det vesle ekstra. Det er det Neill gjev filmane: ein heilt eigen kvalitet av klasse.

Possession (1981)

Eg elskar Sam Neill i tv-serien The Tudors, der han spela Thomas Wolsey, kong Henry VIII sin rådgjevar. Her har han raud prestedrakt og er ein ganske så utspekulert, grådig mann, som henta rett frå Game of Thrones. Eg enda opp med å kjøpe Blu-ray-boksen av heile serien.

Eg likte også Hunt for the Wilderpeople frå 2016. Ei lita perle frå New Zealand, Sam Neill sitt heimland.

Eit trist gjensyn

No må eg tenkje på kva film eg skal sjå av han i kveld. Event Horizon står klar for gjensyn, men høver kanskje ikkje heilt for dagen. Eg tenkjer det blir Dead Calm – Terror om bord, som han heitte på norsk. Dette er ein trist dag.

Eg er takksam for gleda Sam Neill har gjeve meg i førti år.

Event Horizon (1997)

6 Comments

  1. «Dinosaurs and man, two species separated by 65 million years of evolution have just been suddenly thrown back into the mix together. How can we possibly have the slightest idea what to expect?»
    Jurassic Park
    Eller hva med Event Horizon
    «Where we’re going, we won’t need eyes to see.»

    En stor skuespiller vil bli savnet.
    Likte han utrolig godt i alle rollene han var i fra filmer som A Cry in the Dark, Memoirs of an Invisible Man der han jobbet for andre gang med den store Carpenter.
    Kult filmen Sirens og ikke å glemme hans tidilgere action film Attack Force Z.

    Alltid trist når slike skuespillere går bort fordi det gir filmene et helt annet preg når en ser dem igjen.

    «would like to have seen Montana.»
    ( the hunt for red october )

    1. A Cry in the Dark, den gløymte eg å nemne! Huskar vi digga den, og Oscaren året etter. Ja, Sirens også – ein av desse små nittiperlene. Såg ikkje ej og du «Hunt for red october» på kino ilag? Syns å huske det. «Memoirs of an Invisible Man» huska ej såg på kino i Ulsteinvik kor kinomaskinist satte inn inn feil filmrull og visste oss slutten før lyset kom på og filmen blei satt på frå start, he he.

      Sam Neill vil bli sakna stort.

      1. joda the hunt for red october såg vi sammen på kinoen i herøy ..slik som dei fleste filmane som kom på storskjerm .vekas høgdepunkt var kinodagen..
        trur det va Dead Calm so fekk opp auga mine for den skuespilleren han var.
        Genialt trekk å berre ha tre karakterer i en film og skape so masse drama, spenning og holde handlinga heile tida fokusert.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *